Lita skrift

Vesker

Publisert

– Når kjøpte du veska di, mamma?

Eg har fått spørsmålet mange gongar før, og no skal også de få svaret. For den veska eg nyttar oftast, kjøpte eg i 1995, då eg var 17 år og var så heldig å ha fått jobb i ein kjedebutikk som selde vesker, koffertar, paraplyar, lommebøker, toalettmapper og slikt. Det var ein typisk midtsjiktbutikk, som ikkje selde designvesker, men heller ikkje plastvesker som går sund så snart du opnar glidelåsen. Det var her eg lærte å elske lukta av lêr, og skilje godt materiale frå dårleg. Dei dyraste veskene stilte vi fram på dei øvste hyllene. Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har stilt meg opp på ein krakk, teke ned ei duftande veske og opna rom for rom for å vise kor nyttig ei slik veske ville vere for kunden.

Sjølv forelska eg meg i ei lita brun skinnveske, heilt firkanta, med fire rom og messingfarga spenne. Ho kosta 1200 kroner, og fordi eg jobba der, fekk eg 30 prosent rabatt. Eg syntest det var mykje pengar. Kvar gong eg kom på jobb, snudde eg og vende på veska, lurte på om ho var verd det. Til slutt drog eg kortet, og veska var mi.

I fleire år hang veska i eit hjørne i skapet, lite brukt. Så henta eg ho fram att. Ho romma akkurat ein stor mobiltelefon, betalingskort og nøklar. Eg bruker ho nesten kvar dag, og igjen og igjen spør dottera mi kor ho kjem frå, kva ho kosta. Kvifor jobbar eg ikkje i den butikken lenger?

Også dottera mi har ei lita, brun skinnveske.

– Kor kjem ho frå, mamma, spør ho.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement