JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Verksemda Staten

Felles for dei fleste forsøk på å få menneske utanfor arbeidslivet inn att, er at dei ikkje fungerer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Finansminister Siv Jensen, statsminister Erna solberg og kulturminister Trine Skei Grande opnar oppstartskonferansen for Inkluderingsdugnaden, eit felles samfunnsoppdrag for å få fleire i arbeid.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

3111
20181116
3111
20181116

Året før verbet «nave» vert kåra til årets nyord av Språkrådet, sit eg ved kjøkenbordet heime. Tastaturet knitrar som ei haglbye, eg er på jobbsøknad nummer fire og knappane har truleg forstått at dei må halde seg fast. Men brått stilnar bya. I søknadsskjemaet står det «Kryss av dersom du har ei funksjonshemming eller har nedsett funksjonsevne», etterfølgt av ein knøttliten boks til å setje krysset i. Eg ser ned på høgrehanda mi. Litt for kort, ser litt rar ut, manglar ein finger.

– Er ein funksjonshemma om ein ikkje kan spele basketball, spør eg ut i lufta.

Eg fniser av meg sjølv, lèt vere å krysse av og lurar på kva denne vesle boksen potensielt ville gjort med søknaden min. Og eg satsar på at dei som treng å setje kryss, og som vert prioriterte, har større plager enn meg.

Større plager, som kroniske smerter og psykiske plager, er hovudårsaka til at unge menneske er lenge sjukmelde og vert uføretrygda i Noreg. Nesten ein halv million menneske står i dag utanfor arbeidslivet, ifølgje NRK i år. For om lag 85 prosent av desse er årsaka dårleg helse. Og felles for tiltaka som skal hjelpe dei i arbeid, er at dei ikkje fungerer, ifølgje forskning.no førre veke. For tiltaka har ofte lite med ordinært arbeidsliv å gjere, meiner psykolog og professor ved Universitet i Oslo, Silje Endresen Reme. Ho arbeider med Individuell jobbstøtte (IPS), ein ny modell. Jobbsøkjaren skal få hjelp heile vegen: ut i ordinært arbeid, med ordinær løn, med éin gong. Deretter får søkjaren oppfølging medan han er i arbeid.

Eg kjenner munnvikane smyge seg oppover, og eg hugsar ei TV 2-sak som nesten gav meg vondt i armane av rein sympati for eit år sidan: «Line (27) står fast i NAV-systemet – spar grus for 13.000 kroner i måneden».

Men, tenkjer eg, vil ein i arbeid, men ikkje fungerer etter standarden, må det ikkje då òg vere mogleg å jobb? For det er prova at eit NAV-tiltak gjer at ein hamnar nedst i søknadsbunken. Ein er ikkje attraktiv for arbeidsgjevaren, sjølv ikkje i det offentlege. Tendensen viser nemleg at staten ter seg meir og meir som ei verksemd, og ho vil ha dei mest kvalifiserte søkjarane, ifølgje seniorforskar Knut Røed ved Frischsenteret. Då har ikkje dei som står utanfor, ein sjanse.
Eg himlar med auga så dei forsvinn bak i skallen og fantaserer fram to kranglevorne born i ein sandkasse: «Du har bøtte, men ikkje spade. Då kan du ikkje grave fort nok. Du får ikkje vere med!»

Men Røed meiner at skikkelege satsingar for å få folk inn att i arbeidslivet, fungerer, sjølv om dei kostar. Og ifølgje Silje Endresen Reme vil IPS-tiltaket løne seg alt etter tre år, sjølv om dei fleste ikkje arbeider 100 prosent.

Eg ser på avkryssingsboksen i eit nytt jobbsøkjarskjema og lurer på om ikkje det trengst ein ny avkryssingsboks: «Set kryss dersom du for alt i verda vil ut i varig, lønt arbeid med den arbeidsevna du har».

Mone Celin Skrede er frilansjournalist og fast skribenti Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Jobbsøkjaren skal ut i ordinært arbeid, med ordinær løn, med éin gong.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis