Krig
Verkelege og uverkelege flyreiser
Kva ukrainsk flyplass vil gjenopne først?
Diplomatar samla i Terminal D på den internasjonale flyplassen Boryspil i Kyiv, kvar med sitt boardingpass til «Ukrainian Peace Formula». Flyplassen har vore stengd for trafikk sidan russarane invaderte 24. februar 2022.
Foto: Presidentkontoret i Ukraina
Kvar gong det kjem ei bølgje av pessimisme i det ukrainske samfunnet, dukkar spørsmålet om flysamband med resten verda opp i media. Og no, etter artiklar som analyserer årsakene til den mislukka motoffensiven i sommar, seier politikarane igjen at Ukraina er i ferd med å opne for sivil luftfart.
Denne gongen kunngjer representantar for presidentkontoret at Boryspil internasjonale flyplass i Kyiv er den første som skal setjast i drift. Rett nok inneheld erklæringa ei setning om at flyplassen berre skal vere verksam når sivil luftfart er 100 prosent trygg. Dette utset opninga av flyplassen i det uendelege.
Sist media diskuterte ny oppstart av flytrafikken, var innhaldet både meir optimistisk og meir pragmatisk. Ekspertar vurderte dei tryggaste flyplassane i Ukraina og meinte at ein av dei kunne ta til å fungere utan at ein trong vente på at krigshandlingane skulle ta slutt.
Flyplassen det gjaldt, ligg lengst vest i Ukraina – i byen Uzjhorod. Der endar rullebanen rett ved grensa til Slovakia, og så snart flya forlèt rullebanen, er dei i luftrommet til EU. Ved landing kjem flya frå EU og direkte inn til ukrainsk territorium.
Da vi budde i Uzjhorod som internt fordrivne flyktningar for over eit år sidan, såg vi mange små fly lande på flyplassen der. Sjølvsagt var ikkje desse flya vanlege passasjerfly. Men faktum står fast: Flyplassen var i stand til å bli driven, og dei tilsette var ikkje oppsagde alle som ein, slik tilfellet var med flyplassane i andre ukrainske byar.
Her om dagen inviterte sjefen for det ukrainske presidentkontoret, Andriy Ermak, akkrediterte diplomatar i Ukraina til eit møte ved hovudflyplassen i Ukraina, Boryspil. Invitasjonane til ambassadørane vart sende i form av ombordstigingskort, der «Ukrainsk fredsformel» stod som landingsflyplass.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.