Samfunn

Verdikommisjonen og det nye Noreg

Statsminister Kjell Magne Bondeviks verdikommisjon mislukkast, ikkje på grunn av individuell inkompetanse, men på grunn av eit tidsskifte i landets historie.

– Verdikommisjonen var berre byrjinga, sa statsminister Bondevik i nyttårstalen 2002. I staden var det enden kommisjonen varsla, at kristendommen hadde lidd nederlag som sjølvsagd fellesverdi i Noreg.
Publisert Sist oppdatert

Eit av dei viktigaste brota i nyare norsk historie er skiftet i statsbyggingsideologien til den norske staten. Etter å ha knytt seg til ulike variantar av nasjonalisme frå det nasjonale gjennombrotet på 1800-talet, ført vidare ved det sosiale gjennombrotet i fyrste halvdel av det 20. hundreåret, slo norske regjeringar dei siste tiåra av det 20. hundreåret inn på ei ny line der ideologien til staten eksplisitt ikkje skulle knytast til nasjonale idear og tradisjonar, men heller vera ein nøytral instans overfor landets ulike religionar, kulturar og tradisjonar. Den nye statsbyggingsideologien vart formulert i samsvar med ideala om eit moderne multikulturelt samfunn.

I kjølvatnet av debatten om boka Det internasjonale gjennombruddet har det vorte hevda at denne politikken var resultat av ein løynd masterplan. Det var ein slags konspirasjon mot det norske folk, sett i scene av «eliten».

Sjølvsagt fanst det politiske og økonomiske krefter som av ei rad årsaker søkte å endra europeiske samfunn i ei slik retning. Men poenget mitt er at norske politikarar generelt snarare ikkje forstod fundamentale konsekvensar av den politikken dei slo inn på, importert som han var, opphavleg frå Canada og Australia, men via Europa og Sverige til Noreg, og mest ikkje diskutert offentleg i dei tiåra han vart styrande for politikken til staten.

Lagnaden til Verdikom­misjonen, eit av dei mest diskuterte politisk-normative initiativa i nyare tid, sett ned av Bondevik I-regjeringa i 1998 og avslutta i 2001, avdekte ei av dei mest fundamentale fylgjene av denne politikken.

Visjonen til Bondevik

Verdikommisjonen var opphavleg meint som ein freistnad frå Bondevik-regjeringa på å finna fram til og ta vare på eit felles verdigrunnlag for Noreg som samfunnsmessig fellesskap i det statsministeren skildra som ei omskifteleg tid. Bondevik ynskte å få stadfest at dei norske fellesverdiane eigentleg var kristne verdiar, og at denne kulturarven måtte forsvarast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement