Verdiane blæs vekk

Vindkrafta legg att lite verdiar lokalt. ­Kommunar har ingen grunn til å seie ja til vindkraftutbygging i dag, meiner økonomiprofessor Øivind Anti Nilsen.

Mindre enn halvparten av vindkrafta er i dag offentleg eigd, medan den utanlandske eigarskapen er på heile 49,2 prosent og aukande.
Mindre enn halvparten av vindkrafta er i dag offentleg eigd, medan den utanlandske eigarskapen er på heile 49,2 prosent og aukande.

Lønsemda i vindkraftbransjen har gått opp dei siste åra. Straumprisane har – inntil i år – vore høge, og vindkraftteknologien har gått gjennom ei stor utvikling, slik at investeringskostnadene har gått ned.

Medan ein vindturbin på land kosta rundt 15 millionar kroner per megawatt i 2009, var kostnaden halvert, til mellom 7 og 8 millionar kroner per megawatt, i 2019. Det går fram av ein rapport Thema Consulting Group har laga på oppdrag frå Norwea, interesse- og bransjeorganisasjonen som arbeider for å fremje norsk fornybar energiproduksjon.

I tillegg har ordninga med grøne sertifikat sikra vindkraftinvestorar ei stabil avkasting.

Statnett skriv i langtidsanalysen for kraftmarknaden frå 2018 til 2020 at det kjem til å vere lønsamt å byggje vindkraft i Noreg dei neste ti åra òg, utan subsidiar. Og ifølgje Olje- og energidepartementet kjem vindkraft framover til å vere den kjelda til fornybar energi som er rimelegast å byggje ut.

For Noregs største private utbyggjar av vindkraft har utbygginga alt teke til å løne seg. Selskapet Norsk Vind Energi hadde i 2018 eit resultat før skatt på over 300 millionar kroner. Derimot er det stor misnøye med kva vindkraftutbygginga så langt har lagt att av verdiar lokalt. Det går fram av innspela Olje- og energidepartementet har fått til arbeidet med ei ny stortingsmelding om konsesjonssystemet for vindkraft på land.

Vil ha meir att lokalt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement