Kommentar

¿ Verda vi kjende, er borte

Samfunnsendringane er alt i eit omfang og ein karakter som vil gjere det van­-skeleg – om ikkje uråd – å returnere til verda slik vi kjende henne før covid-19.

Eit kjent bilete frå då første verdskrigen braut ut. Austerrikske erkehertug Franz Ferdinand og kona Sophie på veg ut i bilen minutt før dei vart drepne i Sarajevo.
Eit kjent bilete frå då første verdskrigen braut ut. Austerrikske erkehertug Franz Ferdinand og kona Sophie på veg ut i bilen minutt før dei vart drepne i Sarajevo.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Spenning og samspel mellom det globale og det nasjonale forma framleis verda. Gamle verdsrike fall. Nye voks til. Varer, menneske, kapital og tankegods spreidde seg nærast fritt på tvers av nasjonale grenser. Effektive handelsvegar og moderne kommunikasjon gjorde den kjende verda større. Nyhende og informasjon vart formidla i eit tempo ein ikkje hadde sett tidlegare. Tankar i tida var nært knytte til trua på framsteg og menneska si evne til å erobre stadig nye skansar. Menneske, særleg dei som stod på globaliseringa si solside, såg gjerne på seg sjølve som verdsborgarar.

Avsnittet over er ei stilisert skildring av tida fram mot 1914. Skildringa kunne gjerne òg ha vore treffande for vår eiga tid. Kanskje ikkje akkurat i dag, men for nokre månader sidan, før covid-19-viruset kom og sette verda slik vi kjenner henne, på vent.

Første verdskrigen

I møte med store kriser eller ulykker grip ein gjerne til fortida. Eit forlis vert gjerne samanlikna med «Titanic», uvêr med nyttårsstormen i 1992 og finanskrisa i 2007–2008 med krisene i 1987 eller 1929. Sagt med andre ord: I møte med det ukjente søker vi ofte meining og forståing i noko vi kjenner frå før.

Covid-19-pandemien har vist seg som eit ekstremt sjokk for ein tett integrert, globalisert og sårbar verdsøkonomi. Som økonomiske historikarar ser vi nokre klare parallellar mellom verda rundt oss og utbrotet av første verdskrig i august 1914. Her heime møtte folk krigsutbrotet ved å hamstre i panikk. Stappfulle handlevogner og lange polkøar dei siste vekene finn sine motstykke i skildringar frå 1914, om korleis ein familie kjøpte inn 300 brød og eit barnlaust ektepar fylte bustaden med barnemat.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement