Landbruk
Klimatiltak i kuvomma
Planen er klar: Den norske kua skal få fôr som får henne til å rape mindre. Men ein del bønder protesterer. Dei fryktar å tape både pengar og omdømme.
Gardbrukar Kim Viggo Weiby har testa metanhemmarar i fôret til bestninga av tirolar gråfe. Han har tru på at bøndene skal kunne kutte i metanutsleppa gjennom fôrtiilskot, avl og smart beite.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Sola skin, beitemarkene er grøne, og ein flokk kyr ligg og døser på toppen av ein ås. Sommaren har vore våt, varm og gardsvennleg på Enebakkneset, som ligg på austsida av innsjøen Øyeren, i Lillestrøm kommune.
Her driv Kim Viggo Weiby ein gard med 50–60 ammekyr saman med ektemannen. Dei driv primært med avl, men også kjøt, som dei sel frå eigen gardsbutikk. I tillegg kjem produksjon av gras og korn. Med alle dyr talde – kviger, ammekyr, oksar og kalvar – vert det om lag 120 av dei på beite om sommaren. Gardbrukarane har satsa på rasen tyrolar gråfe, som er mykje brukt som mjølkeku i Austerrike.
Weiby nikkar mot flokken med eit smil om munnvikene.
– Dei er rare. Dei har det finaste beitet her nede, men så går dei opp til toppen med mykje mindre beite, og legg seg der. Eg trur det er på grunn av vinden. Det vert varmt for dei, og så liker dei å liggje der oppe, på toppen.
Der kan dei liggje og tyggje drøv. At kyr har fire magar, er barnelærdom. At dei gjer gras til kjøt, likeins. Nesten like kjent har det vorte at kua, som ein del av fordøyinga, slepper ut klimagassen metan gjennom promp og, særleg, rap.
Kua vert ofte framstilt som eit klimaproblem. Landbruksorganisasjonane vil teikne eit anna bilete: Kua er ein del av løysinga. Ikkje berre gjer ho gras til kjøt. Ho kan også gjere det med mindre utslepp enn før. Og i klimasamanheng skil kyrne på Enebakkneset seg frå dei fleste andre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.