Verda må slutte å bruke kol. Kvifor er det så vanskeleg?HANOI, Vietnam – Kol, brenselet som dreiv industrialderen, har ført planeten til randa av katastrofal klimaendring.

HANOI, Vietnam – Kol, brenselet som dreiv industrialderen, har ført planeten til randa av katastrofal klimaendring.

Importert kol vert lossa i hamnebyen Lianyungang i Jiangsu-provinsen i Kina 26. juli 2018.
Importert kol vert lossa i hamnebyen Lianyungang i Jiangsu-provinsen i Kina 26. juli 2018.
Publisert

Vitskapsfolk har gong på gong åtvara mot dei trugsmåla dette representerer, seinast for kort tid sidan da ein stor vitskapleg rapport utarbeidd av 13 amerikanske regjeringsorgan konkluderte med at klimaendringane kan øydeleggje 10 prosent av den amerikanske økonomien ved slutten av hundreåret om det ikkje vert sett i verk monalege tiltak for å tygle oppvarminga.

I oktober kom ein rapport frå FNs vitskapspanel for global oppvarming som melde at om ein skal unngå dei verste skadane på internasjonalt nivå, vil krevje ei radikal endring av verdsøkonomien i løpet av få år.

Sentralt i denne endringa står det å kvitte seg med bruken av kol – og det snøgt.

Og likevel, tre år etter Paris-avtalen, der leiarane i verda lova handling, er det ingen teikn til at kol vil forsvinne. Sjølv om det er sjølvsagt at bruken av kol vil minske i heile verda til slutt, ser det ikkje ut til å skje fort nok nokon stad til å hindre dei verste verknadene av klimaendringane, ifølgje den siste vurderinga frå Det internasjonale energibyrået. Førre året auka faktisk den globale produksjonen og bruken etter to år med nedgang.

Kol er billig, det er mykje av det, og det er den mest forureinande av alle fossile energikjelder. Likevel er kol framleis den største kjelda til produksjon av elektrisitet i heile verda, sjølv om fornybare energikjelder som sol- og vindkraft snøgt vert billigare. Snart kan det bli slik at kol ikkje lenger gjev økonomisk meining for tilhengjarane.

Så kvifor er det så vanskeleg å slutte med kol?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement