– Venstre gjer Frp ei teneste

Åtaket frå Abid Raja gjev Siv Jensen og regjeringsdeltakinga auka støtte internt i Frp og svekkjer Venstre meir enn Frp, meiner Asle Toje.

I 2009 var Trine Skei Grande, Siv Jensen og Abid Raja saman på Litteraturhuset på det som vart kalla eit dialogmøte. I dag er det ikkje sikkert dei tre ville brukt nett det ordet om eit fellesmøte.
I 2009 var Trine Skei Grande, Siv Jensen og Abid Raja saman på Litteraturhuset på det som vart kalla eit dialogmøte. I dag er det ikkje sikkert dei tre ville brukt nett det ordet om eit fellesmøte.

«Vi skal si klart og tydelig ifra hver gang Siv Jensen og Sylvi Listhaug kommer med brun propaganda», sa Abid Raja til NRK. I ettertid har han teke sjølvkritikk for bruken av ordet «brun». Resultatet er medieoppslag etter medieoppslag der Venstre får distansert seg frå Frp og snakka om anna enn det dårlege valresultatet.

Spørsmålet er om det hjelper. Statsvitar, kommentator og tidlegare Frp-medlem Asle Toje trur ikkje det.

– Venstre har valt ei ekstremt konfronterande line vis-à-vis Frp i regjering, men det verkar ikkje som partiet vinn veljarar på det. At Raja sa at Frp er eit naziparti, gjer det berre vanskeleg å forstå kvifor Venstre har valt å sitje i regjering med partiet.

– Kva seier utspela til Raja om situasjonen i Venstre?

– Eg ser på Venstre som partifloraens svar på Austerrike. Eit lite land med ein imperiehovudstad. Det har DNA og sjølvkjensle som eit styringsparti, men berre litt over 3 prosent oppslutning. Resultatet er denne merkelege utviklinga der partiet kommuniserer i alle moglege retningar. Enkelte er nok litt forvirra over kva som er prosjektet til Venstre, utover å mislike Frp.

– Er det ikkje det same som pregar Frp når Siv Jensen snakkar om snikislamisering like før eit kommuneval?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement