JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Framover i alle retningar

Venstre har laga eit floskelprogram.
Det verkar som om programkomiteen
har gjeve heilt opp.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

It seems that you don't have a PDF plugin for this browser. Click here to download the PDF file.

10628
20170324

Venstre

Venstre, Noregs eldste parti, vart skipa i januar 1884, same året som dei tvinga gjennom parlamentarismen.

Partiet er det einaste norske partiet saman med Frp som aldri har vore knytt opp til særinteresser.

I 1972 vart partiet kløyvt på EF-striden og har etter det aldri vore eit stort parti i Noreg.

I dag profilerer partiet seg på miljø og, i ein norsk samanheng, radikal liberalisme.

Melding

jon@dagogtid.no

Venstres program er på 191 sider, dobbelt så langt som gjennomsnittet for andre parti. Innhaldslista åleine er på fire sider, med ei skrift så lita at eg knapt kan tyda henne. Kan ein i det heile teke lita på eit parti som ikkje er viljug til å skriva kort? Dei to fyrste setningane er desse: «En av de viktigste oppgavene vi har (her manglar komma) er å sørge for at ungene (ungar er det dyr som får, vi menneske får born) våre får en god oppvekst. Trygge og lykkelige barn gir innovative og handlekraftige voksne.»

Då veit vi det. Venstre vil at borna våre skal verta innovative. Den neste sida byrjar slik: «Barnehagen er det stedet små barn tilbringer mest tid utenfor familien. Det er her de øver på å leke sammen, krangle og bli venner igjen. Det er her de øver på å klatre, løpe og knytte skolisser. Barnehagen skal være med på å gi ungene våre en god start på livet, og det skjer ikke av seg selv. En god barnehagedag ledes av dyktige voksne som inspirerer når de kan, gir rom for lek når de bør og trøster når det trengs.» Eit gjennomarbeidd partiprogram skal handla om det som skil eit parti frå andre parti, ålmenne meiningar treng ein ikkje snakka om. Absolutt alle stortingsrepresentantar vil seia at dei er heilt samde i desse linene. Då treng ein ikkje skriva det ned i eit partiprogram.

Så byrjar dei å verta konkrete. Venstre vil ha gratis kveldsopne barnehagar med kontinuerleg opptak og 80 prosent fagutdana som skal «ta i bruk digitale verktøy i en pedagogiske sammenheng». Her snakkar vi om 20–30 milliardar, og det før vi har kome til den tredje sida etter innhaldslista. Ja, eg slit medan eg les dette. Eg har ein stygg mistanke om at kvar medlem har fått skrive sitt eige avsnitt.

Meir løn!

Skulen då? Ja, de gissar rett. Lærarar skal få mykje høgre løn, få mykje betre rettleiing og verta mindre byråkratiske. I tillegg skal Venstre «legge til rette for flere doktorgradsutdannede i undervisningsstillinger i grunnopplæringen». Personleg er eg for alt Venstre skriv om skulen – klart vi bør få betre lærarar med betre utdaning og betre løn. Men politikk handlar om å fordela knappa ressursar; om ein ignorerer dette, forvitrar politikken, då står berre retorikken att. Korleis Venstre vil finansiera «to obligatoriske fremmedspråk fra 5. trinn», får vi aldri vita.

Hovudgrunnen til at norske lærarar har relativ låg løn i OECD-samanheng, er at dei underviser i få timar og er så mange. Om ein vil ha opp løna og går ut frå at samfunnet ikkje har uendeleg med ressursar, er svaret på korleis ein skal få opp løna, fleire undervisingstimar. Venstre ignorerer dette og krev i staden at vi må «ha logoped, spesialpedagogisk og psykologisk kompetanse tilgjengelig på hver enkelt skole», og forlangar at «programmering kommer inn i norsk skole». Nemde eg at SFO skal verta gratis og at fråversgrensa i vidaregåande skule skal fjernast?

Venstre seier at dei er for at vi maksimalt skal nytta 3 prosent av Oljefondet per år. Berre barnehage- og skuledelen sprenger denne råma totalt. Og då har vi 180 sider att. Nemnde eg at skatten frå oljen no utgjer berre 4 prosent av skatteinngangen?

Verdsleiande

Etter skulen kjem nye krav og framlegg, Venstre er oppteken av forsking, ja, så opptekne av forsking er dei at dei «vil ha et mangfold av verdensledende internasjonaliserte forskningsmiljøer i Norge». Dette er, for å seia det rett ut, stormannsgalskap. I den indiske folketeljinga er avviket i båe retningar 10 millionar, altså 20 millionar. Den norske folkesetnaden er med andre ord godt innanfor avviket i India. Vi kan ikkje halda oss med eit mangfald av verdsleiande forskingsmiljø. Og no er det 170 sider att. Nemnde eg at studiestøtta skal vera på 1,5 G, altså 140 000 kroner per år?

På side 26 slår alvoret inn, der byrjar naturen, som syter «for at vi kan puste inn ren luft, drikke rent vann og spise oss mette hver dag». Og kva skal vi gjera med naturen? Kartleggja han: «Et økologisk grunnkart er like nødvendig for en kunnskapsbasert natur- og arealpolitikk som et geografisk grunnkart er for all navigasjon.» Kva som skil eit grunnkraft frå andre kart, veit ikkje eg, men det høyrest bra ut. I tillegg får vi vita at «norsk natur er unik. Fra trange fjordarmer til 2000 meter høye topper, fra varmekjær eldelløvskog til iskald tundra». Sett vekk frå manglande forståing av kva ei heilsetning er for noko, her er definisjonen av tundra i ordboka: «flatt myr- og grusområde nord for den polare skoggrensa der telen aldri går heilt ut or jorda». Lærarpartiet Venstre kan ikkje ha lese om pleonamse i ordboka.

Ja til betre klima

Om vi ikkje tek omsyn til Frps program, er klima det alle partia snakkar og skriv mest om. Venstre skriv og snakkar endå meir. Kor fornuftig klimasnakkinga er for Venstre, er meir usikkert. I denne perioden har Venstre fått gjennom tre budsjettvedtak som vert hugsa: plastposeavgift, flyseteavgift og auka innblanding av biodrivstoff. Det alle tre vedtaka har til felles, er at Venstre i ettertid har teke avstand frå vedtaka. Det er såpass unikt at det kjem til å gå inn i historiebøkene. Det siste vedtaket om biodrivstoff som Venstre korkje hadde på primær- eller sekundærlista under budsjettingingane, går elles på tvers av partiprogrammet. Klimadelen byrjar nemleg slik: «Menneskeskapte klimaendringer er ved siden av tapet av naturmangfold vår tids største utfordring.» Kva fører biodrivstoff til? Tap av naturmangfald.

Klimadelen ber preg av ynskjetenking og faktafeil: «I takt med fossilandelen og klimautslippene går ned, vil markedet for olje og gass skrumpe inn.» Denne påstanden går igjen og igjen i programmet. Han er usann. Etterspurnaden går opp. I fjor auka etterspurnaden med 1,5 millionar fat per dag, prognosane for olje- og gassproduksjon går rett i vêret. I 2016 produserte OPEC-landa meir olje enn nokon gong. Lista over klimatiltak Venstre vil gjennomføre er lang, ja, så lang at dei ikkje har hatt tid til språkvask: Venstre vil «vurdere innføring av matkasteforbud ovenfor (mi kursivering) de store daglivarekjedene». Med så mykje gjødsling av nærområda til matbutikkane seier det seg sjølv at det er lurt «å åpne for dyrking av hamp og norsk produksjon av hamptekstiler».

Det er noko useriøst over klimakapittelet til Venstre. Det er så mange påstandar og krav at ein stakkar går seg heilt vill: Venstre vil «stille krav om nullutslipp frå kollektivtransport innen 2020». 2020 er mindre enn tre år unna. Meiner verkeleg partiet at vi i løpet av vel 30 månader skal fjerna alle ferjene og bussane som i dag nyttar fossil energi? Eg nektar å tru at programkomiteen ikkje er klar over at kravet er urealistisk. Likevel skriv dei det.

Steinar Strøm

Og så var det desse lyntoga. Venstre vil ha «lyntog» mellom dei store byane og «bygge et jernbanenett med dobbeltspor som er tilrettelagt for høye hastigheter (minst 250 km/t), og som har halvtimesfrekvens på toavgangene i Intercity-triangelet (Lillehammer, Halden, Skien) innen 2025». Lat meg igjen få sitera professor i samfunnsøkonomi Steinar Strøm, som kvalitetssikra den siste utgreiinga av lyntog for Jernbaneverket. Sitatet er langt, men etter mitt syn naudsynt:

«Kapitalkostnaden per meter bane – 2012-prisar – var 504.000 kr. Oslo–Trondheim, Oslo–Bergen 640.000 til 695.000, avhengig av trasevalg, Oslo–Stavanger 716.000 og 704.000 fra Stavanger til Bergen. Totale risikojusterte investeringskostnader ble anslått til 1173 milliarder kr. Pga all sement og betong som ville gå med i tunnelene ville de samlede utslippene av CO2 først gå i null etter mer enn 60 år for banestrekningene, bortsett fra Oslo–Trondheim hvor det kunne ta litt under 40 år. I debatten etter utredningen kom, ble det vist til at da Bergensbanen ble bygget for herrens mange år siden, så tilsvarte kostnadene omtrent et statsbudsjett. Men statsbudsjettet den gang var et svært beskjedent budsjett sammenliknet med dagens, og da ikke bare i sammenlignbar kroneverdi. I tillegg var verken fly eller biler oppfunnet, så det var en klar transportgevinst for tog.»

Noko godt

Men ja, Venstre har òg gode framlegg på klimaområdet. Dei legg sterkt vekt på at skatten på arbeid og verdiskaping skal ned, og at avgiftene og skattane på CO2 skal opp. Ingen parti er så tydelege som Venstre på dette feltet. Dei vil òg utgreia ei harmonisering av arbeidsløysetrygd, sjukepengar og uføretrygd. Dei er det einaste partiet som våger å seia dette.

Men kva er Venstre no? Før hadde dei skulesaka, den har dei tapt til Høgre, og framleggja dei no kjem med, er ikkje forankra i den økonomiske røyndomen. Den tradisjonelle bastionen for Venstre var Vestlandet og dei små og mellomstore verksemdene. I 2013 var nær 90 prosent av norsk vareeksport på eit eller anna vis oljerelatert. Venstre er i dette programmet særs opptekne av å få redusert oljenæringa; kvifor skal ein arbeider på forsyningsbåt frå Fosnavågen røysta på eit parti som gjer alt dei kan for å tekkjast ungdom på Grünerløkka?

Venstre var ei parti som balanserte mellom varsam økonomisk liberalisme og som hadde front mot alle særinteressepartia. Med dette programmet har dei vorte eit parti som har forlate sakleg debatt og utgreiingar. Eit Venstre som vil bruka massivt med pengar på skule, lyntog og kontraproduktive klimatiltak, er eit parti som ikkje lenger har fotfeste, og som konkurrerer med MDG og Venstre om marginale veljarar og sperregrensa. Syn meg den vestlandsveljaren i oljeindustrien som vil «at barneverntjenesten skal overta omsorgsansvaret for alle enslige barn som søker asyl» og setja ein «utløpsdato» på asylavslag og liberalisera familieinnvandringsreglane. På lik line med Krf, MDG og SV har Venstre vorte eit parti som vil gje alt til alle.

Summert opp: Venstres partiprogram er lite anna enn ein serie med platitydar og klisjear. Vaksne folk veit at det er naturen som gjev oss mat, vaksne folk veit at ein trygg oppvekst er viktig, vaksne folk veit at telen er iskald, og vaksne folk vil ikkje verta servert slagord mynta på ungar. «Venstre vil kreve at barn høres.» Ja, men dei treng ikkje skriva eit program for born.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Samla sett er det vanskeleg å taka

dette programmet alvorleg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis