Sideblikk
Velsmakande symbol på fridom
Iskremfabrikkar har gått frå mange små til to dominerande, men nå livnar det i nisjane.
Den store iskremkrigen gjekk føre seg i 1993. Svenske GB is prøvde, men kom seg ikkje inn på den norske marknaden.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Iskrem er min barndoms smak av sommar. Favoritten var den firkanta krokanispinnen til 50 øre. Den hadde dei på butikken til Simon i Myra. Eg var på glattisen når det galdt fabrikknamnet, men det kom til meg då eg bad om litt hjelp frå vennene mine: Jaarviks is – naturligvis. Den runden førte mykje med seg – av personlege opplevingar og truvedkjenningar, kollektive minne og bidrag til norsk industrihistorie.
DÅ EG TIL DØMES minte om at det ikkje var spor av jordbær i jordbærisen, men at han hadde kunstig farge og smak, var det ei som svarte at ho ennå kan kjenna smaken av den første jordbærisen frå Jaarvik som ho fekk på eit Kristi himmelfartsdag-stemne i Ryfylke i 1954. Frå ei anna fekk eg dette svaret: «Kunstig smak var smak av den store verda. Jordbær hadde vi heime.» Sjølv minnest eg det som eit stort framsteg i sivilisasjon då trepinnen blei bytt ut med plast.
Andre kom i hug ein lektor som var spesialist på stadnamn: Jaarvik kjem frå grenda Jårvikjå i Suldal, blei tatt med av vikingar som Jorvik til York i England, og så til New York.
SÅ LANGT NÅDDE ikkje Jaarviks is, naturlegvis. Frå fabrikken ved Klepp stasjon på Jæren gjekk det isbilar austover til Lindesnes og nordvestover til Hardanger. I indre Sogn støytte dei mot Jotun-is, som blei produsert på den andre sida av Jotunheimen, på Leira i Valdres. Aust for Lindesnes herska Hennig-Olsen med «kremen av iskrem». Det begynte på eit bakrom i Markens gade i Kristiansand 1924 og med fabrikk i Hanneviga i 1930, for som det heiter i reklamen: «Da hadde min farfar vært i Sikago å lært sæ å lave iskrem.»
Dei privatåtte iskremfabrikkane hadde truleg ein uformell kartellavtale, men grensene var ikkje absolutte: I Gudbrandsdalen gjekk det til dømes i Døla-is frå Lillehammer, men lengst nord i dalen kunne ein på nokre bensinstasjonar støyta på Mittet-is frå Molde.
REGIONALE OG BONDEÅTTE meieri laga også iskrem. I Oslo heitte ein av dei Frogner-is. Suksessen var størst i Tønsberg, der Slotts-is begynte med Krone-is i kjeks med jordbær og sjokolade. Isen kosta 75 øre, men prisen steig raskt til ei krone, og der låg han lenge, men kremmarhuset krympa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.