Velprøvde knep

Publisert

Når Donald Trump talar til dei som trur, ser vi velprøvde knep. Eitt er hans spesialvariant av superlativen: «Ingen amerikansk politikar har vorte utsett for meir urettvise enn eg.» Og for framtida: «I vår politiske historie har det aldri vore vunne ein større siger enn den vi har vi vente i november 2020.»

Eit anna er ei minst like spesiell form for sjølvskryt, frå «eg er eit svært stabilt geni» til «i min høge visdom, som er makelaus».

Ein kommentar som har lite for seg, er at dette ville ha sanka få røyster hos oss. Det er ikkje norske veljarar som kårar presidenten i USA, jamvel om somme av dei kan ha tippoldeforeldre frå Gudbrandsdalen eller Lofoten. Ingen har gått til topps i amerikansk politikk ved å vera smålåten, ein eigenskap som Trump i liten mon har.

Det vi høyrer i talen i Minneapolis, er ein mann som byr på seg sjølv, og som er trygg på at tilhøyrarane gjerne vil oppleva det. Da er det best med pynt på kaka i dugelege mengder, medrekna ukvemsord om motstandarane, medan det bør teiast om det «vrange og skakke» i eigen leir.

Den som finles denne talen, sjølv etter tre år med plagsamt mykje nærlesing av Trump-prosa, vert overrumpla av mangelen på struktur, perspektiv eller lange liner, av spegelbiletet av eit ego som anten er så stort at det ikkje er plass ved sida av geniet, eller så forkrøpla at det må blåsast og stivast opp med, ja nettopp, sjølvskryt.

Sjølvskryt skal ein akta på, som C.J. Hambro sa, for det kjem frå hjartet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement