Utanriks
Velje det minste vondet?
Når krig nærmar seg heimen din, har du to val: å evakuere eller å godta okkupasjon.
Flyktningar frå den raserte byen Mariupol og den okkuperte byen Melitopol blir bussa til Zaporitsia i Ukraina, 1. april, men det kan bli ein kortvarig stogg, for no er også dei russiske soldatane på veg dit.
Foto: Stringer / Reuters / NTB
Ein byrjar gjerne å tenkje gjennom dette valet i god tid før den første eksplosjonen høyrest i utkanten av byen eller landsbyen ein bur i. Krig er som ein tornado. Du kan sjå han på langt hald, men det er ikkje godt å seie kvar han tek vegen. Du kan ikkje vite om han kjem til å feie vekk huset ditt eller berre passere i nærleiken, om han vil rive opp nokre tre i hagen din eller blåse taket av huset ditt. Og du kan aldri vere viss på at du kjem til å overleve, sjølv om huset berre har fått mindre skadar.
For nokre dagar sidan, i ein landsby nær Zaporizjzja, eksploderte ein rakett i ein grønsakhage. Huset til eigarane var like heilt, men eigarane sjølve – tre menneske – døydde. Dei dreiv og planta noko på den vesle hageflekken, medan dei tenkte på den komande grøda, lurte på kva dei fekk å ete den komande vinteren. Det vert ikkje nokon komande vinter for dei, eller nokon komande sumar. For dei var alt over den 25. april.
I Ukraina er det vanleg oppfatning at dei lekraste aprikosane veks i Donbas, og at dei beste kirsebæra kjem frå Melitopol. Melitopol vart kalla «kirsebærhovudstaden i Ukraina». Men den 1. mars vart byen teken av den russiske armeen, som invaderte Ukraina frå den annekterte Krim-halvøya.
Ingen helsa det russiske militæret med tradisjonelle velkomstgåver som brød, salt og blomar. Tvert imot, heilt frå starten på okkupasjonen var det masseprotestar i sentrum av byen mot den russiske okkupasjonen. Innbyggjarar i Melitopol ropte «Dra heim!» til soldatane – som svara: «Vi er heime! Dette er Russland!»
Etter ein månad med daglege protestar byrja nokre av innbyggjarane å vurdere evakuering. Mange av demonstrantane hadde blitt arresterte og banka opp, dei ukrainske identitetspapira deira vart tekne og øydelagde av russiske militære, som fortalde dei at papira ikkje hadde nokon verdi lenger.
Dei mest ihuga demonstrantane vart først frakta 50 kilometer ut av byen og så kasta ut av bilane. Men dei gjekk hardnakka attende til byen og gav seg til å demonstrere på nytt. Til slutt innsåg mange at det hadde blitt for farleg for dei å bli verande i byen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.