Veljarane vil enno velje styggedomenHadde Hillary Clinton vore i Trumps sko, hadde ho alt vore stilt for riksretten.
Hadde Hillary Clinton vore i Trumps sko, hadde ho alt vore stilt for riksretten.
Den framståande jusprofessoren Alan Dershowitz seier at det ikkje er noko brotsverk å betale Stormy Daniels for å teie stilt.
Foto: Steven Senne / TT / NTB scanpix
Den seks år gamle son min og eg har lese trilogien Den mørke materien av Philip Pullman. Bøkene til Pullman er eit slags ateistisk motstykke til C.S. Lewis’ sjarmerande Narnia-serie. Ein sentral idé i plottet er teken frå moderne fysikk: at universet vårt er eitt blant eit uendeleg tal univers, og at det kanskje finst markhol som bind det eine universet til det andre.
Pullmans Oxford kjem i to versjonar: Oxford slik vi kjenner byen, framleis sjarmerande, men i aukande grad forderva av modernitetens styggedom, og Oxford i ei verd der mindre har endra seg sidan det 17. hundreåret.
Kan hende finst det eit utal univers. Kan hende finst det ein planet Jorda der det for to år sidan var 39.000 veljarar i Michigan, Pennsylvania og Wisconsin som valde å røyste på Hillary Clinton heller enn på Donald Trump. Korleis hadde ein slik planet sett ut i dag? Det innlysande svaret er at riksrettsaka mot presidenten ville ha byrja for eitt og eit halvt år sidan.
Twittermeldingane frå Trump fredag for to veker sidan var i sum ei forfalska tiltaleerklæring som lista opp den politiske ròtenskapen som republikanarane ville ha samla i ein pakke kalla «store og mindre brotsverk» om Clinton hadde vunne valet.
Trump oppmoda justisminister Jeff Sessions til å «sjå på all korrupsjonen på ’den andre sida’, inkludert e-post, Comey-løgner og lekkasjar, Mueller-konfliktar, McCabe, Strzok, Page, Ohr, FISA-misbruk, Christopher Steele og den falske og korrupte mappa hans, Clinton Foundation, russisk samansverjing med demokratane – og veldig mykje meir».
Dersom namna McCabe, Strzok og Ohr ikkje seier deg noko, har du ikkje følgt grundig nok med på Fox News. Andrew McCabe var – inntil han fekk sparken i mars, som mistenkt for å ha lekt informasjon til media – sjef for FBI. Peter Strzok og Lisa Page var det romantiske paret, den eine knytt til FBI og den andre advokat, som før presidentvalet utveksla twittermeldingar som inneheldt løfte om å «setje ein stoppar for» at Trump skulle kunne bli president. Bruce Ohr var inntil i fjor assisterande justisminister. Kona hans, Nellie, arbeidde for Fusion GPS, eit forskings- og etterretningsfirma, der ho jobba saman med tidlegare MI6-offiser Christopher Steele om det notoriske anti-Trump-dokumentet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.