Det er to måtar å dela inn menneske på. Dei som orienterer seg etter datoar, og dei som held seg til vekenummer.
Som oftast ser du ikkje skilnad på dei, men når det vårast og dei heilage ferievekene skal planleggjast, då blømer dei for fullt. Vekenummerfolka.
Å telja vekenummer er for meg eit like daudfødd prosjekt som lukinga av ugras eg byrjar med framfor huset år etter år. Tidleg i sesongen set eg meg som mål at kvar gong eg passerer ein ny liten løvetanntust, skal eg dra han opp. Med denne strategien kjem ingen av tustane til å ta seg, og det vert fritt for ugras langs murtrappa og mellom steinhellene.
Det går ei stund, men sklir fort ut. Løvetann spirer langs heile trappa, og eg anar ikkje kva veke det er.
Dei tre–fire fyrste vekene i året klarar eg å halde styr på, men når ein byrjar uti mars med «Passar det om me kjem på besøk i veke i 28?», vert eg stressa.
Verken datakalenderen min eller kalenderen som heng på kjøkenet, opererer med vekenummer. Så når eg svarar «eg må sjekka kalenderen fyrst», betyr det at eg fyrst må setja meg til og googla kalender 2022, for så å finna den aktuelle tida omgjort til månad, dag og dato. Det er noko som snart går i gløymeboka, og nokre vekenummer seinare kan det fort koma ei purring med to spørjeteikn: «Har du sjekka kalenderen no??»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.