Veit lite om insektstoda i Noreg

Det finst ingen systematiske studiar frå Noreg som kan fortelje om ein eventuell insektdød her i landet.

Krattvepsebie er ein av insektartane på den norske raudlista.
Krattvepsebie er ein av insektartane på den norske raudlista.
Publisert

Miljødirektoratet har byrja å planleggje eit større prosjekt for å kartleggje insektbestandar i Noreg, men det vil ta lang tid å få tidsseriar som gjer det mogleg å sjå endringar. Men det er grunn til å tru at insekta er mindre utsette her enn lenger sør i Europa: Noreg er tynt folkesett, og det menneskelege avtrykket på landskapet er mykje mindre enn i dei aller fleste land i Europa. Berre 3 prosent av det norske landarealet er dyrka mark eller innmarksbeite, medan over halve arealet i Tyskland og Nederland er nytta til landbruk. Og det blir brukt langt mindre sprøytemiddel per dekar her enn i dei fleste andre europeiske land.

Likevel meiner forskarane at fleire slag humler og andre insektartar går attende også i Noreg. Ironisk nok er ein del av fallet i norske insektbestandar eit resultat av at gamle kulturlandskap går attende til naturen: Når gamle slåtteenger og kystlyngheiar gror att, får mange bier og andre insekt som var tilpassa desse landskapa, mindre plass å leve på. Og også i Noreg har landbruket blitt meir intensivt dei siste tiåra.

At klimaendringane gjer Noreg varmare, kan i seg sjølv føre til større insektmangfald. Men artar som er tilpassa eit kjølig klima i fjellet, kan få problem. I tillegg utgjer skogbruket eit trugsmål for insektartar i Noreg, påpeikar Anne Sverdrup-Thygeson.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement