Vatn på ville vegar
Styrtregn i storbyane kostar dyrt for norske forsikringsselskap. Klimaengasjementet aukar i Finans Norge.
Dei livsfarlege flaumane og skreda skjer sjeldan i sentrale strøk i Noreg. Men ser ein reint økonomisk på saka, er det styrtregn i byane som fører til dei største tapa. Overfløymde kjellarar kostar dyrt, når det blir mange nok av dei. Og skadar på grunn av overvatn har auka mykje det siste tiåret.
– Overvatn og tilbakeslag i røyrsystema fører til større kostnader enn alle andre naturskadar i Noreg til saman, seier Mia Ebeltoft, fagsjef i Finans Norge, som mellom anna representerer forsikringsbransjen.
– Her er byane klart mest utsette. Der er det asfalt og andre tette flater, og røyrsystema klarer ikkje å ta unna vassmengdene. Vi ser at vi får fleire episodar med ekstremnedbør, og røyra er ikkje dimensjonerte for dette.
Her er det kommunane som må ta grep, meiner Ebeltoft.
– Det kan vere mykje kunnskap og vilje om dette hos fagfolka i kommunane, men manglande vilje hos dei som lagar budsjetta. Når vatn og avløp blir sett opp mot sjukehus eller barnehagar, er det vanskeleg å få gjennomslag.
– «Du vinn ikkje kommuneval på å snakke om vatn og avløp», sa ein ingeniør til meg ein gong.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.