Våte draumar på Nordmøre
I Kristiansund drøymer hamnesjef og reiselivsfolk om fleire cruiseskip.
Cruisemanualen til Kristiansund og Nordmøre Havn gjev inntrykk av at innseglinga til hamna er noko utrygg.
Medan fleire av dei mest populære cruisehamnene i Noreg no vil avgrense talet på anløp, gjer andre hamner det dei kan for å lokke til seg fleire skip. Kristiansund og Nordmøre Havn er ei av desse. I fjor var det 20 anløp frå cruiseskip i Kristiansund, medan Ålesund hadde heile 165.
«Vi har bestemt oss for å prøve å øke antallet cruisebåter, for det er veldig fint for byen sin del», sa hamnesjef Arnt Honstad i Kristiansund til Tidens Krav i fjor, og omtalte dette som eit satsingsområde. I intervjuet etterlyste han mellom anna eit museum som kunne gjere byen meir attraktiv for cruiseturistar, og såg òg for seg å utvide cruiseturismen til andre nordmørshamner enn Kristiansund: «Vi har sondert terrenget, og lokalbefolkningen i Surnadal, de sier at kommer det cruiseskip – da blir det fest», sa Honstad.
Frysningar
Kristiansund og Nordmøre Havn har oppretta ei eiga stilling for å arbeide med cruiseturismen i Kristiansund, og dei har laga ein eigen cruisemanual for å marknadsføre byen overfor reiarlaga. Kristiansund skal mellom anna lokke cruiseturistar med tilbod som havrafting og sightseeing med småfly eller helikopter.
Synnøve Henden frå Visit Nordvest, eit organ for å styrke reiselivsnæringa i regionen, uttrykte framtidsvisjonane for cruisetrafikken til Kristiansund slik i Tidens Krav i vår: «Jeg har en drøm – og, ja, dette er en overambisiøs drøm – men i nær framtid ser jeg for meg tre cruiseskip klappet til kai under Operafestukene. Jeg får frysninger bare jeg tenker på det.»
Vise fram byen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.