Natur

Varm fortid, varm framtid

125.000 år gamle spor fortel mykje om kva slags verd vi er på veg inn i.

Ei kunstnarleg tolking av naturen ved Themsen for kring 125.000 år sidan. Fossil funne ved Trafalgar Square i London syner at mellom anna elefantar, løver og flodhestar levde der i eem, den førre mellomistida.
Ei kunstnarleg tolking av naturen ved Themsen for kring 125.000 år sidan. Fossil funne ved Trafalgar Square i London syner at mellom anna elefantar, løver og flodhestar levde der i eem, den førre mellomistida.
Publisert

Det er ingen mangel på dommedagsscenario i klimadebatten. «Vi er på ein motorveg til eit klimahelvete», sa António Gutteres, generalsekretæren i FN, på klimatoppmøtet i Egypt. Mange snakkar om ein komande klimakatastrofe, og somme seier at den globale oppvarminga kjem til å gjere jorda uleveleg for menneske. Kvar fjerde unge vaksne har klimaangst, ifølgje NRK.

Men kor er vi eigentleg på veg? Jorda er no meir enn ein grad varmare enn i førindustriell tid, og vi er ikkje i rute til å halde oppvarminga under to gradar. Med ein betre klimapolitikk dei neste tiåra er det mogleg å stogge kring 2,5 gradar. Om det blir utfallet – korleis vil da kloden sjå ut? Klimaforskarane arbeider på spreng med å lage scenario for framtida. Men det finst òg empiri frå ei slik verd, for jorda har vore der før.

Fortid og framtid

Empirien stammar frå ein epoke da verda var omtrent 2,5 gradar varmare enn i førindustriell tid – altså halvannan grad varmare enn i dag. Så varmt var det nemleg for 125.000 år sidan, i den førre mellomistida. Det var ei tid da flodhestar plaska rundt i Themsen, og havet stod fleire meter høgare enn no. Epoken ber namnet eem og kan fortelje oss mykje om tilstanden på jorda nokre tiår fram i tid.

– Klimaforskarane prøver å lage modellar for klimaet i framtida, men eem var ein realitet og er difor spesielt interessant. Den perioden er ein god analogi til verda vi nærmar oss, seier geolog og forfattar Reidar Muller. Han har vigd eem ein god del plass i den nye boka Ild og is. En kort innføring i klimaets historie, og mykje av denne artikkelen er bygd på framstillinga hans.

40 istider

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement