JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Våpenet over alle våpen

I Japan minnest dei offera for atombombingane av Hiroshima og Nagasaki. I kinosalar verda over ser folk filmen om mannen som meir enn nokon andre gjorde bombinga av byane mogleg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dr. J. Robert Oppenheimer i 1947, då han vart leiar for Princetons Institute for Advanced Study i New Jersey.

Foto: AP / NTB

12826
20230811

Fakta

6. og 9. august markerte Hiroshima og Nagasaki at det var 78 år sidan USA sleppte atombomber over byane.

21. juli i år kom filmen Oppenheimer. Filmen er skriven og regissert av Christopher Nolan.

Bekymra forskarar håper at filmen vil skape diskusjon og merksemd rundt faren for atomkrig.

Våpen

magnus@dagogtid.no

Førre søndag, 6. august, markerte omtrent 50.000 menneske i Hiroshima at det var 78 år sidan USA sleppte ei atombombe over byen. Mellom 70.000 og 140.000 vart drepne – nokre med ein gong av varme- og sjokkbølga, andre fordi bygningar kollapsa over dei, nokre av radioaktiv stråling, andre av flammane og mange av fleire ting samtidig. Tre dagar seinare sleppte USA ei ny atombombe over Nagasaki.

Under markeringa på søndag ringde ei klokke kvart over åtte om morgonen, tidspunktet bomba vart sleppt i 1945, etterfølgt av ein augneblink med stille. Japans statsminister Fumio Kishida heldt ein tale:

– For 78 år sidan i dag tok éi enkelt atombombe meir enn 100.000 dyrebare menneskeliv. Ho reduserte byen til oske, og i løpet av eit augneblikk tok ho framtid og draumar frå menneska. Også dei som unngjekk døden opplevde liding ord knapt kan fange.

Som det einaste landet som har opplevd kor fryktelege kjernefysiske øydeleggingar i krig er, vil Japan halde fram med å jobbe hardt for å få på plass ei verd utan atomvåpen, sa han.

– Den aukande splittinga i det internasjonale samfunnet om tilnærmingar til atomvåpennedrusting, Russlands atomtrugsmål og andre bekymringar gjer denne vegen no endå vanskelegare. Men det er nettopp på grunn av desse tilhøva at det er avgjerande for oss å skape ny internasjonal drivkraft for realiseringa av ei verd utan atomvåpen.

Oppenheimer

Hiroshimas ordførar Matsui Kazumi og FNs generalsekretær Antonio Guterres var kvassare i sine ytringar ved markeringa. Guterres uttala at «atomvåpen er tull, dei gjev inga trygging, berre død og øydelegging». Mitsui sa at «atomvåpentrugsmåla som no vert ytra av nokre politikarar, syner galskapen ved teoriar om atomvåpenavskrekking», og oppmoda Japan til å signere den internasjonale traktaten om forbod mot kjernevåpen (TPNW). 68 land har signert og ratifisert traktaten. Ingen NATO-land eller land med atomvåpen har signert avtalen.

Markeringane i Hiroshima og Nagasaki er viktige, men har truleg liten innverknad på folk i land som Noreg. Det som skjedde litt meir enn to veker før markeringa, har nok gjort større inntrykk. Då, 21. juli, kom Oppenheimer ut på kino. Filmen handlar om livet til J. Robert Oppenheimer, mannen som leia det vitskapelege arbeidet med å utvikle atombomba i USA.

Filmen er ein kinosuksess og har blitt rost av kritikarar, men det store spørsmålet er om han også vil ha varig innverknad på folks syn på atomvåpen. I eit intervju med Bulletin of Atomic Scientists, ein organisasjon etablert av Albert Einstein og andre vitskapsfolk som jobba med Manhattan-prosjektet, sa regissør og manusforfattar Christopher Nolan følgande:

– Då eg først byrja å skrive manuset til Oppenheimer, hadde eg ein samtale med ein av tenåringssønene mine der er forklarte kva eg jobba med. Han sa rett ut til meg: «Vel, ingen bryr seg noko særleg om atomvåpen no lenger. Vil folk vere interessert i det?» Mitt svar var: «Me burde bry oss, og kanskje filmen kan hjelpe til med det».

Los Alamos

Filmen bygger på den prisvinnande biografien om Oppenheimer, American Prometheus, skriven av Martin J. Sherwin og Kai Bird. Filmen tek føre seg livet hans før, under og etter Manhattan-prosjektet. Oppenheimer var ein gåtefull personlegdom, noko filmen får fram.

– Oppenheimer var veldig eksentrisk. Han kunne sitere Bhagavad Gita (ein heilag tekst i hinduismen, journ. merk.); han tok seg bryet med å lære seg litt sanskrit, slik at han kunne lese den på originalspråket. Han var ein mysteriefull og delfisk karakter, sa biografen Kai Bird til Bulletin of Atomic Scientists.

Under ei førelesing i 1947 sa Oppenheimer noko som har blitt kjent:

– I ein grov forstand som ingen vulgaritet, ingen humor, inga overdriving heilt kan utslette, har fysikarane kjent synd; og dette er ein kjennskap dei ikkje kan miste.

Trass i mystikken er det få kjente vitskapsfolk som har fått livet sitt så blottlagt som Oppenheimer, då han mista tryggingsklareringa som var naudsynt for å halde på vervet som leiar av rådgjevingskomiteen til kommisjonen for atomenergi i USA. Klagene mot Oppenheimer og svara hans gjev eit interessant innblikk i sjelelivet til både Oppenheimer og USA under antikommunismen.

Trass i at han vart sett på som ein rar skikkelse, er det brei semje om at han var ein framifrå leiar av Los Alamos-laboratoriet.

– Kvar gong dei sleit med eit eller anna problem med å lage «dingsen» («the gadget»), som atombomba vart kalla, i Los Alamos, var Oppenheimers stil ofte å berre stå bakarst i rommet, lytte og la alle krangle: kjemikarar mot ingeniørar mot fysikarane mot eksplosjonsekspertane. Og så, etter ei lang stund, greip han inn og oppsummerte med ei stille og mjuk stemme kva alle hadde sagt, på ein måte som peikte ut ei retning framover. Alle måtte vedgå at han hadde rett. Han var forsiktig karismatisk på denne litt skumle måten.

Dag og Tid har tala med Richard Rhodes, ein amerikansk historikar og forfattar vidgjeten for å skrive The Making of the Atomic Bomb, den mest autoritative boka om bygginga av atombomba. Han fortel ein anekdote om då han besøkte Edward Teller, ein av fysikarane som jobba med Oppenheimer i Los Alamos:

– Eg tala med Teller, som truleg var ein av Oppenheimers verste fiendar, kanskje med unntak av Lewis Strauss. Eg spurde Teller og forventa eit fiendtleg svar: «Var Robert Oppenheimer ein god labdirektør?» Teller overraska meg med å seie, med den ungarske aksenten sin, at Oppenheimer var den beste labdirektøren han hadde møtt.

Historia

I The Making of the Atomic Bomb fortel Rhodes historia om både vitskapen og dei politiske omstenda som førte til atombomba. Kva meiner han var dei viktigaste faktorane som førte til atombomba? Det han først legg vekt på, var frykta for at Nazi-Tyskland skulle få bomba før dei allierte. Spesielt britane, ettersom dei var i krig mot Tyskland ei stund før USA, la press på USA for å gjere noko.

– Fram til seint i krigen var drivkrafta utan tvil frykta for ei tysk atombombe og erkjenninga, som forskarane gjorde tidleg, at det einaste forsvaret mot eit slikt våpen ville vere det me kallar avskrekking: å sjølv ha eit tilsvarande våpen.

Då det vart kjent at Tysland ikkje ville klare å lage atomvåpen, var prosjektet allereie omfattande; det kosta staten store ressursar. Rhodes seier at Leslie Groves, general i Hærens ingeniørkorps og leiar av Manhattan-prosjektet, var spesielt engsteleg for å vise at pengane ikkje var bortkasta. Groves skal ha sagt at dersom «me ikkje lagar denne fordømte bomba før krigen tar slutt, vil me måtte leve resten av livet i Leavenworth fengsel».

Rhodes peiker også på ønsket om å få ein kjapp slutt på krigen mot Japan som eit viktig motiv. Sjølv om avgjerda om å bruke atomvåpen var kompleks og handla om meir enn å få slutt på krigen, var ideen om eit våpen som ville hindre ein dryg invasjon av Japan, noko som appellerte til mange.

I tillegg til håpet om å få slutt på krigen mot Japan, var det fleire som håpte at atomvåpen ville kunne bety slutten på all krig. For Niels Bohr, den store danske fysikaren, og Oppenheimer, var bomba både eit instrument for masseøydelegging og noko dei håpte ville gjere krig umogleg.

Det var ikkje første gong ny teknologi vart sett på som noko som gjer krig umogleg. Falske håp og lovnadar har blitt proklamerte på vegner av mellom anna dynamitt, maskingevær, telefonar, radio, fly og ubåtar.

Krigens dilemma

– Kva synest du om korleis filmen forheldt seg til historia?

– Filmen var truleg ganske rettvis overfor Robert Oppenheimer, men sjølvsagt ikkje overfor Manhattan-prosjektet, som var mykje større enn det ein ser i filmen. Det var eit briljant bilete å bruke klinkekuler i ei skål som symbol på produksjonen av materiala dei trong til bombene, men eg har høyrt gretne utsegn frå historikarar som meiner dei har utelate heile den sida av prosjektet, seier Rhodes.

Ein annan ting som ikkje vart inkludert i filmen, er effekten av bombene på Hiroshima og Nagasaki. Me har tala med Tsuyoshi Hasegawa, ein historieprofessor ved Universitetet i California, Santa Barbara, som vart fødd i Tokyo og har skrive ei internasjonal historie om slutten av krigen mot Japan. Hasegawa seier at det er ein sterk film som alle bør sjå, men at det er nokre ting han er kritisk til.

– Eg meiner dei burde ha inkludert bilete av Hiroshima og Nagasaki på slutten av filmen. Det ville ha styrka den moralske ambiguiteten til Oppenheimer og scena der Oppenheimer møter President Truman og seier at han føler at han har blod på hendene.

Hasegawa er også kritisk til at filmen bidrar til å halde ved like det han meiner er myten om at det var atomvåpena som gjorde slutt på krigen. Ifølge forskinga hans var det ikkje atomvåpena, men Sovjetunionens angrep på Japan som var den viktigaste faktoren bak Japans kapitulasjon.

Hasegawa forklarar at Truman stod overfor to dilemma mot slutten av krigen, begge dreidde seg om korleis ein skulle få Japan til å kapitulere. Den eine måten var sovjetisk hjelp, men det ville kunne gje Sovjetunionen større innflytelse i Japan og nærområdet. Den andre måten var å revidere forhandlingsvilkåra overfor Japan, med andre ord å ikkje krevje vilkårslaus kapitulasjon.

– Desse vala var opne, og Truman avviste begge fordi han ville vinne krigen på sine vilkår og utan sovjetisk deltaking.

Då den første bomba vart brukt over Hiroshima, sette Stalin fart i invasjonsplanane, slik at USA ikkje aleine skulle vinne krigen mot Japan. Ifølge Hasegawa var det Sovjetunionens angrep som var det som vog tyngst då den japanske leiinga endeleg kapitulerte, ikkje atombombingane.

Argumentet hans er ikkje at atomvåpena ikkje spelte ei rolle i å få Japan til å kapitulere, men at andre tilhøve var like viktige i avgjerda om å bruke atomvåpena mot Hiroshima og Nagasaki.

– Det er sjølvsagt snakk om ein film, og ein kan ikkje ta med alt. Men at denne sida ved avgjerda ikkje vart inkludert eller nemnd i det heile tatt, gjer at filmen bidrar til å halde ved like myten om at atombombene var avgjerande i å få slutt på krigen.

Avskrekking

Rhodes og Hasegawa meiner at atomvåpen har spelt ei rolle i å hindre storkrig under den kalde krigen, men begge vektlegg at me har kome nær, altfor nær, kanten av atomkrig.

– Avskrekking på eit eksistensielt nivå, individuelt og personleg, trur eg stemmer. Men dei innvikla teoriane til dei eg har kalla «nuclear mandarins» (atombyråkratar), om at avskrekking er ein strålande strategi, er bullshit. Det var ein måte å rasjonalisere å bygge fleire bomber på, og når sant skal seiast, var det akkurat det både Sovjetunionen og USA gjorde under den kalde krigen, seier Rhodes.

Han legg til at det har vore mange tilfelle der me berre på håret har klart å unngå atomkrig, og at me bør vere glade for at flaksen har vore på vår side så langt.

– Folk har eit overnaturleg forhold til desse våpena. Dei er berre maskinar. Systema som kontrollarer dei, er maskinar. Maskinar gjer feil før eller seinare, og risikoen aukar jo lenger tida går.

Situasjonen i dag

Etter den kalden krigen har det vore mindre merksemd rundt faren for atomkrig. På éin måte er det eit godt teikn, det syner at det har vore mindre spenningar mellom stormaktene. Samstundes kan det føre til ei mindre varsam haldning til atomvåpen enn dei krev.

Hasegawa seier at han trur mange verdsleiarar og potensielle leiarar, som Putin og Trump, manglar ei sunn forståing av faren ved atomvåpen.

– Eg er pessimistisk for framtida. Så lenge atomvåpen finst, er eg redd dei vil bli brukt før eller seinare. Det finst så mange galne politikarar og leiarar.

Rhodes på si side peiker på at atomvåpenpolitikken i USA har blitt fanga i dragkampen mellom republikanarane og demokratane. Han viser også til meiningsmålingar som syner at amerikanarar er mykje mindre uroa for atomkrig no enn tidlegare.

– Trur du filmen vil kunne bidra til auke merksemda rundt faren ved atomvåpen?

– Det er vanskeleg å seie, men det er ingen tvil om at det er ein sterk film. Om folk ser han, vil dei kanskje tenke på nytt om saka. Men eg er ganske fortvilt.

Stewart Prager, professor i astrofysikk ved Princeton, skreiv følgande om filmen: «Oppenheimer er eit framifrå bidrag til diskusjonen. Men for å drepe atomvåpendraken treng ein noko med eksplosjonskrafta til 1000 Oppenheimer-filmar, kvart år. Dette er mogleg, om det finst vilje og ressursar».

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis