– Vanskeleg å forstå
Jussprofessor Ragnhild Hennum seier at både påtalemakt, forsvarsadvokatar og dommarar har eit ansvar for å kontrollere at regelverket Nav-vedtaka byggjer på, stemmer.
Måndag vedgjekk arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) (t.h.) og Nav-direktør Sigrun Vågeng at reglane for å ta med seg trygd til andre EØS-land har vore praktiserte feil i fleire år.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Minst 48 personar er feilaktig dømde for bedrageri, 36 av dei har fått fengsel utan vilkår, fordi Nav har gjort vedtak på feil grunnlag i totalt 2400 saker om sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar sidan 2012. Skandalen kan gå lenger tilbake enn det òg, ifølgje nettsida rett24.no.
Professor Ragnhild Hennum ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo seier saka er svært alvorleg.
– Ser du nokon moglege forklaringar på det som har skjedd?
– Her har det skjedd feil i fleire ledd. Både Nav, Trygderetten, påtalemakta, domstolane og forsvararane må bere sin del av ansvaret.
– Kva i systemet gjer det mogleg at ein slik feil får forplante seg gjennom fleire nivå?
– Det er det på mange måtar vanskeleg å forstå. Her har dei etterfølgjande instansane gjort lite for å kontrollere Navs fortolking av regelverket. Kanskje kan noko av forklaringa vere at dette dreier seg om personar som er i ein sårbar posisjon, og som har færre midlar til å vareta interessene sine? Saka syner òg at det er viktig med fri rettshjelp i denne typen trygdesaker. Ein kan ikkje vente at ikkje-juristar skal klare å setje seg inn i dette regelverket på eiga hand.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.