Fiske
Vankunna og verdsarven
Striden om eit Mowi-anlegg i verdsarvområdet ved Vega botnar i eit mykje større problem: Vi veit altfor lite om korleis oppdrettsanlegga langs kysten påverkar naturen rundt.
Rørskjæran vest for øykommunen Vega på Helgeland.
Oppdrettsgiganten Mowi fekk 20. april klarsignal frå Klima- og miljødepartementet til å starte oppdrett av laks ved Rørskjæran vest for øykommunen Vega på Helgeland. Anlegget ligg midt i området som i 2004 hamna på Unesco-lista over natur- og kulturarven i verda. På ny er lokalsamfunnet splitta i ein hard strid om fugleliv, verdsarv og næringsutvikling. Oppdrettstilhengarane seier at kommunen treng næringsutvikling for å sikre seg inntekter og halde oppe folketalet, og at nasjonalt og internasjonalt byråkrati ikkje må få strupe det lokale sjølvstyret. Dei som er mot, hevdar at eit ja til oppdrettsanlegget er ei skam for Norge som miljønasjon, og at det i verste fall kan få Unesco til å trekkje tilbake statusen frå Vega-øyane, med negative følgjer for reiseliv og utvikling. At det ikkje er lokale oppdrettarar, men det multinasjonale storselskapet Mowi som får sko seg på oppdrett i verdsarvområdet, har òg bidrege til motstanden.
Mellombels løyve
Striden starta då Mowi i 2016 fekk eit mellombels løyve frå Nordland fylkeskommune og fylkesmannen til å sette ut laks på lokaliteten i verdsarvområdet. Det kom fleire klager på vedtaket, og Miljødirektoratet trekte attende oppdrettsløyvet i april 2019. Men saka blei anka til Klima- og miljødepartementet, og no i april fekk Mowi til slutt løyve til å sette ut fisk ved Rørskjæran. Parallelt med dette har det lokale firmaet Vega sjøfarm fått avslag på søknaden om ein ny lokalitet ved Hysværet eit lite stykke nordvest for Rørskjæran. Vega sjøfarm har frå før to lokalitetar i Vega, éin inne i og éin utanfor verdsarvområdet. Kommunen har støtta alle desse søknadene, og ordføraren i Vega, Andre Møller, har klaga over at store havområde blir ubrukelege for næringsverksemd i dei åra det tek å lage utgreiingane. Han viser til at ei føresetnad for versarven var at anna næring, som havbruk, skulle kunne utvikle seg normalt. Hovudargumentet for verdsarvstatus for Vega var den meir enn 1500 år lange ærfugltradisjonen, kombinert med behovet for bevaring av kulturlandskapet. Derfor har nok verdsarvkoordinator Rita Johansen i stiftinga Vegaøyan Verdensarv mange med seg når ho seier at hastverket med å gje løyve til Mowi kan setje omdømet til verdsarvområdet i fare. Det same hevdar riksantikvar Hanna Geiran, den norske Unesco-komiteen og no også Unescos direktør, Metchild Rössler.
Store pengar
Men oppdrett av laks handlar om store pengar. Vega Sjøfarm og foredlingsbedrifta Vega Delikatesser er viktige lokale bedrifter med til saman meir enn 40 tilsette og nærare 100 millionar i omsetning i fjor. Lokal interesse for vekst i oppdrettsnæringa fekk eit oppsving i mange kystkommunar i 2018, då midlar frå sal av nye løyve gav 2,7 milliardar i gevinst til kommunane frå det nyoppretta Havbruksfondet. Kystkommunane på Sør-Helgeland har tent godt på ordninga, og Vega fekk i 2019 over 9 millionar i utbetaling. No har regjeringa foreslått at staten skal få ein mykje større del av skatteinntektene frå næringa. For Vega og nabokommunane kan det bety nesten ei halvering av oppdrettsinntekta. Då vil nye lokalitetar og meir fisk i merdane komme godt med i kommunebudsjetta.
Mowi på si side førebur seg på å ta i bruk den nye lokaliteten så fort som råd er. Sjølv om denne lokaliteten uvanleg nok er godkjend for berre fem år, reknar nok selskapet med å få løyve til drift på Rørskjæran også seinare. Samstundes seier Mowi at dei er interesserte i å finansiera fleire prosjekt for å kartlegge korleis oppdrettsverksemda påverkar det lokale miljøet. Dei bør ha råd til det, fortenesta på ein slik lokalitet med dagens lakseprisar er truleg 10 gonger større enn den potten som blir att i kommunen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.