Valrapport
GÖTEBORG: Historia om Alan fortel kvifor svenske veljarar for fyrste gong reknar lov og orden som ei av dei aller viktigaste valsakene. Men S er ikkje lenger tryggleikspartiet.
?Ein Amazon frå debutåret 1956, teikna av 23-åringen Jan Wilsgaard. Bak: Ein PV56 frå 1938, eigd av forfattar og nobelprisvinnar Selma Lagerlöf.
Foto: Håvard Rem
Eldsjeler kan gjera ein skilnad, som brørne Amin, mellom vener Snipp og Snapp. Fødde med eitt års mellomrom fyrst på 1990-talet var Alan og Ari kring 25 år då dei fann ut dei ville gje born og unge i lokalsamfunnet ein betre kvardag. Som nytilsett lærarvikar i Angered utanfor Göteborg spurde storebror Alan elevane sine om sommarferieplanane deira, og då det gjekk opp for han at fleirtalet skulle gå heime, drog han i gang ein fotballskule som heldt dei aktive gjennom sommaren.
– Målet med prosjektet er fyrst og fremst at jentene her i Angered vert integrerte, fortalde han til Sveriges Radio for to år sidan.
Samstundes vart veslebror Ari tilsett som idrettskonsulent i Västsvenska Idrottsförbundet, med ansvar for å koordinera Street Games-aktivitetane, eit prosjekt han sjølv hadde sett i gong då det gjekk opp for han at levealderen i utsette område låg ti år under landssnittet. I dag har 10.000 born og vaksne gjort seg kjende med ein eller annan idrett gjennom Street Games, og nye område kjem til. No står Biskopsgården for tur.
Andre brør frå same område, i same alder, i same år, vart i staden framandkrigarar for IS. Amin-brørne måtte ha kriga mot IS, gjeve den kurdiske bakgrunnen deira, men dei valde i staden å kjempa for eit betre Sverige. Faktisk byrja storebror Alans tilhøve til skulen på Lövgärdet då han vart tilsett som vakt i frikvartera for å stogga dei som freista å rekruttera elevar til IS. Han vart så godt lika av dei unge at han fekk tilbod om eit vikariat som lærar.
Brørne vart fødde i Nord-Irak og kom til Sverige som to–treåringar. Ari fortalde for eit år sidan Aftonbladet:
– Då familien vår vart middelklasse, ville mamma at me skulle flytta til eit anna område. Men Alan og eg stogga flyttinga. Me meinte at borna her trong førebilete. Viss alle flyttar når dei får det betre, kven vert då att?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.