Valrapport
INLANDSBANAN: Svenske folkerørsler har styrt utanom styringspartia og vorte småparti. Men eitt av dei er no stort. Difor vert uvissa før valet større etter.
«Låt sista älven som brusar i vår natur / brusa alltjämt mellan fjällar och gran och fur», skrev Evert Taube i kampen for Vindelälven i Västerbotten. I sommar står vatnet særs lågt.
Foto: Håvard Rem
Togføraren på Inlandsbanan ristar på hovudet der me køyrer sørover frå Norrbotten og Västerbotten mot Jämtland og Dalarna: – Eg trur vel det vert meir kaos no enn det vart etter valet for fire år sidan.
I store demokrati kan val vera som ein cup der éin vinnar står att med fleirtalet ein må ha med seg for å regjera. Slik var det i Skandinavia òg for hundre år sidan. No held det at ein ikkje har fleirtal mot seg, men kva når minoritetsparlamentarismen ikkje fungerer lenger? Svensk debatt før valet ligg i skuggen av uvissa om kva som hender etter.
Eit norsk døme finst ikkje, men på veg ut av Sveriges nordlegaste fylke slår det meg at vårt nordlegaste kan få lagnaden sin avgjord av eit parti som ikkje berre vippar i Stortinget, men òg kring sperregrensa, KrF. I 1918 gjekk me vekk frå fleirtalsval av di me meinte at betre samsvar mellom røyste- og mandattal var meir demokratisk. Slik fekk me ikkje to og tre, men ti parti – og no kan Finnmarks eksistens verta avgjord av eit som ved valet i fjor fekk røystene til 808 finnmarkingar.
Folkerørsler
Ein opptakt til kaos har dei siste femti åra vore at styringspartia Socialdemokraterna (S) og Moderaterna (M) ikkje har teke opp i seg nye folkerørsler, som i staden har vorte småparti, oppmuntra av eit valsystem der kven som helst over fire prosent kan verta tunga på vektskåla.
På toget vert me minte om ei folkerørsle som vart småparti. Inlandsbanan lauper parallelt med Kjølen, eit namn riksgrensa fekk av di ho frå Tromsø til Trondheim fylgjer vasskiljet, med ein smal noregskyst i vest, og i aust eit breitt nedbørsfelt med femti mil lange svenske elvar som gjer Austersjøen til verdas største brakkvassområde. Har Finland tusen sjøar og Noreg tusen fjordar, så har Sverige tusen elvar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.