Valrapport
INLANDSBANAN: Svenske politikarar har alltid funne blokkoverskridande løysingar i krig og krise, men veit ikkje korleis dei skal handtera eit stort SD.
Innanfor Lofoten, Vestfjorden og Ofotfjorden ligg Rombaksbotn som ei gullskimrande strand, berre 8000 meter frå Sverige.
Begge foto: Håvard Rem
På Ofotbanen står kinesaren ved togvindauga. Den norske delen av Malmbanan mellom Narvik og Luleå er rekna som eit av dei mest sjåverdige jarnbanestrekka i verda. Høgt i den bratte fjellsida heng toget. Inst og aust i fjordsystemet, innanfor Lofoten og Vestfjorden, ligg Rombaksbotn som ei gullskimrande strand, berre 8000 meter frå Sverige.
Toget nærmar seg Riksgränsen, men langt bak oss i vest er stranda framleis synleg, som ein siste rest av verdshav og saltvatn. Føre oss ligg eit land utan hav, men med aude skogar og tjern – og Austersjøen, verdas største brakkvassområde.
Overflatisk likskap
– Kvifor er det fleire brannar i Sverige, spør kinesaren.
– Ekspertar seier at den svenske landsbygda er så fråflytta at det ikkje er folk att til å oppdaga brannane før dei vert rett store, svarar eg.
– Så dei to landa liknar ikkje like mykje som språka, vil han vita, og får høyra:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.