JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Valet mellom rein, drakar og moskus

Riving av turisthytter, stenging av stiar, forbod mot padling, nedskyting av moskusstammen. Statsforvaltarane kjem no med radikale framlegg for å utvida vernet av Hardangervidda og Dovre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Moskusokse på Dovre i november 2023. Geit og sau er dei næraste slektningane til moskusen her i landet. Tanken om å reintrodusera dyret i norsk fauna kom i 1913 då jarnbanesluskar på Dovrebanen fann fossile ryggvirvlar etter moskus frå istida.

Foto: Ulf Berntsen

11569
20231208
11569
20231208

Naturvern

havard@dagogtid.no

Folk som er glade i den norske fjellheimen, gjer seg for tida kjende med radikale endringsframlegg. For delar av Hardangervidda og Dovre er det no tale om inngripande tiltak. Dei vil endra ferdsla i fjellet for både ung og gamal, sprek og makeleg.

Framlegg om forbod

Det er framlegg om stenging av kjende turisthytter. Somme av dei vil ein riva. Ein vil leggja om populære stiar. Somme av dei vil ein leggja ned. Ein vil redusera ferdsla på vegar som fraktar folk, mellom andre dei mindre spreke, langt inn i fjellheimen.

Tiltaka vil råka dei sprekaste òg. Det er framlegg om forbod mot ikkje-motoriserte fritidsformer som hundespannkøyring, drakesigling (kiting), breidekksykling (fatbike) og padling. Om ikkje-motorisert ferdsle vert forbode, kva då med motorisert? På Hardangervidda vurderer ein å leggja vegstrekningar i tunell. På Dovre vurderer ein tunell for både veg- og jarnbane.

Ikkje minst vil fotturistane merka det. For Hardangervidda er det framlegg om å stengja Torehytta, Hadlaskard, Hellevassbu og La°garos, med tilhøyrande stisystem. For Dovre ynskjer ein at turisthyttene Reinheim og Snøheim vert rivne på sikt, og stengde «umiddelbart», i lag med stenging av Snøheimvegen og fjerning av stiar i Snøhetta-området.

Staten

Kven er ein? Kven kjem med framlegga? Naturvernaktivistar? Nei, det er til sjuande og sist regjeringa og Miljø- og klimadepartementet, ved Andreas Bjelland Eriksen (Ap), den noverande statsråden, og Espen Barth Eide (Ap), den førre. Under departementet ligg Miljødirektoratet, som for eit år sidan gav fylgjande oppdrag til statsforvaltarane i Trøndelag og i Oslo og Viken, dei me før kalla fylkesmenn: Sett i gang arbeidet med å laga utkast til tiltaksplanar for Hardangervidda og Dovre.

Styringsgrupper, prosjektgrupper og faggrupper vart sette ned, innspel vart tekne imot, og no er utkasta og framlegga til tiltak lagde fram for ålmenta.

Villreinen

Kvifor, undrar du, kvifor vil staten riva turisthytter og forby padling? Kva vil ein verna? Er det den truga mogopen, vårblomen med dei tjukke, lêrvorne blada, ein vil berga?

Nei, tiltaka botnar i omsynet til villreinen. I den norske fjellheimen finst dei siste livskraftige bestandane av vill fjellrein i Europa. Difor er villreinen ein norsk ansvarsart, ein art som me har eit særskilt ansvar for av di minst ein fjerdedel av den europeiske utbreiinga finst her i landet.

Drakesigling på Hardangervidda i mai 2023.

Foto: Harald Dag Jølle

Bakgrunn

Reinen har vorte eit symboldyr, ja, eit politisk dyr. Med soga til fjellreinen er me nede på grunnfjellet i vår eiga soge som menneske her nord. Det er ti tusen år sidan fjellheimen kom til syne etter istida, og det fyrste levande som la seg i fjellet då isen forsvann, var lav. Så kom reinen, og menneska fylgde etter. Den eldste næringsvegen i fjellheimen er rein.

Då eg i fjor fór gjennom Langfjella frå Dovre til Setesdal, var det hjå Norsk villreinsenter eg fann dei besta karta. Eit Langfjella-kart er eit villreinkart. Lenge gjekk reinen lægre, men folkeveksten frå 1700-talet, med setring og utvida beiteområde for husdyr, tvinga reinen opp i fjellheimen. Der fekk han lenge vera i fred.

Kven andre hadde interesse av fjellet? Det låg der mest som ei hindring for ferdsle mellom vest og aust. Vinterstid var Hardangervidda stengd. Mellom hovudstaden og Bergen drog folk heller med rutebåt og etter kvart jarnbane.

Vasskraft

Ved sida av rein var ei anna næring viktig i fjellet i gamal tid: jarn. Dei som utvann malm og smelta jarn, dreiv gjerne med rein òg. Då moderne jarnverk tok over, vart ikkje fjellheimen mindre viktig. Vasskraft sytte for straum til smelteverka. Oppkjøp og utbygging av vassdrag var viktigare for norsk velstand og velferd enn vekslande tamreindrift.

Frå Rondane nasjonalpark vart oppretta i 1962, tok det nær tjue år før Hardangervidda nasjonalpark vart skipa i 1981. Kvifor så lang tid? Fallhøgda frå Hardangervidda var ei samanhengjande vasskraftkjelde. Industrien trumfa lenge naturvernet, fjellreinen òg. På vidda var det tamrein frå kring 1800, men under og etter krigen vart han overlaten til seg sjølv og vart vill.

Fjellheimturisme

Ei anna ny næring byrja å veksa fram i fjellheimen samstundes med vasskrafta: turismen. Etter at Fridtjof Nansen gjekk på ski frå Bergen til hovudstaden, vart fjellheimturismen som ei folkerørsle. Jarnbanen opna fjellet for dei mange som no budde i byane. Med velstandsauken, og etter kvart klimaendringane, vil fleire og fleire ha seg ferie og hytte i fjellet.

Kva då med omsynet til den eldste næringsvegen, reinen? Nasjonalparkfreding temja den eine nye næringa, vasskrafta, men kva med den andre nye næringa, fjellheimturismen? Er det tid for å temja den òg?

Villreinnorma

For ti år sidan vart det vedteke, som ein del av Naturmangfaldloven, ei kvalitetsnorm for norsk villaks, den såkalla villaksnorma. Føremålet var å evaluera tilstanden til villaksen og syta for berekraftige og mangfaldige bestandar i framtida.

Etter villaksen stod villreinen for tur. Oppgåva gjekk til Norsk villreinsenter. Dei har to driftseiningar, båe tusen meter over havet, ei på Skinnarbu på Hardangervidda og ei på Hjerkinn på Dovre.

I 2020 la dei fram ei kvalitetsnorm for norsk villrein, villreinnorma, med ei vurdering av tilstanden i dei 24 villreinområda i landet. Visuelt framstår kvalitetsnorma som eit trafikkljos der kvart område er anten grønt (godt), gult (middels) eller raudt (dårleg). Det vart særs lite grønt, mykje gult og mest raudt.

Villreinalarmen gjekk. Internasjonale forpliktingar og nasjonale målsetjingar var i spel. «Det er openbart at villreinen treng kraftfulle tiltak for å betre situasjonen», uttala den førre miljøministeren.

I fjor sette statsforvaltarane i gang arbeidet med å laga utkast til tiltaksplanar. I desse dagar vert dei sende til vidare handsaming hjå oppdragsgjevaren, Miljødirektoratet, som sender dei vidare til departementet, før dei vert sende ut på høyring i 2024 og til sist endar i Stortinget.

Drakesiglaren

Reaksjonane og diskusjonane kjem til å veksa seg like omfattande som tiltaksplanane. Den Norske Turistforening drøftar saka internt og luftar tankar om eit hytte-mot-hytte-prinsipp, at ei avvikla hytte vert erstatta.

Oslo Kiteklubb har lagt ut fylgjande melding på heimesida si: «Hardangervidda i fare for å bli stengt!» Dei reagerer på framlegget om eit «spegelvendingsprinsipp» for ulike friluftsformer. Prinsippet at aktivitetar er tillatne dersom dei ikkje er forbodne, er det no framlegg om å spegelvenda, så aktivitetar er forbodne dersom dei ikkje er tillatne.

Kjend for Dag og Tids lesarar er historikaren og friluftskaren Harald Dag Jølle, tilsett som spesialist på norsk polarhistorie ved Norsk Polarinstitutt og UiT Noregs arktiske universitet. Før sumaren skreiv han ein reportasje her i avisa om drakesigling på Hardangervidda.

–?Eg græt sjølvsagt for den sjuke mor mi, for eg har stor glede av å kite på Hardangervidda, vedgår han og legg til:

­–?Men ei regulering må vere kunnskapsbasert, og eg set spørsmålsteikn ved grunnlaget for at det er naudsynt med eit totalforbod mot kiting på heile vidda – frå Bergensbanen til E134 over Haukelifjell. Det siste året har me hatt ei dynamisk forbodssone, utarbeidd av Statens naturoppsyn. Dagleg oppdatering syner kvar reinen oppheld seg, slik at kitarar kan halda seg unna. Dette har vorte etterlevd, og det gjev eit strålande døme på ei framtidsretta regulering, der dei spelar på same lag, dei som ynskjer å nytta fjellet, og dei som vil ta vare på villreinen.

Han held fram:

–?Eg vil åtvara mot å laga eit forbodsregime som brukarane av vidda ikkje skjønar seg på. Nokre av forslaga verkar å vere symbolsaker – for å vise at ein gjer noko.

– Som til dømes?

– Forbodet mot kanopadling. Det kan skape unødvendig splid, slik at me som er glade i å bruke vidda, ikkje står saman med vernestyresmaktene om dei viktige sakene – som betyr noko for villreinen.

– Som til dømes?

–?Som at randsonene kring vidda vert nedbygde med alpelandsbyar og gondolanlegg.

–?Du tykkjer tiltaka er dryge?

– I Noreg står ålmenningsretten sterkt, og ferdsleretten er forankra i friluftslova. Eventuelle forbod og inngrep må dessutan vera forholdsmessige. Prinsipielt meiner eg det skal særs mykje til for å forby ikkje-motorisert ferdsle i fjellheimen.

Moskusfotografen

I tre månader no har naturfotografen Ulf Berntsen trakka kring på Dovre, dei siste vekene på truger, for å fylgja ein moskuskalv som han har gjeve namnet Markus.

– Eg skal heim til jul, men kjem attende i januar, for då er ljoset spesielt. Og til våren, i vekene etter kalving.

På kveldstid har han hatt tid til å setja seg inn i framlegga til tiltak. Der heiter det at ein vil «vurdere moskusen sin framtid» på Dovre. Kva vil det seia for dei kring 250 moskusoksane på Dovre, og for den eine i kommunevåpenet til Dovre kommune?

Geit og sau er dei næraste slektningane til moskusen her i landet. Tanken om å reintrodusera dyret i norsk fauna kom i 1913 då jarnbanesluskar på Dovrebanen fann fossile ryggvirvlar etter moskus frå istida. Stammen som vart sette ut på Dovre i 1932, vart utrydja under andre verdskrig. Men frå 1947 har dei vore her.

I faggrunnlaget til tiltaksplanane lyder eit av framlegga: «Fjerne moskusen. Nedskyting av stammen for a° bidra til et redusert ferdselstrykk.» Eit anna framlegg lyder: «Flytte moskusstammen til andre steder i landet.» Og eit tredje: «Forby moskussafari vinterstid, slik at det kun er i sommerhalva°ret slik aktivitet er tillatt. For å gi reinen ro i en sårbar tid.»

Berntsen fortel:

– Eg har sett mykje rein her oppe. Han er heilt annleis enn tamreinen eg har sett i Finnmark. Mykje meir oppegåande. Ein ser det på alt. Haldninga, horna.

– Moskus eller villrein?

–?Det er eit forbaska dilemma. Det er frykteleg vanskeleg. Eg veit eigenleg ikkje kva eg skal meina.

Politikk

Den norske fjellheimen har vorte attraktiv for fleire og fleire grupper, ikkje berre for spreke drakesiglarar, men òg for grupper som tidlegare heldt seg langt unna. Eldre og mindre spreke kan no koma seg inn i fjellheimen med elsyklar. Ein treng ikkje frakta sykkel med seg heller. Dei er til leige overalt. Det er sett i gang prosjekt for å hjelpa folk med fysisk funksjonshemming opp i fjellet. Kva med dei? Fjellet får ikkje ein kvilepause i den kalde tida heller, for med varmare vêr er det der ein finn vinter.

Sidan Hardangervidda vart verna som naturpark for drygt førti år sidan, er det bygt kring ein kvart million nye hytter i Noreg. Politikarane vågar ikkje å la den norske hyttedraumen døy, men no vågar dei heller ikkje å la villreinen krepera, om det er saka.

Då Hardangervidda vart verna som naturpark, var villreinen i særs liten grad eit tema, og då helst i samband med villreinjakt. Naturparken vart oppretta, heitte det i Kongeleg resolusjon av 10. april 1981, for å «verne ein del av eit særleg verdfullt høgfjellsområde på ein slik måte at landskapet med planter, dyreliv, natur- og kulturminne og kulturmiljøet elles vert bevart, samstundes som området skal kunne nyttast for landbruk, naturvenleg friluftsliv og naturoppleving, jakt og fiske og undervisning og forsking».

Kva me vil med fjellheimen, er til sjuande og sist eit politisk spørsmål som Stortinget og marknadskreftene avgjer. Dei villreinfaglege vurderingane vil vega tungt, men vil det koma til semje i fagmiljøa? Ein del av konfliktlinene vil me sjå på neste veke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis