Kommentar

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.
Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.
Publisert

USA, for mange symbolet på det liberale demokratiet, står og vippar på kanten av eit autokratisk styresett. Kva har gått gale? Nokre skuldar på Trump. Dei ser han som ei narsissistisk bølle som har kuppa Det republikanske partiet og øydelagt amerikansk politikk. Men dette er ikkje noko godt svar. Trump er ikkje årsak til krisa, men eit symptom.

Då ligg ei betre forklaring i internasjonal politikk: I at maktbalansen har endra seg, og at USA, relativt sett, er ei fallande stormakt. At det produktive kraftsentrum på kloden har drege austover, og at Asia – med Kina i spissen – har ete opp den dominansen som USA har hatt sidan den andre verdskrigen.

Men USA har mykje av skulda sjølv: Landet har avvikla industrien heime og investert ute, der råvarer har vore billige og løner låge.

Stoda er ikkje stort betre på den amerikanske landsbygda. Talet på lokale gardsbruk har falle, og småbyane som i si tid voks opp kring dei, har vorte tomme spøkelsesbyar.

Forfall og frustrasjon

Tendensen var klar alt då den kalde krigen gjekk mot slutten. Då Sovjet kollapsa, skaut forfallet fart. Dette er eit godt utgangspunkt for å skjøna hovudlinene bak amerikansk politikk dei siste tiåra. Men det må supplerast med endringar i Det republikanske partiet: I møtet med forfallet vart partiet ikkje lenger «The Grand Old Party» frå den kalde krigens dagar. Men det var heller ikkje det nykonservative partiet til Ronald Reagan. Det utvikla ei ny form for konservatisme som skilde seg frå den gamle i både form og innhald.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement