Val for ein tidel av verda
Kan det legendariske, men korrupte Gandhi-dynastiet ta makta attende frå hindunasjonalisten Narendra Modi? Valet starta i går og varer ut mai. Røysting tek tid i det mest folkerike demokratiet i verda.
Tilhengjarar av regjeringspartiet BJP bar masker med andletet til statsminister Narendra Modi på eit valmøte i mars i år.
Foto: Anuwar Hazarika / Reuters / NTB scanpix
Det er fleire menneske i India enn i heile Afrika, snart også fleire enn i Kina. Dei nærmar seg 1,4 milliardar. 850 millionar har røysterett. Truleg vil omtrent 500 millionar nytte røysteretten sin under valet til det indiske parlamentet, Lok Sabha, som starta i går.
Av omsyn til tryggleiken og av praktiske grunnar reiser valpersonalet gjennom det mest folkerike demokratiet i verda, frå vest til aust, med elektroniske røystemaskiner og held val kvar veke, seks til saman. Den 26. mai skal namna på dei 543 representantane vere klare.
I utstrekning er India omtrent på storleik med EU og har like mange statar, 29. Innbyggjartalet, derimot, er meir enn dobbelt så stort. Landet har store kulturskilnader. I tillegg til engelsk og hindi har India 22 offisielle språk som opererer med 13 forskjellige skriftsystem. I tillegg finst fleire hundre uoffisielle språk.
Kukrasj
Statsminister dei siste fem åra, Narendra Damodardas Modi, driv ein etnosentrisk verdipolitikk. Regjeringa har engasjert forskarar til å prove at hinduar stammar frå dei fyrste innbyggjarane i India. Muslimar er redde for å verte annanrangs borgarar. Kritikarar fryktar for det unike religiøse mangfaldet i landet om Modi og partiet BJP, som står for Bharatiya Janata Party, får nytt mandat.
Eg har reist mykje rundt i India og studert religionane der. 80 prosent er hinduar. Dei resterande 20 prosentane er likevel nesten 300 millionar sjeler. Muslimane er nest flest, 10–12 prosent. Elles er det ei salig blanding av kristne, bahaiar, sikhar, jainistar, buddhistar, zoroastarar og så bortetter. Staten er offisielt sekulær, men å slakte kyr, som er heilage i hinduismen, er forbode. Modi har stramma inn på desse lovene og gjort straffene strengare. Bønder som slit med å fø seg sjølv og familien, slepper stadig oftare laus gamle og sjuke kyr dei ikkje kan avlive eller selje til slakt. I 2012 var det 5,2 millionar frittgåande kyr i landet, og talet aukar. Kyr subbar rundt overalt. Dei et plast i gatene eller ligg og tygg drøv midt i hektiske trafikkryss. Berre i 2015 vart 550 menneske drepne i trafikkulukker der kyr var innblanda. På landet, der 73 prosent av indarane bur, forsyner kyrne seg på åkrane. I vinter stengde bønder kveg inne på skular for å verne avlingane sine. Undervisninga måtte lærarane ta utanfor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.