JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Val for ein tidel av verda

Kan det legendariske, men korrupte Gandhi-dynastiet ta makta attende frå hindunasjonalisten Narendra Modi? Valet starta i går og varer ut mai. Røysting tek tid i det mest folkerike demokratiet i verda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tilhengjarar av regjeringspartiet BJP bar masker med andletet til statsminister Narendra Modi på eit valmøte i mars i år.

Foto: Anuwar Hazarika / Reuters / NTB scanpix

9140
20190412

India

India er det største demokratiet i verda.

Valet av ny regjering starta i går og skal vare ut mai.

Hindunasjonalisten Narendra Modi (68) har vore ein populær statsminister dei siste fem åra, men er svekt av økonomiske feilgrep og massiv arbeidsløyse.

Opposisjonsleiaren Rahul Gandhi lokkar med minsteløn for dei aller fattigaste.

rakel.benon@gmail.com

Det er fleire menneske i India enn i heile Afrika, snart også fleire enn i Kina. Dei nærmar seg 1,4 milliardar. 850 millionar har røysterett. Truleg vil omtrent 500 millionar nytte røysteretten sin under valet til det indiske parlamentet, Lok Sabha, som starta i går.

Av omsyn til tryggleiken og av praktiske grunnar reiser valpersonalet gjennom det mest folkerike demokratiet i verda, frå vest til aust, med elektroniske røystemaskiner og held val kvar veke, seks til saman. Den 26. mai skal namna på dei 543 representantane vere klare.

I utstrekning er India omtrent på storleik med EU og har like mange statar, 29. Innbyggjartalet, derimot, er meir enn dobbelt så stort. Landet har store kulturskilnader. I tillegg til engelsk og hindi har India 22 offisielle språk som opererer med 13 forskjellige skriftsystem. I tillegg finst fleire hundre uoffisielle språk.

Kukrasj

Statsminister dei siste fem åra, Narendra Damodardas Modi, driv ein etnosentrisk verdipolitikk. Regjeringa har engasjert forskarar til å prove at hinduar stammar frå dei fyrste innbyggjarane i India. Muslimar er redde for å verte annanrangs borgarar. Kritikarar fryktar for det unike religiøse mangfaldet i landet om Modi og partiet BJP, som står for Bharatiya Janata Party, får nytt mandat.

Eg har reist mykje rundt i India og studert religionane der. 80 prosent er hinduar. Dei resterande 20 prosentane er likevel nesten 300 millionar sjeler. Muslimane er nest flest, 10–12 prosent. Elles er det ei salig blanding av kristne, bahaiar, sikhar, jainistar, buddhistar, zoroastarar og så bortetter. Staten er offisielt sekulær, men å slakte kyr, som er heilage i hinduismen, er forbode. Modi har stramma inn på desse lovene og gjort straffene strengare. Bønder som slit med å fø seg sjølv og familien, slepper stadig oftare laus gamle og sjuke kyr dei ikkje kan avlive eller selje til slakt. I 2012 var det 5,2 millionar frittgåande kyr i landet, og talet aukar. Kyr subbar rundt overalt. Dei et plast i gatene eller ligg og tygg drøv midt i hektiske trafikkryss. Berre i 2015 vart 550 menneske drepne i trafikkulukker der kyr var innblanda. På landet, der 73 prosent av indarane bur, forsyner kyrne seg på åkrane. I vinter stengde bønder kveg inne på skular for å verne avlingane sine. Undervisninga måtte lærarane ta utanfor.

Pengeparadoks

India har kanskje den sterkast veksande økonomien i verda. Etter at stramme reguleringar av økonomien vart løyste opp i 1991, har BNP auka med 5 prosent i året. Heilt til det siste har auken vore på nesten 8 prosent. Om det held fram slik, kan India ha klatra opp til USA og Kina på den økonomiske sigerspallen i 2020. To av dei tre største økonomiske maktene vil då liggje i Asia, og dei vil ha nesten 40 prosent av alle menneska på jorda som innbyggjarar.

Modi har intensivert liberaliseringa og gjer India stadig meir attraktiv for utanlandske investeringar. I dei såkalla STEM-bransjane (vitskap, teknologi, ingeniørfag og matematikk) konkurrerer India alt i toppklassen. Folkesetnaden er ung, og ein ny generasjonen med høgt utdanna fagfolk veks til raskt.

Men i takt med veksten i økonomien, aukar òg gapet mellom dei rikaste og dei fattigaste i India. BNP er omtrent som i Storbritannia, medan fokesetnaden er 20 gonger større. 420 millionar lever på mindre enn to dollar om dagen. Mykje av summane som er sette av til velferd, kjem aldri fram til dei fattige på grunn av massiv korrupsjon.

I eit forsøk på å gjere noko med den svarte marknaden erklærte Modi brått, i november 2016, at alle 500- og 1000-rupi setlar var ugyldige. Indarar nyttar i all hovudsak kontantar. Det vart månader med kaos då folk måtte i banken for å byte ut 86 prosent av alle kontantar i landet, og Modi tapte mykje av populariteten sin på dette.

Ein million nye 18-åringar føyer seg kvar einaste månad til dei svimlande arbeidsløysetala. Til 100.000 nye stillingar fekk den statlege jarnbanen i fjor 20 millionar søkjarar. Helse- og skuletilbod har lange vegar å gå. Det er framleis vanskelegast for folk frå den lågaste kasten, dalit. Den deterministiske rollefordelinga i det hinduistiske samfunnet vart oppheva i 1950. Men å frigjere mentaliteten frå ein tradisjon som har eksistert i over 3000 år, er ikkje gjort over natta. Kasten ein er fødd inn i, avgjer framleis kva sjansar ein får i livet. Kastelause, eller dei «ureine», er framleis sterkt stigmatiserte. Dei lever ofte i slummen og må ta til takke med dei mest nedrige og prekære jobbane. Dei tek seg av søppel, kloakk og gravplassar, eller dei tiggar. Er dei heldigare, har dei arbeid som slaktar, fiskar eller jeger, yrke som vert rekna som ureine i religionen. Fjernsynsdebattane før valet handlar i stor grad om kastekonfliktar. Politikarane går på stram line. Lovar dei subsidiar til låge kastar, misser dei røystene frå dei høge. Det er heller ikkje automatisk slik at folk frå høge kastar er rike.

Krisa i jordbruket

Heilage kyr er langt frå det einaste problemet bøndene har. Tørke og dårleg vêr har plaga indisk landbruk i fleire tiår. Landbrukssektoren har ikkje nytt godt av den økonomiske boomen. Han sysselset halvparten av arbeidsstokken, men yter berre 17 prosent av BNP. Bønder druknar i gjeld. Tusenvis tek livet sitt kvart einaste år. Somme set fyr på seg sjølv i protest. Stadig er det rasande demonstrantar i gatene. Modi-regjeringa har satsa på betre forsikringar og lagerkapasitet, men framleis vert altfor lite investert i forsking, infrastruktur og rasjonalisering av det dyrebare grunnvatnet som minkar dramatisk. Med mangel på moderne utstyr og kvalifikasjonar krevst det mykje arbeidskraft. Gardane er små. Produktiviteten er låg. Prisane òg. Mange må dele på inntektene.

Før valet i 2014 lova Modi at inntektene til bøndene skulle vere dobla innan 2022. Dei svara med å røyste massivt på han. Lovnaden verkar i dag umogleg å innfri, noko Modi fekk merke ved regionvalet i desember 2018, den såkalla «semifinalen». Då tapte partiet hans, BJP, viktige jordbruksstatar til erkerivalen, det mektige Gandhi-dynastiet, dei som har leia India i 40 av dei 60 åra som er gått sidan frigjeringa frå britisk herredøme.

Gandhi-dynastiet

Rahul Gandhi, som Modi kallar «Golden boy», ættar frå tre legendariske statsministrar. Faren Rajiv og bestemora Indira vart båe myrda av politiske motstandarar. Jawaharlal Nehru, oldefaren, var den fyrste statsministeren i det frie India. Han var ein politisk arving av Mahatma Gandhi, men ikkje i slekt. Det var dottera Indira som gifta seg til namnet. Mannen hennar, Feroze Jehangir Ghandy, vart med i fridomskampen og endra då etternamnet sitt til Gandhi. Namnet har vore ei fenomenal merkevare. Glamour og tragediar har prega slekta, men Gandhi-namnet strør færre stjerner i auga på indarane no. Kongresspartiet er sekulært og venstreorientert. Rahul Gandhi har lova minsteløn for dei aller fattigaste i forkant av valet, men familien er sterkt prega av korrupsjon og slit med tilliten.

Bollywood i krig

I oktober i år kan indarane feire 150-årsjubileet for fødselen til Mahatma Gandhi, han som i 1947 frigjorde India frå britisk herredøme med den vidgjetne filosofien om ikkjevald. Landet til Gandhi er i dag den største våpenkunden i verda.

I slutten av mars melde Modi at India hadde testa våpen og skote ned ein satellitt 30 mil frå jorda. Berre tre andre land har slik teknologi. Modi viser militære musklar før valet, sjølv om dette fører til meir avfall og opptrapping av våpenkapplaupet i verdsrommet.

Naboane – og erkefiendane – India og Pakistan, har båe atomvåpen. Konfliktar har blussa opp med jamne mellomrom sidan dei skilde lag etter frigjeringa frå britane. Den 14. februar i år toppa det seg då eit pakistansk sjølvmordsåtak i den nordindiske delstaten Kashmir drap 40 indiske soldatar. Veljarane i India skreik etter hemn. Modi svarte med flyåtak og kan slik ha berga ein ny presidentperiode.

Bollywood er ein viktig informasjonskanal og meiningsdannar i eit land med nær 300 millionar analfabetar. I ein ny storslått film om Modi vert ei spektakulær sosial klatring frå fattig teseljar i gatene til mektig «vakthund» for folket skildra. Skodespelaren som spelar Modi, stirer inn i kameraet og seier:

– Eg åtvarar Pakistan: Om du vågar å løfte ei hand mot oss att, kjem vi til å hogge ho av.

Filmen skulle ut på kinoane 5. april, rett før valet. Opposisjonen har klaga inn filmen som propaganda og fått lanseringa utsett på uviss tid. Etter den siste krisa i Kashmir har Pakistan forbode indiske filmar, som er svært populære i landet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Landet til Gandhi er i dag den største våpenkunden i verda.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis