Vaksinen som var så lovande

Alt før mistanken om farlege biverknader vart kjend, hadde AstraZeneca-vaksinen store omdømeproblem. I USA er han framleis ikkje godkjend.

Ein britisk sjukepleiar fyller ei sprøyte med vaksinen frå AstraZeneca 11. januar i år. Kring 11 millionar britar har fått denne vaksinen. Ei rekkje andre europeiske land har no sett han på pause for å undersøkje moglege biverknader.
Ein britisk sjukepleiar fyller ei sprøyte med vaksinen frå AstraZeneca 11. januar i år. Kring 11 millionar britar har fått denne vaksinen. Ei rekkje andre europeiske land har no sett han på pause for å undersøkje moglege biverknader.
Publisert

Den siste utviklinga i denne soga kjenner dei fleste: Førre torsdag stogga Danmark og Noreg mellombels bruken av covid-19-vaksinen frå AstraZeneca for å undersøkje om det kunne vere samanheng mellom vaksinen og registrerte tilfelle av blodpropp blant dei vaksinerte. Denne veka gjorde ei rekkje andre land det same, mellom anna Tyskland, Frankrike, Italia og Spania. I skrivande stund, onsdag ettermiddag, er biletet mildt sagt uklart. Blant 17 millionar vaksinerte i EU og Storbritannia er det berre registrert 37 tilfelle av blodpropp, seier produsenten sjølv.

Det europeiske legemiddelbyrået (EMA) skal granske saka nærare. Så langt er det ikkje dokumentert årsakssamanheng mellom vaksinen og blodpropp, og det spørsmålet er heller ikkje tema her. Men den problemfylte soga om utviklinga av AstraZeneca-vaksinen er likevel verd å sjå nærare på. Ei rekkje land har sett sin lit til at nett denne vaksinen skulle bli det viktigaste våpenet i kampen mot pandemien. Og om det skulle bli avdekt så alvorlege biverknader at godkjenninga blir trekt attende, er det eit stort vonbrot som får omfattande konsekvensar – ikkje minst for dei fattige landa i verda.

Flygande start

For eitt år sidan, da pandemien for alvor slo inn over den vestlege verda, hadde denne vaksinen alt ein plass i tetsjiktet i det medisinske kappløpet for å stogge koronaviruset. Men da vart han kalla Oxford-vaksinen, for farmasiselskapet AstraZeneca var enno ikkje involvert.

Vaksinen vart utvikla av eit forskarteam ved Oxford-universitetet. Dei nytta ikkje den tradisjonelle forma for vaksineutvikling, som byggjer på ein svekt versjon av viruset som ein skal vaksinere mot. Ved å modifisere eit forkjølingsvirus frå sjimpansar hadde forskarane før vist at dei kunne lage vaksinar mot mange ulike virus, mellom anna det koronaviruset som gjev opphav til den dødelege sjukdomen MERS. Oxford-miljøet hadde altså ein plattform som kunne brukast til å lage vaksine også mot det nye koronaviruset frå Kina, og forskarane sette i gang alt tidleg i januar i fjor.

Dei to andre kandidatane i tetsjiktet, vaksinane frå Moderna og Pfizer, vart på si side utvikla med bruk av såkalla syntetisk RNA. Denne metoden hadde òg vore forska på ei god stund, men hadde ikkje vore brukt til å utvikle ein ferdig vaksine før, og med nybrottsarbeid følgjer det uvisse. Oxford-vaksinen kunne dermed verke som det sikraste valet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement