Vågen
Etter å ha sigla rundt halve jorda i ungdomen har eg lengta attende – ikkje til havet, for har du sett eitt hav, har du mykje godt sett alle. Nei, eg har lengta som Olav H. Hauge etter å koma i hamn. Kva oppleving kan måla seg med å gli inn på hamna, til dømes i Bahia i Brasil, etter tre veker over Atlanteren? Duftene som kjem deg i møte, trommene i det fjerne, forventningane...
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
(...)
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Difor har eg, etter landfaste, lengtande år i byen, skaffa meg båt. Fyrst ein 12 fots samanleggbar, brettebåten. Så sameige i ei fin, gamal svensk seglskute, med gummibåt. Og no sist kano.
Då, skulle ein tru, må eg vel ha det som plomma i egget?
Sei det? Det viser seg at minna om hamnene i Brasil har vore uråd å duplisera i dag med aldri så mange båtar. For det fyrste kjem eg ikkje stort lenger på fellesferien i Dag og Tid enn til Sørlandet.
Men den store skilnaden er at eg då, i ungdomen, var mannskap. I dag kjem eg til hamn som kaptein. Det er eg åleine som har ansvaret for ikkje å renna nokon i senk, ikkje driva inn i bryggja, ikkje skrapa opp millionbåtane som ligg som sild i tønne, og for at ingen i det vesle mannskapet mitt ramlar i havet i det kaoset som då kan bryta laus.
Olav H. Hauge må difor ha drøymt som matros, tenkjer eg, og i alle fall ikkje om gjestehamna i Arendal. I juli!
Kaptein Jox gruar seg kort sagt som ein hund til å koma i hamn, og sjølvsagt aller mest til å glida inn på ein våg han ikkje har studert grundig i hamneguiden. I sommar greidde me difor å planleggja båtferien slik at me faktisk aldri var i hamn. Me låg på svai så lenge det var ferskvatn, mat og bunkers om bord. Så reiste me heim.
Fin ferie, det, bevare meg vel, slik vêret var. Det var berre ikkje nett den draumen me bar på, Olav H. Hauge og eg.
Jox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eit større forsvar treng fleire folk. Neste år vil regjeringa tilføre Forsvaret 300 nye årsverk, i overkant av 400 fleire vernepliktige i førstegongsteneste og i overkant av 600 fleire reservistar. Biletet viser unge som tok del i ei opptaksprøve til bachelorutdanning i Forsvaret på Sessvollmoen i fjor.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
Mangel på personell kan bremse Forsvaret
Forsvaret er budsjettvinnar i år, men manglar fagfolk. – Vi er på grensa til ei krise, seier forbundsleiar Torbjørn Bongo.
Firda på Sandane i Nordfjord er ein av få vidaregåande skular som tilbyr både drama-, dans- og musikkfag. Elevar frå 21 kommunar søker seg hit. Likevel heng trusselen om nedlegging av linjer over han.
Foto: Firda vgs / Vestland fylkeskommune
Slaktar skular med sparekniv
Når fylkeskommunane må kutte, går det hardt ut over den vidaregåande skulen. Fag, linjer og heile skular forsvinn.
Moses i bokhandelen ved San Antonio University der han arbeider når han ikkje studerer psykologi.
Alle foto: Håvard Rem
Sekstiåttarkryptonitten
SAN ANTONIO: Unge ikkje-vestlege vert lett konservative.
Dei kjem frå tradisjonstru kulturar som ikkje dreg på vestleg skuld.
Teikning: May Linn Clement
Kommunale kvelartak
Den romslegare økonomien til folk flest vert eten opp av dei økonomiske problema til kommunane.
Dette er dei 97 gislane tekne av palestinarar 7. oktober 2023 som framleis er sakna.
Kjelde: «Hostages and Missing Families Forum»
I hendene på Hamas
For eitt år sidan bortførte terroristane meir enn 240 menneske frå Israel. Nokre er sette fri og kan fortelje om grufulle opplevingar. Andre har døydd i tunnelane til Hamas.