– Men det står på Yr at det er opplett!
Eg er midt på Koengen, konsertområdet ved Bergenhus festning, seinsommaren 2014. På scena er Neil Young, og dei siste dagane har det vorte spekulert i korleis vêret kom til å vera denne kvelden. Vert det støvlar eller joggesko? På sjølve dagen er meldingane heilt klåre: Det vert ein tørr seanse. Ikkje ein drope regn, og eg går for joggesko.
Men der eg står i striregn, gjennomblaut og gjørmete og oppdaterer Yr.no som framleis står på sitt – det regnar ikkje – skjøner eg ingenting. Teikn på telefonen og handling frå himmelen stemmer ikkje overeins. Kven skal eg stola på?
«Går det fint?», skriv eg i ein SMS til mannen min. Han er med sønene våre, dei har køyrt til eit turområde ti minutt unna, stikk i strid med ynsket mitt.
«Ja da, de spiller fotball», svarar han, og eg pustar letta ut. Dei lever.
Eg ligg heime på sofaen og les på Nrk.no at «Stormen har ankommet Norge», men tek meg ikkje bryet med å sjå ut vindauget korleis vêret er her.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.