Kommentar
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Kommentar
I Syria er halve befolkninga på flukt, to tredelar er avhengige av humanitær hjelp, og sanksjonsregimet er hjarterått. Bitre fiendar skal no bli samde om ein overgang til eit fredeleg styre. Kan dette gå bra?
Frå avstand er historia om Syria slåande lik historia om Irak. Båe landa vart plasserte på den amerikanske «vondskapsaksen» i 2001. USA ville ha bort båe regima. Og slik tyrannen og Baath-partileiaren Saddam Hussein fall i Irak i 2003, etter 13 år med krig, sanksjonsregime og innblanding utanfrå, har tyrannen og Baath-partileiaren Bashar al-Assad no forlate Syria etter 13 år med krig, sanksjonsregime og innblanding utanfrå.
Samansetnaden av befolkninga og den geopolitiske plasseringa er òg slåande lik for Irak og Syria. Båe ligg i det nordre beltet av arabarverda, og utgjer saman ei bru mellom Middelhavet og Golfen. Båe landa har arabisk majoritet, men har ei kurdisk befolkning i nord som ligg som ei buffersone mot Tyrkia. I beltet mellom arabiske sunnimuslimar i sør og kurdiske sunnimuslimar i nord lever ei lang rekke etniske og religiøse minoritetar. Kurdiske og arabiske sjiamuslimske grupper av ulike slag, kristne, jesidiar, ja, nærast heile regnbogen av konfesjonsgrupper i Midtausten har halde hus her, mellom kurdiske og arabiske sunnimuslimske majoritetar i sør og nord. I Irak har åra etter Baath-regimets fall vore ein enorm tragedie for dei religiøse minoritetane. Dei religiøse minoritetane i Syria har valt å halde seg til Assad-regimet.
I begge statane var det ei minoritetsgruppe som var det viktigaste grunnlaget for Baath-regimet. I Irak var det sunnimuslimske arabarar, med nære band til andre arabiske statar, særleg Jemen og Egypt. I Syria har det vore den sjiamuslimske sekta alawittane. Etter den sjiamuslimske revolusjonen i Iran i 1979 vart banda tettare mellom Damaskus og Teheran. Syria stod blant anna på Iran si side under Iran–Irak krigen på 1980-talet. Medan Baath-regimet i Irak var alliert med republikkane i arabarverda mot vest og sør, var altså Baath-regimet i Syria alliert med sjiaislamistiske Iran i aust.
Baath-regimets fall i Irak etter den amerikanske invasjonen i 2003 førte til store politiske reformer under amerikansk leiing. Men den politiske prosessen femna ikkje heile samfunnet, og ein borgarkrig rasa frå 2005 til 2008. I Irak vart det eit sjiamuslimsk fleirtalstyranni. Frå 2003 til 2015 vart den kristne befolkninga i Irak redusert frå over ein million til under 150.000, og då IS fossa fram frå 2014, vart jesidiane i Nord-Irak offer for folkemord. I Syria er det her den store frykta ligg. Kjem det no eit sunnimuslimsk fleirtalstyranni som vil drive dei religiøse minoritetane bort på liknande vis?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.