Utviklingsløyve
Gratisløyve skulle gje teknisk nyskaping i oppdrettsnæringa. Konsesjonar verde mange milliardar er delte ut, utan krav om at anlegga skal vere lusefrie eller hindre utslepp.
Havmerden til SalMar, «Ocean Farm 1», på veg frå Kina til Noreg. Merden er ein stålkoloss med diameter på 110 meter, og ligg no innanfor øyane i Froan. Gratiskonsesjonane som merden har fått, er verde mykje meir enn prosjektet har kosta.
Foto: SalMar
Den norske oppdrettsnæringa er inne i ein økonomisk gullalder, men baksida av medaljen har blitt stadig tydelegare. Lakselus gneg på villaks og sjøaure, lusemidla drep krepsdyr i fjordane, og rømt oppdrettslaks blandar seg med villaksen i elvane, for å nemne noko. Luseproblema har fått styresmaktene til å halde att veksten til næringa, og lakseproduksjonen i Noreg har nesten ikkje auka sidan 2012.
Dette er bakgrunnen for at regjeringa i 2015 innførte ei ordning med såkalla utviklingsløyve, det vil seie gratis laksekonsesjonar til selskap som ville utvikle ny teknologi for «å løse en eller flere av de miljø- og arealutfordringene som akvakulturnæringen står overfor». Kriteria for utviklingsløyva var vage: Ordninga skulle «stimulere til økt bærekraft, ønsket omstilling og innovasjon», men det vart ikkje stilt krav om at løyva skulle gå til anlegg som hindra lusesmitte, heller ikkje krav om at forsøksanlegga skulle samla opp skit og spillfôr.
Ein god deal
Med så opne kriterium burde dette vere eit svært attraktivt tilbod, for ein oppdrettskonsesjon er i dag eit gullkanta papir. Ein ordinær laksekonsesjon – tilsvarande 780 tonn laks – kan i dag ha ein verdi på nærare 150 millionar kroner. Men gratis konsesjonar til forsøksanlegga var ikkje nok for å freiste oppdrettarane til å utvikle ny teknologi, meinte regjeringa. Når forsøksperioden er over og alle delmåla er nådde for eit utviklingsprosjekt, kan selskapet få konvertere utviklingsløyva sine til vanlege løyve – altså drift med tradisjonelle merdar – ved å betale ti millionar kroner per konsesjon.
Dermed har ikkje regjeringa berre fjerna det aller meste av risikoen for selskapa som får utviklingsløyva. Så lenge dei oppfyller alle dei eigendefinerte delmåla med prosjekta sine, har dei fått ein nesten sikker økonomisk vinst. Og for nokre av vinnarane så langt er vinsten stor.
Opne anlegg
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.