Utopist-partiet

Miljøpartiet Dei Grøne har vorte for atomkraft, betong og verkeleg stor pengebruk.

Dei nasjonal talspersonane i MDG, Arild Hermstad og Une Bastholm, heldt landsmøtetalane på den digitale møteplattforma Zoom frå eit møterom på Stortinget i Oslo. På grunn av den pågåande koronapandemien kunne ikkje partiet møtast fysisk, og heile landsmøtet vart halde digitalt.
Dei nasjonal talspersonane i MDG, Arild Hermstad og Une Bastholm, heldt landsmøtetalane på den digitale møteplattforma Zoom frå eit møterom på Stortinget i Oslo. På grunn av den pågåande koronapandemien kunne ikkje partiet møtast fysisk, og heile landsmøtet vart halde digitalt.
Publisert

Alle religionar, jamvel ateistar, har sine heilage kyr. Hjå Miljøpartiet Dei Grøne er kua vorten miljøversting. I byrjinga av april, etter det siste landsmøtet, fekk den mest markante MDG-aren i Drammen, Ståle Sørensen, nok. Han melde seg ut. Han hevda at partiet hadde vorte ei «sekt for rettroende» og noko heilt anna enn det han melde seg inn i: «Det MDG jeg ble med i i 2013, var et litt rufsete, hippie-inspirert parti. På mange måter et svært liberalt parti og iallefall nytenkende.» Det var visst den siste landsmøtemiddagen han fekk servert for eit par år sidan, som til slutt hadde fått begeret til å renna over.

På det fyrste landsmøtet hadde han fått både kjøt, fisk og alkohol: «Landsmøtet etter dette ble helvegetarisk med vegansk som mulig tilvalg og så flyttet man alkoholserveringen fra bordene til en bar i et annet rom hvor man måtte gå ut og hente seg en øl selv. Så til slutt kulminerte det hele med et helvegetarisk/vegansk landsmøte med totalt alkoholforbud under landsmøtemiddagen.»

No er det i og for seg forståeleg at MDG-arar ikkje liker kjøt, for som vi veit, er både kyr og sauer plaga med flatulens, men å laga øl er ein eldgamal konserveringsteknikk for korn, som dimed ikkje rotnar og slepper ut CO2, og difor er nokså greitt for klimaet. Men som det står i programmet: MDG vil «videreføre en restriktiv alkoholpolitikk».

Vedteke program

Og det er dette eg er mest nyfiken på når eg igjen skal lesa MDGs program: Kor religiøse eller kor rasjonelle vel dei å vera denne gongen? Kva vektlegg dei ved dette høvet? For det er den spagaten eit miljøparti står i: Skal dei taka omsyn til det som er mogleg, eller skal dei leggja vekt på å vera mest mogleg fromme? I alle høve vart det også vedteke partiprogram på det digitale landsmøtet i år. Det må vera ein vellukka start på programmet når eit landsmøtet knapt genererer utslepp.

I år har dei vedteke at dei er eit parti for framtida, den verkeleg lange framtida: «Vi vil mobilisere menneskehetens viljestyrke, skaperkraft og optimisme for å ta vare på livsgrunnlaget på jorda, og fremme samhørighet med alt levende på planeten vår – nå, og i årtusenene som kommer.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement