Utnytting av ung arbeidskraftDet er stort sprik mellom lovorda og pengestøtta til unge gründerar og forståinga for kvardagen til dei som held liv i ei lita bedrift.

Det er stort sprik mellom lovorda og pengestøtta til unge gründerar og forståinga for kvardagen til dei som held liv i ei lita bedrift.

Her møter kronprins Haakon unge gründerar (UngInvest AIB) på ein konferanse i Bjørvika i fjor haust.
Her møter kronprins Haakon unge gründerar (UngInvest AIB) på ein konferanse i Bjørvika i fjor haust.
Publisert

– Vi må skape nye arbeidsplassar som kan vere med på å sikre velferda vår også i framtida. Dette er eit politisk mantra dei aller fleste stiller seg bak.

Denne månaden er det Ungt Entreprenørskap-arrangement (UE) over heile landet. Elevane lærer å starte, drive og avvikle eigne bedrifter i løpet av eit skuleår. Dei konkurrerer om kven som har den beste forretningsideen, det beste produktet og så vidare. Det heile toppar seg med noregsmeisterskapen i Lillestrøm 26.–27. april. Regjeringa støttar arbeidet med fleire titals millionar kroner. I fjor lanserte dei ein ny gründerplan som skulle gi enklare tilgang til pengar, kompetanse og nettverk for unge entreprenørar.

Røynda i kulissane

Men korleis er det eigentleg bak det glansbiletet av å drive eiga verksemd som ungdomar blir presenterte for? Har det offentlege apparatet like stor forståing for korleis det er å ta det heile og fulle ansvaret for eiga inntekt?

For nokre år sidan hadde eg ei erfaring som avdekte at offentleg tilsette ikkje fattar skilnaden på det å jobbe i ei stor statleg eller privat verksemd og det å vere 100 prosent ansvarleg for den daglege inntekta. Eg vart spurd om eg ville vere jurymedlem i panelet som skulle vurdere dei ulike ungdomsbedriftene.

Honorarpraksisen avslørte mangel på forståing. «Alle dei andre» gjorde det gratis.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement