JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtdanningSamfunn

Toleransegrensa er flytta

Valden og truslane i skulen har blitt meir alvorlege, meiner Lene Bakkedal.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Andre tilsette ved skulen er minst like utsette for vald og truslar som læraren er, seier Lene Bakkedal.

Foto: Berit Roald / NTB

5265
20231201

Samtalen

Lene Bakkedal

forbundssekretær i Skolenes landsforbund

Aktuell

Vald og truslar i skulen

sofie@dagogtid.no

Onsdag publiserte Aftenposten ein artikkel om vald i skulen. Etter å ha fått innsyn i 23.292 avviksmeldingar i 2017–2022 kunne dei fortelje at det blir meldt inn i snitt 20 valds- og trusselepisodar i Oslo-skulen kvar dag, med flest avvik i barneskulen.

Lene Bakkedal er forbundssekretær i Skolenes landsforbund og har vore kontaktlærar i 20 år på ungdomstrinnet.

– Er du overraska over funna til Aftenposten?

– Nei, dessverre. Eg får mange tilbakemeldingar på dette frå medlemmene våre.

– Har du sjølv opplevd episodar i klasserommet der ein elev har kome med truslar eller utsett deg for vald?

– Ja, det har eg, fleire gonger. Det skjer ting i klasserommet, men då mest truslar eller at dei fyk ut etter å ha velta ein stol eller pult. Då eg gjekk inspeksjon i friminutta, opplevde eg også episodar.

– Har det blitt meir vald og truslar i skulen i løpet av dei åra du har vore lærar?

– Det har det. I barneskulen blir det no meldt om at det er eit aukande problem, i tillegg til at valden og truslane har blitt meir alvorlege. Men ein høyrer òg om ein travlare kvardag for dei tilsette med meir inspeksjon og færre hender i klasserommet.

– Kvifor har utviklinga gått i den retninga?

– Eg trur først og fremst at dette ikkje er eit skuleproblem, men eit samfunnsproblem. Eg meiner me har flytta grensa for kva me tolererer, og eg trur at mange foreldre har store forventingar og krav til barnet sitt. Det er færre som tenkjer på «klassa vår» eller «skulen min», no er det meir merksemd mot «son min/ dotter mi». Me må få tilbake samarbeidet mellom heim og skule ­– og tilliten til læraren. Med 27 elevar i klasserommet er det vanskeleg for læraren å sjå og hjelpe alle, og rammene blir meir flytande. Dette kan føre til frustrasjon hos elevane.

– Nokre elevar har det også vanskeleg heime?

– Enkelte har det vanskeleg heime, andre opplever eller har opplevd ting dei ber med seg, og som kjem til uttrykk ved at ein blir meir usikker. Dei er eigentleg trygge på læraren sin eller andre tilsette, og difor tør dei å utagere. Det er viktig å hugse på at andre tilsette er minst like utsette, kanskje meir enn læraren, og dei er ikkje skjerma av det særskilde vernet som pedagogisk tilsette har mot vald og truslar.

– Kva kjenneteiknar elevane som kjem med vald og truslar?

– Det er ikkje noko kjenneteikn på dei, og det er heller ikkje noko kjenneteikn på dei tilsette som vert utsett for vald og truslar. Det kan skje alle, ein kan vere på feil plass til feil tid.

– Kan det tenkjast at nokre lærarar treng å bli meir «hardhuda» i møte med elevane? At dei for raskt oppfattar noko som ein trussel?

– Nei, er ein som lærar usikker på om det er avvik i klasserommet, skal ein føre avvik. Dess fleire avvik leiinga får inn, dess lettare er det å lage risikoanalyse og drive førebyggande arbeid. Det er viktig for dei andre elevane at det blir ført avvik, dei opplever òg å bli utrygge når nokon utagerer plutseleg.

– Fleire av avviksmeldingane Aftenposten viser til, er alvorlege: «tisset i hånden og kastet urin i ansiktet på ansatt», «hadde en utagerende elev som sa han skulle ta med kniv i morgen å drepe meg». Opplæringslova gir ikkje heimel for at tilsette kan gripe inn fysisk overfor elevane. Bør ein kunne gjere det?

– Det har akkurat vore eit høyringsforslag på ei ny lov i samband med dette. Likevel: Ein må jobbe aktivt med førebygging, og her har nyleg lærarorganisasjonane saman med KS og Arbeidstilsynet starta eit samarbeid. Kva type arbeid det skal vere, er ikkje landa enno, men eit sentralt spørsmål er kva skulane der det går bra, gjer, og kva kan ein lære av dei.

– Korleis meiner du ein bør møte dei valdelege elevane?

– Dei valdelege elevane er like mangfaldige som alle andre elevar. Eg meiner, som alle andre tilsette i skule og barnehage, at barn og unge skal møtast der dei er, og me må få tid til å bygge relasjonar og heve kompetansen i skulen.

– Men er det skulen sitt ansvar å lære born og unge at vald og truslar ikkje er greitt?

– Nei, det er det ikkje. Det er ikkje min jobb å oppdra andre sine barn, men så heiter det jo også it takes a village. Nokre stader har ikkje barna gode førebilete heime, og då blir skulen særleg viktig for dei. Skulen skal både danne og utdanne, riktig kompetanse er difor naudsynt. Skulen er også ein av dei siste fellesarenaene me har i samfunnet. Til dømes les «ingen» dei same nyheitene lenger, men i fellesskulen treffer me alle, og det skal ligge like sjansar i botnen. Og me må vere tydelege vaksne som set rammer for kva me tillèt i klasseromma våre.

– Ifølgje Marte Gerhardsen i Utdanningsetaten kjem dei fleste avviksmeldingane frå uerfarne lærarar. Ho meiner dette viser at erfaring og kompetanse gjer ein tryggare. Får lærarane den kompetansen dei treng for å kunne handtere situasjonar der elevar vert valdelege?

– Det er alltid viktig med kompetanse, men me kan ikkje «skulde» på dei uerfarne lærarane. Dei gjer så godt dei kan, ut frå dei verktøya dei har, og det er alltid arbeidsgivaren, altså skuleeigarens ansvar at det er rett kompetanse på rett stad.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Samfunn

Handlingsplanar til liten nytte?

Forskarar, tenkjetankar og byråkratar har produsert ei mengd rapportar og planar til hjelp for norske born og kvinner med minoritetsbakgrunn som er stranda i utlandet.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis