Kan du tippa kor mange professorar vi har i dette landet? Eit hint er at vi hadde 214 i 1961. Sa du 1000? Feil. Svaret er 4500 per 1. oktober 2020. Legg du til dei med professor 2-stillingar, har vi over 6000.
Fram til 1980-åra var det kanskje éin eller to på kvart institutt. Men mellom 1983 og 1985 kom eit byks på 300 nye – og deretter har det berre auka på. Tek vi utgangspunkt i fjoråret, kan vi alt ha fått 50 nye professorar berre hittil i år.
Veksten er ikkje tilfeldig, men kjem som ein del av internasjonaliseringa, spesialiseringa og teoretiseringa ved utdanningsinstitusjonane våre. Mykje av dette er sjølvsagt fornuftig og må til i eit moderne utdanningssamfunn. Men det har òg klare uheldige sider, ikkje minst for profesjonsutdanninga og dei gamle desentraliserte høgskulane. Dei har dei siste tiåra stadig nærma seg dei teoretisk-orienterte universitetsutdanningane, ofte med nedvurdering av praksiskunnskapen som resultat. I dag opplever dei gamle høgskulane krav om internasjonal publisering følgd av ei mengd rapporteringar og evalueringar for å syna at det faglege nivået tilsynelatande styrkjer seg.
Teoretiseringa i undervisingssektoren startar alt i grunnskulen, der sjølv gymnastikkfaget er prega av teori. Og lærarskuleelevane må no, etter 2016, ta ei femårig utdanning og skriva ei forskingsbasert masteroppgåve. Er det prestisjen til lærarane ein prøver å styrkja på denne måten? Ville det ikkje då vore betre å gje lærarane auka fridom og færre rapportar å fylla ut?
Rune Slagstad, som har vore professor i ulike fag og no er tilsett ved Institutt for samfunnsforskning, har i mange år vore oppteken av utdanningspolitikk og kor viktig det er å ta vare på særtrekka ved den praktisk-orienterte profesjonsutdanninga. Då Slagstad skulle halda ei førelesing om dette temaet ved Nord universitet på Nesna på helgelandskysten, spurde vi om han kunne skriva førelesinga om til ein artikkel i Dag og Tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.