Utdanning

Saknar ambisjonar

Ap og Sp fjernar firarkravet i matte for å kome inn på lærarutdanninga. Mathilde Tybring-Gjedde (H) meiner argumentasjonen deira ikkje heng på greip.

Mathilde Tybring-Gjedde (H) seier at mykje av mattepensumet som Ap og Sp vil senke karakterkravet til for å kome inn på lærarstudiet, er repetisjon frå grunnskulen.
Mathilde Tybring-Gjedde (H) seier at mykje av mattepensumet som Ap og Sp vil senke karakterkravet til for å kome inn på lærarstudiet, er repetisjon frå grunnskulen.

Skal vi tru Høgre og Venstre, vitnar det om lågare ambisjonar på vegner av lærarane når Arbeidarpartiet og Senterpartiet no skal fjerne kravet om karakter 4 i matte for å kome inn på lærarutdanning. Stortingsrepresentant Mathilde Tybring-Gjedde (H) er blant dei som har gått hardt ut mot å vrake firarkravet.

– Karakterkrav 4 i P-matte, som er den enklaste matten frå vidaregåande, har ført til at fleire fullfører lærarutdanninga og at langt færre stryk på matteeksamen på lærarutdanninga. Det gjer at vi får fleire gode lærar med grunnleggjande matematisk forståing ut i andre enden.

– Men kravet vart innført i 2016, og lærarutdanninga er femårig, så de har berre eitt kull å måle resultata ut frå.

– Ja, og vi såg at 7 prosentpoeng fleire gjennomførte lærarutdanninga i år enn i fjor, som er eit stort hopp. Liknande hopp såg vi då karakterkravet 3 i norsk og matte vart innført tidleg på 2000-talet.

– Samstundes går søkjartala til lærarutdanningane ned, og i august i år hadde 23 lærarutdanningar ledige plassar.

– At det er for få søkjarar, må vi ta på alvor. Samstundes var det rekordmange søkjarar for tre år sidan, og då hadde vi òg firarkravet. Vi kunne sikkert fått fleire inn om vi fjerna krava heilt, reduserte talet på studieår eller ikkje satsa på vidareutdanning, men det hadde ikkje ført til betre undervisning eller å gje yrket auka status. Matte er dessutan obligatorisk i grunnskulelærarutdanninga, og det er framleis det faget flest stryk i.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement