JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtdanningSamfunn

Pengar fiksar ikkje alt

– Det er ikkje sikkert at det er mogleg å redusere fråfallet i vidaregåande særleg meir gjennom politiske reformer, meiner Jon Rogstad.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2724
20210416
2724
20210416

peranders@dagogtid.no

Jon Rogstad er forskar ved Nova på OsloMet og har forska mykje på fråfall i skulen. Saman med Kaja Reegård var han redaktør for boka De frafalne. Om frafall i videregående opplæring frå 2016.

– Vi har hatt mange regjeringar og mange utdanningsreformer sidan 1994, men det mest slåande med fråfallet er at det har vore såpass stabilt. Trass i iherdig innsats og store midlar har ikkje fråfallet gått så mykje ned. Kanskje kan ikkje dette løysast med pengar, seier Rogstad.

– Eitt spørsmål er om vi er for utolmodige. I Noreg måler vi fråfallet fem eller seks år etter at elevane byrja på vidaregåande. Hadde vi målt etter ti år, hadde vi fått eit anna resultat. Så kan vi spørje oss kor stort problemet eigentleg er. Det er fleire gutar enn jenter som droppar ut av vidaregåande skule, samstundes klarer dei seg betre enn jentene. Og mange av desse gutane seier sjølve at dei hadde det verst før dei droppa ut – dei fekk det betre etterpå.

Ny arbeidsmarknad

– Når det faktisk er fleire enn før som fullfører, kvifor blir situasjonen ofte framstilt som så dramatisk?

– Ein grunn er vel at vi så ofte får høyre at vi lever i eit kompetansesamfunn der formell utdanning blir sett på som svært viktig. Ein annan grunn er at så mange av arbeidsplassane for dei med låg utdanning nesten har forsvunne. Dei som skal ut i arbeidsmarknaden no, treng utdanning.

– Samtidig er det stor import av arbeidskraft, og storparten av arbeidsinnvandrarane har ikkje høgare utdanning?

– Ja. Mange som kjem, er faglærte, men det er òg mange ufaglærte. Mange av dei som kjem frå andre land, utfører jobbar som få nordmenn vil ha. Her slitst vi openbert mellom ulike ideal. Vi kunne ha opna arbeidsmarknaden meir for jobbar som lågare betalte. Men da får vi større skilnader, og det vil vi ikkje.

Lokal læring

Heller enn store reformer vil Jon Rogstad framheve lokale tiltak der elevane får lære i situasjonar som liknar vanleg arbeidsliv.

– Her er det mogleg å gje ungdom noko skulen slit med å gje dei, ein setting der dei kan kjenne meistring og tilhøyrsle. Skulen er svært individualisert, og mange kjenner seg utanfor. I arbeidslivet er det ein annan logikk. «Om du ikkje kjem, får ikkje eg gjort jobben min», seier Rogstad.

– Men same korleis ein gjer det, er det grenser for kor mange ein kan få gjennom eit utdanningssystem. Vi vil alltid ha ei gruppe med store helseproblem eller familieproblem av ulike slag, det kan ein ikkje reformere seg bort frå. Dette vil vere ein viss prosent av dei unge. Og helse er ikkje rettferdig fordelt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis