Utdanning
Ny kamp om skuleplassane
Fritt skuleval har ført til høgare karakterar, men skulane har vorte meir segregerte.
Regjeringa vil innføre fritt skuleval for elevar på vidaregåande skule. I dag er det opp til fylkeskommunane å avgjere inntaksmodell.
Foto: Thomas Brun / NTB
Søndag offentleggjorde kunnskapsminister Guri Melby (V) at fylkeskommunane må skrote nærskuleprinsippet. I staden skal regjeringa lage ein ny inntaksmodell for dei vidaregåande skulane basert på «friare skuleval». Modellen skal utarbeidast i samarbeid med interesseorganisasjonen for kommunane og fylkeskommunane, KS, som er sterkt kritisk til at fylkeskommunane no skal verte overstyrte. Inntaksordninga er også i seg sjølv politisk omstridd og skil venstre- og høgresida frå kvarandre i norsk politikk.
Astrid Marie Jorde Sandsør er forskar ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo og Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU), og kjenner forskinga på feltet.
– Enkelte kallar det fritt skuleval, andre karakterbasert opptak. Kva omgrep føretrekkjer du?
– Det inneber eigentleg to forskjellige ting. Fritt skuleval er eit vidare omgrep som inneber fridommen til å velje kva for ein skule ein ønskjer å gå på. Kva for kriterium som ligg til grunn, kan variere. Ein kan til dømes leggje til grunn dels karakterar og dels geografi. Karakterbasert opptak er opptak berre på grunnlag av karakter innanfor eit opptaksområde.
– Då går vi for det enklaste, fritt skuleval. Det er lett å tenkje at dei sterke vinn på ei slik ordning og dei svake tapar. Er det noko i det?
– Enkelte studiar viser at det kan gå betre med elevar som får høve til å velje, med betre prestasjonar og mindre fråfall på vidaregåande. Det kan vere fordi dei føler seg meir veltilpassa på ein skule dei aktivt har valt å gå på. Samstundes er ein uroa for dei som ikkje kan velje i eit karakterbasert opptak, til dømes fordi dei får dårlegare karakterar. Det finst ikkje studiar frå Noreg som viser at det går dårlegare med desse elevane, men dette manglar ein forsking på for å kunne slå fast sikkert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.