Fråfall i skulen: den glade versjonen
Mytane florerer i ordskiftet om skulefråfallet, meiner sosiolog Kristoffer Chelsom Vogt. Aldri før har så mange fullført vidaregåande som no.
Fråfallet har gått ned i vidaregåande skule. På studiespesialisering fullfører nesten 90 prosent av elevane i løpet av fem år.
Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB
Fråfall og fullføring
Av dei som byrja i vidaregåande utdanning i 2013, hadde 78 prosent i fjor fullført med studie- eller yrkeskompetanse.
Aldri har ein større del av eit årskull fullført og bestått.
På studieførebuande retningar fullførte 88 prosent av elevane på fem år.
68 prosent på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma fullførte i løpet av seks år.
Ein stor del av elevane på yrkesfaglege program fullfører etter meir enn seks år.
Sjølv om desse fullfører, blir dei likevel rekna som fråfalne i statistikken.
Gjennomsnittsalder for dei som får fagbrev i Noreg, er 28 år.
Fullføringsreforma
26. mars la regjeringa fram stortingsmeldinga «Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden».
Reforma vart kalla «den største endringa av vidaregåande opplæring sidan Reform 94».
Målet er å få fleire elevar til å fullføre vidaregåande.
Alle elevar skal få rett til opplæring fram til studie- eller yrkeskompetanse.
Det skal brukast ekstra ressursar på elevar som er i fare for å stryke.
Regjeringa vil innføre rett til lærlingplass «eller likeverdig tilbod» for elevar på yrkesfag.
Sterkast motstand vekte forslaget om å redusere talet på fellesfag og innføre eit «framtidsfag».

Utdanning
peranders@dagogtid.no
Mange politiske reformer kjem skeivt ut frå hoppet, men det er uvanleg at dei buklandar på så pinleg vis som Fullføringsreforma til regjeringa gjorde før påske. Forslaget om å redusere fellesfaga i vidaregåande og skjere ned på «mindre fag» som historie utløyste rasande respons. Og det reforma eigentleg skulle handle om, ei rekkje tiltak for å få fleire til å fullføre vidaregåande skule, vart vekk i rabalderet. For tida fullfører kring 78 prosent av elevane vidaregåande skule, og regjeringa vil ha fullføringsprosenten opp til 90.
Dette er ikkje staden for ei brei vurdering av reformforslaget som medisin mot fråfallet. Her skal vi sjå på sjølve diagnosen som ligg til grunn for både reforma og ordskiftet om temaet. Politikarar frå heile partispekteret har dei siste åra snakka om skulefråfallet som eit stort samfunnsproblem. Men debatten er prega av mytar, meiner Kristoffer Chelsom Vogt, førsteamanuensis ved Sosiologisk institutt ved Universitetet i Bergen. I fleire artiklar dei siste åra har han utfordra denne framstillinga. Omfanget av fråfallet er overvurdert, og konsekvensane av fråfallet er ofte mindre alvorlege enn dei blir framstilte som, meiner Vogt. Og han har tal å vise til.
Rekordhøgt
– Vi veit at gjennomføringsgraden i vidaregåande aldri før har vore så høg som no. Det store hoppet kom med Reform 94. Sidan da har kring 70 prosent gjennomført vidaregåande i løpet av fem år, og dei siste par tiåra har gjennomføringsgraden auka noko. Men i same periode har uroa over fråfallet auka enormt, seier Vogt til Dag og Tid.
Også den stigande uroa over utviklinga lèt seg talfeste: Frå 2000 til 2010 vart talet på artiklar i norske aviser om fråfallet i vidaregåande skule per år meir enn hundredobla. Og medan «frafall i videregående» vart nemnt i to plenumsmøte på Stortinget i 1990-åra, var det nemnt i 90 slike møte i 2010-åra. Dette trass i at fråfallet altså ikkje har auka, men minka.
– Når fråfallsprosenten faktisk har gått ned, kvifor gjev da ordskiftet inntrykk av ei forverring?
– Eg trur det er fleire samfunnstrendar bak dette. Ein av dei er at det har blitt meir utbreidd å sjå på utdanning som løysinga på alle samfunnsproblem. I tillegg har det vore ei aukande uro over unge vaksne som fell utanfor arbeidslivet. Men også der er biletet ganske stabilt over tid, seier Vogt.
Feil definisjon
Eitt av problema med ordskiftet om fråfall i vidaregåande er knytt til måten norske styresmakter har valt å definere fråfallet på, påpeikar Kristoffer Chelsom Vogt. Frå 1994 måtte ein elev ha fullført vidaregåande i løpet av fem år for bli rekna med blant dei som fullførte. Den definisjonen kunne høve for det som før vart kalla allmennfag og no studiespesialisering. Problemet er at svært mange elevar på yrkesfaga brukte – og brukar – mykje lengre tid enn dette på vegen fram til fagbrev.
I dag er «fristen» utvida til seks år for yrkesfag, men også det er for lite, meiner Vogt: Mange blir forseinka i utdanninga fordi det kan ta lang tid å få lærekontrakt.
– Vi veit at berre litt over halvparten av elevane på yrkesfag fullfører på fem år. Fråfall blir erklært om elevane ikkje fullfører i løpet av det året dei fyller 21 år, men gjennomsnittsalderen for dei som fullfører yrkesfagleg vidaregåande i Noreg, er 27 år. Definisjonen vår av å fullføre utdanninga utelèt altså ein svært stor del av dei som faktisk fullfører.
– Utan realisme
Dette gjer det òg vanskeleg å samanlikne fråfallstala i Noreg med tal frå andre land, meiner Vogt.
– I så fall må vi jo sjå på kva slags skule det er folk skal fullføre. På yrkesfaga i Noreg er skulen kombinert med lang utplassering som lærling i bedrifter. Det tek tid, men vi gjer det fordi vi ønskjer å ha fagarbeidarar i verdsklasse. Paradokset oppstår når du både skal ha fagarbeidarar i verdsklasse – og vil at 90 prosent skal kome gjennom vidaregåande på fem–seks år.
Målet om at 90 prosent av elevane skal bli ferdige på fem år, stammar frå Reform 94, da eit stort mangfald av ulike yrkesutdanningar vart standardiserte til to år i skule og to år i lære.
– Men da vi fekk dei første tala på fullføringa i 1999, viste det målet seg å vere heilt urealistisk. At regjeringa framleis held fast på dette, er eit teikn på at ein ikkje klarer å akseptere realitetane. 90-prosentmålet må vere tenkt ut av byråkratar og overambisiøse politikar utan forankring i realiteten. Om det skulle vere mogleg, må ein gå vekk frå ordninga med lærlingtid i bedriftene.
«Taparane»
Kristoffer Chelsom Vogt meiner òg at dei negative følgjene av å ikkje fullføre vidaregåande ofte blir overdrivne. «I dag faller mellom 20 og 25 prosent fra. Uten avsluttet videregående utdanning risikerer de aldri å komme inn i yrkeslivet», sa til dømes Ap-leiar Jonas Gahr Støre til Aftenposten i fjor. Og særleg blir konsekvensane for gutane framheva i ordskiftet: «Vi ser at gutta faktisk ender som tapere», sa til dømes Høgre-politikar Heidi Nordby Lunde i ein NRK-debatt i 2018.
– Det er mange mytar og misforståingar om dette. Data viser at storparten av dei som ikkje fullfører vidaregåande, klarer seg bra, seier Vogt.
I fjor laga han ein studie saman med to kollegaer der dei såg på data om «fråfalne» frå tre årskull – dei som tok til på vidaregåande i 1994, 1999 og 2004 – og følgde livsløpa deira fram til 27-årsalderen. Det viste seg at 70 prosent av desse i hovudsak var i arbeid eller utdanning, og i snitt var det gutane som hadde klart seg best økonomisk. 16 prosent av desse hadde som 27-åringar ei årsinntekt i den øvste tredelen av befolkninga, mot berre 1,6 prosent av jentene som ikkje fullførte vidaregåande.
–?Mange hevdar at det går dårlegast med gutane som ikkje fullfører vidaregåande. Men dette stemmer ikkje om du ser på tala.
Perspektivet
Vogt etterlyser større aksept for at livsløp kan arte seg ulikt for ulike menneske på ulike stader i landet.
– Mykje av uroa over fråfallet er prega av perspektivet til folk med mykje utdanning, busette i storbyane, som tek utgangspunkt i sin eigen omgangskrins.
– Men det vil uansett vere bra om folk klarer å fullføre vidaregåande i løpet av fem år?
– Ja, å fullføre på fem år er betre enn å ikkje gjere det. Men dei som ikkje fullfører, har gjerne ikkje lineære livsløp. Dei er kanskje inn og ut av jobbar, og kanskje fullfører dei vidaregåande etter kvart.
– Er det ikkje ein årsakssamanheng mellom fråfall i vidaregåande og vanskar seinare i livet?
– Dei som endar som uføre tidleg, har mykje større problem i livet enn at dei ikkje fullførte vidaregåande skule på fem år. Somme set opp reknestykke der fråfall frå vidaregåande er rota til alt vondt, men dei reknestykka fortel oss ikkje om helsa til dei det gjeld, om mobbing, traume eller familieforhold, for å nemne noko, seier Vogt.
– Relevans og kvalitet i utdanninga er minst like viktig som fullføringsprosenten. Men den tverrpolitiske uroa over fråfallstala har vore så stor at det har vore vanskeleg å snakke om andre sider ved vidaregåande utdanning. Fråfallet har blitt den gode fienden.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Storparten av dei som ikkje fullfører vidaregåande, klarer seg bra.
Kristoffer Chelsom Vogt, sosiolog
Fleire artiklar
Terje Lie (t.v.) etter å ha vunne eit av sine mange NM-gull, saman med makkeren Nils Kåre Kvangraven.
Foto: Norsk bridgeforbund
Frå Bridgeverda: Berre det beste
Fekk ikkje plass til alt
– Det er ikkje vår oppgåve å drive med polemikk. Vi har levert eit fagleg arbeid, seier kommunikasjonsdirektør Ola Anders Skauby i Sokkeldirekoratet.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons