JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtdanningSamfunn

Ettertrakta gratisutdanning

Forslaget om å krevje skulepengar av utanlandsstudentar frå land utanfor EØS og Sveits markerer ei kuvending i debatten om internasjonalisering, meiner forskar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsråd Ola Borten Moe vil stramme inn budsjettet ved å innføre studieavgift for studentar utanfor EØS-området og Sveits.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

12943
20221021

Bakgrunn

Regjeringa føreslår å innføre studieavgift for studentar som kjem frå land utanfor EØS-/EU-land og Sveits.

Utgifta gjeld dei som tar ein heil grad, utvekslingsstudentar er skjerma.

Kunnskapsdepartementet anslår grovt budsjettinnsparinga og frigjering av utdanningskapasitet for Noreg og EØS-søkjarar til om lag 1,2 milliardar kroner.

Kjelde: Regjeringen.no

Utdanning

christiane@dagogtid.no

Det måtte verte bråk. Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe gjorde ikkje mykje for å sukre pillen då forslaget til statsbudsjett vart lagt fram torsdag 6. oktober. «Utanlandske studentar skal betale for å studere i Noreg», lydde overskrifta på ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

– Norske studentar må i dei aller fleste tilfelle betale studieavgift for å studere i utlandet. Det er ingen grunn til at det skal vere annleis her, uttalte Moe.

Sjølv om Hurdalsplattforma slår fast at høgare utdanning i Noreg skal vere gratis for internasjonale studentar, og sjølv om innføringa av skulepengar vart føreslege for å stramme inn statsbudsjettet, snakka Moe om budsjettkuttet som ei offensiv avgjerd, ja, nærmast som eit kinderegg.

Avgjerda gjer det ikkje berre mogleg å prioritere studieplassar og studentbustader til norske studentar, ifølgje statsråden, men også gje oss meir motiverte internasjonale studentar.

På toppen av det heile gjev det norske høgskular og universitet høve til å auke inntektene sine – vel å merke dersom dei klarer å rekruttere fleire betalande utanlandsstudentar enn regjeringa har basert budsjettet på.

– Stopp, stopp, stopp

Nemnde eg bråk? Då Moe inviterte til studentpolitisk toppmøte i representasjonsbustaden til regjeringa tysdag denne veka, møtte han studentar kledde opp til protest i grøne T-skjorter med teksten «#Stopp skolepenger». Fagbladet Khrono skildra levande korleis studentane fall over kvarandre som dominobrikker for å symbolisere kva dei fryktar vil skje om ein rører ved gratisprinsippet i høgare utdanning.

Statsråden kontra med ei eiga T-skjorte med teksten «Gratisprinsippet står fjellstøtt».

Protesten ser ut som ein reprise av protestane dåverande statsråd Torbjørn Røe Isaksen vart møtt med då han prøvde å få gjennom den same politiske endringa i 2014. «Stopp, stopp, stopp skolepenger», lydde kampropet frå studentane den gongen. Ropet vart høyrt av KrF og Venstre, som nettopp stoppa skulepengane i budsjettforhandlingane.

Vil SV stoppe skulepengane i forhandlingane i år? Det står att å sjå. Partiet er sterkt imot avgjerda, men SVs utdanningspolitiske talsperson Freddy André Øvstegård har sagt til Khrono at regjeringa no bryt sin eigen lovnad og er nøydd til å rydde opp sjølv.

Internasjonalisering

I år er det over 24.000 utanlandsstudentar i Noreg. Talet er mangedobla sidan tusenårsskiftet – i 2000 var det om lag 5600 utanlandsstudentar her i landet, ifølgje tal frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH).

Kva har gjort den norske utdanninga så ettertrakta? Eit arbeidsnotat frå forskingsinstituttet Nifu frå 2019, skrive av Jannecke Wiers-Jenssen, gjev fleire svar.

Eit av dei er nettopp at norske lærestader ikkje har noka studieavgift – noko som truleg har vore enda viktigare etter at Sverige og Danmark har innført slik avgift for studentar utanfor EØS-området og Sveits.

Eit anna svar er at norske lærestader har oppretta fleire kurs og program på engelsk, som har vore ein føresetnad for å tiltrekkje seg studentar frå land utanfor Skandinavia.

Gratis utveksling

Det er verdt å merke seg at mange internasjonale studentar framleis vil kunne studere gratis i Noreg, også om budsjettforslaget vert vedteke på Stortinget.

Gratisprinsippet vil framleis omfatte studentar frå land innanfor EØS- og EU-land og Sveits. Også studentar på utveksling frå ein utanlandsk utdanningsinstitusjon som norske institusjonar har avtalar med, vil kunne studere gratis i Noreg i framtida, men her føreslår regjeringa at utdanningsstadene sjølve kan ta stilling til betaling. Tanken er at dei skal kunne inngå symmetriske avtalar, dersom avtaleparten krev betaling frå dei norske studentane.

Dei som må betale, er altså i hovudsak studentar frå land utanfor EØS-området og Sveits som vil ta ein heil høgskule- eller universitetsgrad i Noreg, om det så er bachelor eller master. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at i 2020 var det 8600 studentar frå land utanfor EØS-området og Sveits i Noreg. Dei fleste kom frå Kina (834), Iran (650), USA (434), Pakistan (525), India (514), Russland (273), Syria (623), Bangladesh (274), Nepal (501) eller Filippinane (322).

Tilstrøyminga av utanlandsstudentar er del av ei ønskt internasjonalisering av den høgare utdanninga i Noreg. I Noreg er det eit kunnskapspolitisk mål at halvparten av dei norske studentane skal ha vore utanlands i delar av utdanninga, og på same måte er det eit mål at studentar her heime skal ta del i eit internasjonalt studentmiljø.

Kraftig nedgang

Så kva konsekvensar vil innføringa av skulepengar for gradsstudentar utanfor EØS-landa og Sveits kunne få?

Den mest openberre konsekvensen er den regjeringa sjølv peiker på i framlegget til statsbudsjettet for neste år: Mange utanlandsstudentar vil forsvinne.

Kunnskapsdepartementet baserer reknestykka sine på at 70 prosent av dei internasjonale studentane det her er tale om, vil falle bort. I 2023 vil det tilsvare 2600 toårige studieplassar.

Regjeringa baserer anslaget på erfaringane frå dei andre nordiske landa, som etter tur har innført skulepengar. I Finland gjekk studenttalet ned med 36 prosent i 2017, i Sverige gjekk det ned med mellom 70 og 80 prosent i 2011, og i Danmark gjekk talet ned med 42 prosent i 2006 og ytterlegare 13 prosent i 2007.

Innføring av studieavgift skal spare statskassa for 74,4 millionar neste år og nærmare 300 millionar frå 2025 og framover, då dei nye reglane får full effekt. Kuttet til universitet og høgskular tilsvarer den summen dei vil kunne hente inn i form av studieavgift frå gruppa som kjem og er villig til å betale.

Kuvending

Jannecke Wiers-Jenssen, som i tillegg til å vere forskar ved Nifu er førsteamanuensis ved OsloMet og ekspert på studentmobilitet, har følgt den kunnskapspolitiske debatten tett. Ho oppfattar at forslaget om skulepengar markerer ei kuvending i den politiske debatten om internasjonalisering innan høgare utdanning.

–?Då stortingsmeldinga om internasjonal studentmobilitet vart debattert på Stortinget i fjor, var det berre Frp som hadde kritiske innvendingar til innhaldet. Det verka som om alle dei andre partia meinte at internasjonaliseringa var bra, seier ho.

I denne stortingsmeldinga kan vi mellom anna lese at utvekslingsstudentar frå utanlandske utdanningsstader har vore prioritert framfor studentar som på eiga hand søkjer seg til norske institusjonar for å ta ein universitetsgrad her.

Vi kan også lese at fleire andre land, som Finland, Nederland, Frankrike, Storbritannia, Canada, Russland, India og Kina legg monaleg meir vekt på å tiltrekkje seg gradsstudentar enn det Noreg gjer. Og at det å trekkje til seg gradsstudentar for mange land er ein del av ein større strategi for å trekkje til seg høgt kvalifisert arbeidskraft.

Strategisk rekruttering

Wiers-Jenssen ser for seg at innføringa av skulepengar kan opne for ei mindre tilfeldig og meir styrt rekruttering av utanlandsstudentar, også i Noreg.

– Det kan vere grunnar til å tenkje meir strategisk kring rekruttering frå utlandet. Dette har vore eit dilemma, fordi strategisk rekruttering kan kome i konflikt med bistandspolitiske mål. Om studentane vert verande her, risikerer ein at dei medverkar til hjerneflukt i landa dei kjem frå, seier ho.

Når studentar kjem via avtalte ordningar, har ein større styring på kven som kjem, påpeiker ho. Det meiner ho kan vere fornuftig.

–?Når studium er heilt opne, kan enkelte aktørar profittere på det. Plutseleg kan det til dømes kome mange studentar frå Nepal, fordi enkelte opptrer som agentar for norske studiestader derifrå.

Manglar arbeidskraft

Det er elles komplisert å spå alle konsekvensane av ei studieavgift, meiner Wiers-Jenssen.

– Som regjeringa ser for seg, vil det verte ein nedgang i talet på studentar frå den tredje verda, slik ein såg i til dømes Sverige. Men der innførte dei etter kvart nye stipendordningar, fordi dei trong fleire studentar for å møte trongen for kompetanse på visse område i arbeidslivet. Så kuttet kan verte til ei utgift seinare, seier ho.

For i tillegg til at skulepengar vil hindre ein del studentar frå å ta utdanning her, vil det truleg få dramatiske konsekvensar for enkelte fagfelt og institusjonar.

– Når det kjem færre studentar, vil ein del studieplassar stå tomme. Frå politisk hald vert det sagt at plassane kan fyllast med norske studentar, men det er ikkje slik at dei søkjer på dei same studia. Det finst studium som har mange utanlandske studentar fordi norske studentar ikkje søkjer seg dit, til dømes ein del ingeniør- og teknologiutdanningar. Her kan vi i første omgang få mangel på studentar og i neste mangel på arbeidskraft.

– Er innføring av skulepengar ein god eller dårleg idé, slik du ser det?

– Eg synest det er ein god idé å gå gjennom konsekvensane av den politikken ein fører i dag. Men forslaget kjem brått og verkar lite gjennomtenkt. Enkelte fagfelt vil kunne stå nesten utan studentar. Og det er jo ikkje slik at dei som underviser, sluttar på dagen. Dei er fast tilsette. Det tek tid å leggje om, så eit så brått kutt verkar som dårleg utnytting av ressursar.

Sterk motstand

Medan forslaget frå Moe er teke varmt imot på leiarplass i både Aftenposten og Dagens Næringsliv og også vil ha politiske støttespelarar, har motstanden frå universitets- og høgskulesektoren vore sterk og nærmast unison. Om det finst røyster som støttar statsråden i universitetsmiljøa, har dei ikkje rekt opp handa.

Ein som vil merke kuttet, er Curt Rice, som er rektor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Han fortel at NMBU har nærmare 20 prosent utanlandsstudentar, mellom 1400 og 1500 i talet, og om lag 400 av dei er gradsstudentar frå land utanfor EØS-området og Sveits.

– Vi har fleire studieprogram med svært mange utanlandsstudentar, til dømes innan samfunnsvitskap og utviklingsstudium. Om alle studentane skulle forsvinne, vil programma verte så små at vi kanskje vil måtte revurdere dei, seier Rice.

Han oppfattar utanlandsstudentane som svært motiverte.

– Vi manglar arbeidskraft i Noreg. Å invitere folk til å studere her er ein smart måte å få fleire høgt utdanna folk inn på arbeidsmarknaden på. Det er dyrt å bu her, og dei som kjem, må ha over hundre tusen kroner på konto. Så dei som kjem, er sterkt motiverte og har ein ambisjon om å få eit betre liv. Mange vert verande, og dei som ikkje gjer det, vert vårt bidrag til andre land som manglar kompetanse.

Færre gratistilbod

Ifølgje regjeringa er det i dag berre Island og enkelte tyske delstatar som tilbyr gratis utdanning for utanlandsstudentar.

– Kvifor skal Noreg vere eit unntak?

– Vi har eit overordna prinsipp om gratis utdanning, og det har også dei andre nordiske landa hatt tidlegare. Så er det politiske krefter som vil isolere seg frå andre land og har fått innført studieavgift. Vi har gratis utdanning for at ikkje berre dei rike frå andre land skal ha råd til å studere i Noreg. Og dei norske studentane som ikkje reiser ut, får likevel eit internasjonalt nettverk dei har med seg vidare i karrieren, seier Rice.

Prislapp: 130.000

Regjeringa legg opp til at utdanningsstadene sjølve kan setje prisen på ein studieplass, men krev at summen minimum må dekkje kostnaden. I gjennomsnitt er snittprisen i Finland og Sverige rundt 130.000 og 135.000 kroner.

– Kva vil ein studieplass på NMBU koste?

– Eg har ikkje grunnlag for å anslå noko anna enn regjeringa. Eg har heller ikkje tenkt å rekne på det, for eg tenkjer at forslaget må stoppast. Det er eit mysterium for meg korleis ei Ap-Sp-regjering kan innføre eit tiltak som skader norske studentar. Men eg går ut frå at dei med handa på hjartet meiner det ikkje er deira jobb å levere studium til ikkje-nordmenn.

Rice trur ikkje at innsparinga treng å verte så stor som regjeringa ser for seg.

– Forslaget er sendt på høyring, det skal tilbake frå høyring, og eit lovforslag må verte vedteke på Stortinget. Dette vil ikkje skje på ein måte som gjer det mogleg for oss å ta opp studentar med skulepengar i 2023, men 70 millionar kroner er alt føreslege fjerna i budsjettet. Kanskje klarer vi å hente inn om lag 300 millionar i 2024, men det vert ikkje eit positivt resultat.

Det som kjem til å vekse, er derimot byråkratiet, trur Rice.

– Kvart universitet må innføre eit byråkrati for å krevje inn pengane. Det er heilt crazy. Kanskje vil vi også måtte opprette stipend til dei som ikkje har råd til å kome.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Historia om Gilles Andruet (1958–1995) er ein gjengangar i «true crime»-sjangeren.

Frå sjakkverdaKunnskap

Lagnaden til minnemeisteren

Fekk han eit rom for natta, vart senga og golvet straks dekte av appelsinar, appelsinskrell, klede og sovjetiske sjakkblad.

Atle Grønn

Å rekna nautiske mil med passar og rullelinjal, er det nesten ingen som gjer lenger.

Foto: May Linn Clement

KunnskapFeature

Vegen til båtførarkortet

Kva må til for å kunna føra store fritidsbåtar i høg fart?

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis