JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtdanningSamfunn

Barnehageappen er ikkje berre ein leik

Det er skule- og barnehagestart, og mange får endå ein kommunikasjonsapp i fanget. Statsvitar og sosiolog Karoline Jangård Selliseth forskar på korleis appen påverkar forholdet mellom dei tilsette og dei føresette.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mange barn tar sine første steg i barnehagen. Dei føresette blir glade for å få bilde av milepælar. Men kor mykje tid skal dei tilsette bruke på digital dokumentasjon?

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

7520
20240816

Samtalen

Karoline Jangård Selliseth, doktorgradsstipendiat ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet

Aktuelt: barnehagestart – og nye digitale kommunikasjonsplikter

marita@dagogtid.no

I desse dagar får mange foreldre endå ei kommunikasjonsløysing å bale med. Spireportalen, MinBarnehage, Vigilo, MyKid... Kjært barn har mange namn.

– Kva seier du, som forskar på bruken av kommunikasjonsappar i barnehagen? Er dei kjærkomne?

– Eg har to barnehagar som case i doktorgradsarbeidet mitt. I den eine har dei valt å ikkje gå til innkjøp av ein slik app, noko som fører til at dei oftare snakkar med foreldra ansikt til ansikt. I den andre bruker dei MyKid, ein av dei mest vanlege kommunikasjonsappane i norske barnehagar. Dei tilsette som bruker MyKid, seier at når all praktisk og pedagogisk informasjon blir delt i appen, kan dei bruke tida på å snakke om meir substansielle ting når dei møter foreldra ansikt til ansikt.

– Men det finst dei som ikkje maktar eller gidd å logge seg inn, og som verken les om eller legg inn informasjon om fråvær, henting og levering, mat, klesskift, soving, bleieskift, turar og lus.

– Ja, mange har arbeidseffektivitet som mål, og skal denne bli betre, er dei tilsette avhengige av at foreldra aktivt les informasjon og gir tilbakemelding i appen. Foreldra er dessutan avhengige av å sjekke appen for å tileigne seg viktig informasjon. Avhengnaden er gjensidig. Dei tilsette seier òg at det gjeld å finne ein god balanse: Å gi for mykje informasjon gagnar ikkje kommunikasjonen, fordi det overveldar foreldra.

– Problemet med Spond, Transponder og kva anna vi har av kommunikasjonsappar, er nettopp at det kan bli for mykje informasjon, og at ein del informasjon gjeld andre enn oss sjølve.

– Dei fleste er mest opptatte av sitt eige barn og set stor pris på at barnehagen deler bilde av dei. Individorienteringa er ein interessant samfunnstendens som appbruken speglar. Dei fleste foreldra eg har snakka med, er fornøgde med at barnehagen bruker ein app, sjølv om ein del var skeptiske i starten. Som ei mor sa: «No har til og med barnet mitt blitt digitalisert.» Men dei har blitt meir positive etter kvart, særlig på grunn av bildedelingsfunksjonen.

– Det viktigaste er at ungane har det bra. Går ikkje all delinga ut over dei?

– Det eg har sett, er at krava frå styresmakter og barnehageeigarar har blitt meir og meir omfattande. God dokumentasjon kan dessutan gi eit konkurransefortrinn. I barnehagen eg har som case, har ein funksjon i appen ført til at dei tilsette må telje barna kvar halvtime. Sjølv om dei er på same staden som sist, og ingen har komme eller gått, må dei telje barna. At dei må tre ut av pedagogiske og relasjonelle situasjonar for å dokumentere arbeidet, går ut over tida saman med barna. Det er mykje som tyder på at slikt ikkje blir gjort for barnas skuld, men for foreldra.

– Og så må dei altså bruke tid på å fotografere det ungane gjer, og dele bilda i appen.

– Det kan bli eit press, det å skulle dokumentere aktivitet og trivsel gjennom bilde. Det er opp til dei tilsette kor mange bilde dei deler, men når dei først deler bilde, hender det at foreldre ber dei dele fleire. Enkelte kan bli opptatte av kor mange gonger barna deira er med på bilde, samanlikna med andre barn. I barnehagen eg har som case, valde dei tilsette å ta i bruk ein taggefunksjon, slik at foreldra berre kan sjå bilde av sitt eige barn.

– At enkelte barn ikkje kan bli tatt bilde av, gjer det ikkje mindre krevjande.

– Det finst ulike samtykke knytte til fotografering og deling, og det varierer frå app til app. Etter Vigilo-skandalen blei reglane skjerpa. Enkelte lar berre vere å dele bilde; det blir for mykje å hugse på.

– Vigilo-skandalen?

– I 2019, like før dei kommunale barnehagane i Bergen skulle følge etter skulane og innføre kommunikasjonsappen Vigilo, blei det avdekt alvorlege brot på personvernlovgivinga, og foreldre fekk tilgang til opplysningar om barn med hemmelig adresse. Dette fekk alvorlege konsekvensar for nokre av barna.

– Sånn sett burde føresette kunne velje å ikkje bruke appen, slik ein kan la vere å bruke Facebook.

– Foreldra kan velje bort bildedeling, men i praksis kan dei ikkje velje bort appen, sidan all informasjonen ligg der. Dei blir «tvinga» til å bruke han.

– Det er generelt innfløkt, dette med bildedeling. Mange vil ikkje at andre vaksne skal få bilde av ungane deira. Andre synest ikkje er så nøye. Kva seier du?

– Der eg har vore, har dei ein taggefunksjon som gjer at berre foreldra til barna som er med på bildet, får bildet. Det hjelper.

– Er det greitt, etisk sett, at ungar blir fotograferte i tide og utide, ikkje berre heime, men i barnehagen?

– Det er eit interessant aspekt. For å sette det på spissen kan barna bli performers. Og det er stort sett dei glade, fine bilda som blir delte. No er ikkje eg pedagog, men statsvitar og sosiolog, med eit utanfrå-og-inn-perspektiv, men når dei tilsette skal ta bilde av barn dei samhandlar med, eller barn som held på med noko anna, trer dei ut av den pedagogiske situasjonen dei er i. Det stel merksemd. I tillegg må dei altså ha i mente at dei skal ta like mange bilde av alle, og hugse kven dei kan dele bilde av og ikkje.

– Kor mange bilde tar dei tilsette?

– Det varierer. Enkelte liker å ta mange bilde og redigere og sortere ut dei beste. Andre tar få. Dette er ikkje statleg regulert, men barnehagar har høve til å lage eigne retningslinjer. Det kan variere frå barnehage til barnehage og frå avdeling til avdeling. Det eg er opptatt av, er at barnehagelærarstudentane lærer korleis dei bruker digitale kommunikasjonsverktøy, og blir medvitne om at det kan utgjere ein stor del av arbeidskvardagen. Så langt har det vore lite av det i utdanninga. Det er viktig at framtidige barnehagelærarar får eit kritisk og nyansert blikk på appbruken.

– Kva med den andre barnehagen du har som case, der dei ikkje bruker nokon app? Har dei det kjekkare der? Eller er dei berre gammaldagse?

– Her pratar dei tilsette meir og oftare med dei føresette ansikt til ansikt, det vil seie at dei blir betre kjende. Samtidig kan det oppstå misforståingar og konfliktar, i og med at informasjonsformidlinga er meir varierande og uregelmessing. Dette kan gå ut over det pedagogiske arbeidet.

– Det er ikkje det beste for ungane, det heller.

– Noko som er positivt, er at når dei tilsette ikkje må bruke tid på å dele informasjon digitalt, får dei meir tid til barna. Det tar tid å lage «analog» dokumentasjon òg, men det blir gjort på ein annan måte, gjerne saman med barna. I barnehagen eg har vore i, lagar dei album som barna får med seg heim i slutten av kvart semester. Det pedagogiske arbeidet blir samla over tid og personleggjort, noko som kan styrke den profesjonelle autoriteten til dei tilsette. Ein kan òg argumentere for at slik dokumentasjon blir gjord for barna si skyld, og ikkje for foreldra.

– Viss du sjølv skulle velje: Ville du hatt barnet ditt i ein barnehage som bruker ein kommunikasjonsapp, eller ein som ikkje bruker app?

– Så lenge dei tilsette har eit medvite, nyansert og kritisk forhold til bruken og omfanget av han, er han eit godt og oversiktlig informasjons- og kommunikasjonsverktøy som eg ikkje har noko imot at barnehagar nyttar seg av.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar

Skam i eit sprøytestikk

Dersom regjeringa verkeleg bryr seg om kvinnehelse, kan dei starte med å gje norske barn den beste HPV-vaksinen.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn
Marita Liabø

Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Det blei teater av Brynjulf Jung Tjønns sterke og prislønte diktsamling.

Foto: Den Nationale Scene

Meldingar

Sterkt og poetisk om etnisk utanforskap

Ei enkel, framifrå framsyning om vondskapen som synest å ha bite seg fast i oss.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis