JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Uønskt i Kyiv

Tilhøvet mellom Tyskland og Ukraina nådde sist veke eit lågpunkt. Den tyske forbundspresidenten var ikkje velkomen i Kyiv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forbundspresident Frank-Walter Steinmeier under eit besøk i Litauen tidlegare i vår.

Foto: Ints Kalnins / Reuters / NTB

8920
20220422

Bakgrunn

Den tyske forbundspresidenten Frank-Walter Steinmeier vart sist veke erklært uønskt i Kyiv.

Grunnen er dei nære banda han har til Russland som utanriksminister.

Samstundes får kanslar Olaf Scholz kritikk får å opptre nølande i møte med krigen.

Tyskland

jesper@dagogtid.no

I byrjinga av påskeveka reiste den tyske forbundspresidenten Frank-Walter Steinmeier til Warszawa, og med seg i kofferten hadde han planar heilt ukjende for den tyske ålmenta. Saman med polske og baltiske kollegaer skulle han nemleg tysdag kveld krysse grensa til Ukraina. Det skulle vere eit felles signal om europeisk solidaritet med Ukraina, og reisa vart halden strengt hemmeleg på førehand.

Men den ukrainske presidenten ønskte ikkje å få besøk av Steinmeier, og han var tydelegvis interessert i å gjere eit poeng ut av avslaget. Rundt klokka halv fire tysdag melde den tyske avisa Bild at Zelenskyj hadde sagt nei til dei tyske gjestene. Fram til dette tidspunktet var det berre dei næraste rådgjevarane rundt presidentane som visste om treffet.

Trass i avslaget reiste dei fire andre statsoverhovuda til Kyiv. «Vi vil vere saman med vener som verkeleg støttar oss. Ekte vener har ein ikkje så mange av», sa president Zelenskyj på den påfølgjande pressekonferansen – eit tydeleg stikk retta mot Berlin.

«Eg var klar til å reise. Men tydelegvis, og det må eg berre ta til kjenne, var eg ikkje ønskt i Kyiv», uttalte Steinmeier kort tid etterpå.

I Berlin var ein ikkje fornøgd med dette diplomatiske spelet. Visekanslar Habeck kalla avgjerda ein «diplomatisk feil», og kanslar Olaf Scholtz var «irritert». Onsdag kveld vart han sjølv utfordra av den ukrainske ambassadøren til å dra til Kyiv.

Kyiv har ikkje kome med noka offisiell forklaring på avslaget, men det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg moglege grunnar. Ein er at ukrainarane er misnøgde med at Tyskland ikkje vil sende dei tyngre våpen eller stogge importen av russisk olje. Og så er det sjølve personen Steinmeier.

Steinmeier-formelen

På same vis som tidlegare forbundskanslar Angela Merkel har Frank-Walter Steinmeier representert den offisielle tyske Russland-lina. Han har vore stabssjef for den tyske kanslaren, utanriksminister i to periodar og er no forbundspresident. I Steinmeier treffer gamle illusjonar på politisk realitet.

Han var «rett president til rett tid», sa den tyske kanslaren Olaf Scholz om Steinmeier etter gjenvalet til presidentembetet i starten av februar. Men knappe to veker seinare var verda frå i går vekk, og kart og terreng passa ikkje saman lenger.

Steinmeier var nemleg sjølve arkitekten bak den tyske Russland-politikken dei siste to tiåra. Det var han som i august 2005 reiste til Moskva for å førebu avtalen om ein gassrøyrleidning gjennom Austersjøen – seinare kjend som Nord Stream 1. Då sjefen hans i kanslarstolen, Gerhard Schröder, kort tid seinare gjekk over til styret i det russiske gasselskapet Gazprom, meiner Steinmeier at kritikarane var misunnelege. Knapt eitt år etter Putins anneksjon av Krim tok Steinmeier som utanriksminister imot Gazprom-sjef Alexej Miller for å samtale om nye gassrøyrleidningar. Støtta til den nye leidningen Nord Stream 2 heldt han på heilt fram til invasjonen.

Mislukka

Og det er meir. Til dømes ei utsegn frå 2014 om at Nato ikkje burde «rasle med sablane» overfor Russland. Og det er bileta av dei ømme berøringane mellom Steinmeier og den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov under tryggingskonferansen i München i 2016. Dei to skal ha hatt eit godt forhold.

Til denne historia høyrer òg forsøket på ei diplomatisk løysing. I 2015 lanserte den dåverande utanriksministeren den såkalla Steinmeier-formelen, som skulle løyse striden rundt dei russiskstøtta «utbrytarrepublikkane» aust i Ukraina. Ved gjennomføringa av frie val skulle desse delane av Donetsk og Luhansk få ein friare status og lokalt sjølvstyre. Den nyvalde president Zelenskyj gjekk i oktober 2019 med på løysinga, det same gjorde Russland. Men etter politisk press og store demonstrasjonar på heimebane trekte Zelenskyj støtta si til forslaget.

«Eit fengsel», kallar Tina Hildebrandt, politisk kommentator i avisa Die Zeit, dei gamle bileta og dei gamle setningane. For Merkels vedkommande er dette eit tema for historiebøkene. Ho er ferdig med sin politiske karriere, ulikt Steinmeier – sjølv om posisjonen som tysk statsoverhovud inneber lite reell makt.

Frank-Walter Steinmeier har ofte blitt kalla ein brubyggjar. No har han sagt: «Vi heldt fast ved bruer som Russland ikkje lenger trudde på, og som våre allierte åtvara oss mot.» I byrjinga av april orsaka han mistaka og gjorde opp det han kalla «ein bitter rekneskap» over den tyske Russland-politikken dei siste tjue åra.

Udiplomatisk

Orsakinga var ikkje nok for den ukrainske ambassadøren i Berlin, Andrij Melnyk, som krev handling i staden for ord. Og handling tyder her våpenleveransar og oljeblokade.

Melnyk har vorte Steinmeiers hardaste kritikar: «For Steinmeier var og er tilhøvet til Russland noko fundamentalt, ja, heilagt, same kva som skjer», sa Melnyk i eit intervju med den tyske avisa Tagesspiegel. Han hevdar Steinmeier har knytt til seg eit «edderkoppnett» av kontaktar inn i det russiske regimet. Det er sterk kost frå ein diplomat.

I tyske medium vert Melnyk omtala som den «udiplomatiske diplomaten». På godt klingande tysk raljerer han i tyske talkshow mot tysk passivitet. På Twitter provoserer han tyske politikarar som mellom anna den tyske eksvisekanslaren Sigmar Gabriel. Melnyk er ikkje redd for å vere frekk og ironisk.

Spesielt SPD er eit ynda mål for ukrainaren. Partiet har vore ein bremsekloss når det gjeld økonomiske sanksjonar, vaklande når det gjeld våpenleveransar og til dels motvillig til å rette opp eigne feil i omgangen med Russland. Medan sentrale politikarar i Dei grøne lengst har kravd at Tyskland skal sende tyngre våpen til Ukraina, er kanslaren framleis skeptisk.

For lite for seint

«Kanslaren er problemet», sa Anton Hofreiter frå regjeringspartnar Dei grøne sist veke. Det er uvanleg harde ord frå ein koalisjonspartnar. Frå den profilerte militæreksperten i koalisjonspartiet FDP, Marie-Agnes Strack-Zimmermann, kom òg kritikk for svak leiing.

Tidlegare har Scholz lova at den som krev leiarskap av han, skal få det. Før 24. februar innebar det ein stor­offensiv mot klimagassutsleppa. Klimakanslaren, i bestemt form, skulle han verte. Så kom krigen. I lang tid heldt Scholz seg stille i båten. Med mykje patos erklærte Scholz så eit tidsskifte for europeisk politikk. Sentrale grunnliner i utanrikspolitikken vart forlatne. Plutseleg fekk kanslaren ros frå heile verda. Meiningsmålingane peika oppover.

Men kanslaren klargjorde aldri kva den tyske strategien er. Det var lovnaden om ei fornuftig finansiering av militæret. Der var våpenleveransar til Ukraina. Og det var slutten på visa for Nord Stream 2. Utover det kom ikkje Scholz med noka vidare forklaring. Merkel vart ofte kritisert for å gjere litt for lite, litt for seint. Kritikarar peiker på at det same er i ferd med å skje igjen.

Tysdag kveld kalla kanslaren inn til pressekonferanse. Her hadde han høve til å rette opp inntrykket. Den «uforståelige» kalla Süddeutsche Zeitung han i etterkant: uendelege bisetningar, ingen klare svar. Det finst grunnar til at Tyskland vegrar seg for å levere større mengder våpen, men kanslaren klarar ikkje å kommunisere dei i klartekst.

Skepsis

I debatten er det to vanlege forklaringar på kvifor Tyskland ikkje har sendt meir våpen: For det første har ikkje det tyske militæret meir materiell å levere om det skal klare å oppretthalde eiget forsvar. For det andre hevdar tyskarane at ukrainarane treng trening i våpensystema deira. Tyskland har i staden tilbode Ukraina pengar, to milliardar euro, til å kjøpe nye våpen direkte hjå tyske produsentar som Rheinmetall AG. I tillegg har dei lova å fylle hola i forsvaret til dei partnarlanda som kan levere sovjetisk militærutstyr til Ukraina. Dette er militærteknologi ukrainarane alt er kjende med. Samstundes skal tyskarane hjelpe Nederland og USA, som alt har lova tyngre skyts, med å lære opp ukrainsk militærpersonell i bruke deira våpen.

Tyskland er ifølgje eit oversyn laga av Kiel Institute for the World Economy den fjerde største gjevaren av humanitær, militær og finansiell hjelp til Ukraina etter invasjonen. Bak både USA, Polen og Storbritannia. Utanriksminister Annalena Baerbock hevdar Tyskland har donert meir militært materiell enn dei offisielt har opplyst om.

I Kyiv er ein ikkje nøgd med dei siste forklaringane til kanslaren. Ambassadør Melnyk sa i eit intervju like etter pressekonferansen at han er både «skuffa» og «bitter». Det tysk-ukrainske forholdet er framleis spent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Steinmeier var sjølve arkitekten bak den tyske Russland-politikken dei siste to tiåra.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis