JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Tysklands svarte null

BERLIN: Ein streng budsjettdisiplin pregar tysk politikk. – Koronakrisa har gjort at denne politikken er på vikande front i alle parti, seier Achim Truger, som er professor ved Universitetet i Duisburg-Essen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Saskia Esken er leiar for det tyske sosialdemokratiske partiet SPD. Då ho møtte tysk presse denne veka, handla dei fleste spørsmåla om kva som skal skje når partiet hennar har vunne valet.

Foto: Astrid Sverresdotter Dypvik

12100
20210917
12100
20210917

Politikk

redaksjonen@dagogtid.no

Ved inngangen Willy Brandt-huset, partisentralen til dei tyske sosialdemokratane, tronar eit enormt svartkvittfoto av Olaf Scholz. Han er kledd i svart dress. Den høgre handa hans kviler varsamt mot den venstre. I skulderhøgde er det plassert ein stor, raud sirkel der det står «Scholz klarar det».

Akkurat no tyder dei aller fleste meiningsmålingane på at Scholz kan klare det han har sett seg føre, som er å bli den som avløyser Angela Merkel som Tysklands kanslar.

Inne i partisentralen er det pressekonferanse. Fotografane stimlar saman når Saskia Eskin, halvparten av leiarduoen i Tysklands sosialdemokratiske parti, kjem inn i rommet. Ho er kledd i blå dressjakke og kvite joggesko. Eskin stiller seg opp på ein knallraud talarstol som er plassert framfor ein like raud vegg.

Ein populær ringrev

Då det tyske sosialdemokratiske partiet gjorde Olaf Scholz til partiets kanslarkandidat, var det mange som vart overraska. For mindre enn to år sidan tapte Scholz kampen om partleiarvervet mot Saskia Esken og Norbert Walter-Borjans, som begge tilhøyrer partiets venstrefløy.

Scholz gjer på ingen måte det. Til gjengjeld er han svært populær. Nesten halvparten av tyskarane seier at dei vil ha Scholz som kanslar. Men meiningsmålingane tyder på at berre éin av fire faktisk kjem til å stemme på partiet hans.

Scholz er Tysklands sittande finansminister og har samarbeidd godt med Angela Merkels kristendemokratiske CDU dei siste åtte åra. Før denne valkampen vakte sosialdemokratane rundt 15 prosent på meiningsmålingar. Regjeringssamarbeidet med den gamle hovudfienden på borgarleg side var slett ikkje nokon veljarmagnet.

I dag vil ei sørtysk avis vite om Eskin har lyst til å bli minister i Olaf Scholz’ kommande regjering. Eskin gir eit langt, goddag-mann-økseskaft-aktig svar.

Journalisten bed om ordet på nytt og seier at han ikkje forstår om Eskin vil bli minister eller ikkje.

– Eg kan stadfeste at du forstod kva eg sa. For eg svarte ikkje på spørsmålet ditt, svarar Eskin, og journalistane ler.

Mista 15 prosent

Same dag, nokre timar tidlegare, går Armin Laschet opp på talarstolen i Konrad Adenauer-huset. Dette er partisentralen til Tysklands kristenkonservative parti CDU. Laschet er kledd i ein gråblå dress og gråblått slips og står framfor ein vegg i akkurat same gråblå nyanse.

Før sommaren såg det meste nokså greitt ut for Laschet. Tyskland hadde vore regjert av partiet hans gjennom 16 år. Men meiningsmålingane tydde på at svært mange av veljarane på ingen måte hadde fått nok av CDU. Denne føremiddagen har Laschet invitert pressa for å presentere det han kallar eit «straksprogram».

Dei seks punkta i programmet er alt publiserte i dei største tyske nettavisene då Laschet går opp på talarstolen. Dermed er det ingen som spør kvifor Laschet først no, mindre enn to veker før valet, kom på at det å opprette eit breitt samansett utval med representantar for «næringsliv, fagrørsle og akademia» for å hjelpe tysk næringsliv til å bli klimanøytralt, har slik brennhast at det må stå i straksprogrammet. Det er heller ingen som vil vite kven han kunne tenkt seg å gi kva ministerpost.

I staden må Laschet svare på spørsmål av typen: «Kva tenkjer du sjølv at du har gjort feil i valkampen?» Laschets svar er at dette er målingar, ikkje val. Mange har framleis ikkje bestemt seg, og dessutan er det meir enn ei veke att til valdagen.

I aviskiosken utanfor partisentralen oppsummerer Tysklands største laussalsavis Bild-Zeitung situasjonen med denne framsidetittelen: «Laschet kjempar og kjempar og kjempar – men folk vil ha Olaf Scholz.»

I januar i år sa 36 prosent av dei tyske veljarane at dei ville stemme på Laschets parti. Den siste tida har fleire målingar vist 21 prosent for Laschet. Skulle valresultatet bli noko som liknar, vil det vere dårlegaste i CDU-historia. Med svært god margin.

Gapskratten i Erftstadt

Så kva er det han har gjort feil? Då Laschet vart vald til leiar for CDU, skreiv avisene at han er ein kunnskapsrik, solid politikar som står for sine prinsipp, også når det kostar. I 2015 var han ein lojal støttespelar for Angela Merkel då grenseopninga, og flyktningane, skapte eit enormt rabalder internt i CDU.

I valkampen har Laschet fått kritikk for å vere for nølande, for aggressiv, for å representere for lite fornying etter Merkel og for å svikte tradisjonen frå Merkel. Men det han framfor alt kjem til å bli hugsa for, er gapskratten i Erftstadt. Det skjedde i juli, like etter flaumkatastrofen som tok livet av meir enn 170 personar.

President Frank-Walter Steinmeier heldt tale i den hardt ramma småbyen Erftstadt, der gatene var fylte av gjørme og vrakgods. Laschet stod i bakgrunnen og lo saman med rådgjevarane sine. Opptrinnet vart fanga opp av pressefotografar. Sidan har bileta forfølgt Laschet.

Mannen med bazookaen

Av Olaf Scholz er det andre bilete som har festa seg. Eitt er frå starten av koronapandemien, då alt stengde ned. Scholz, som også då var Tysklands finansminister, sa at «dette er den bazookaen vi skal bruke for å gjere det som er naudsynt». Bazookaen var statsgjeld. Scholz sa at det i prinsippet ikkje fanst grenser for kor mykje gjeld den tyske staten kunne skaffe seg for å sikre at landet kom godt gjennom krisa. Nokre veker seinare la Scholz fram ein konjunkturpakke på 167,3 milliardar euro.

Sidan har den tyske statsgjelda auka, og auka igjen. Andre halvår i år låg ho på 2200 milliardar euro. Scholz, og den regjeringa han er ein del av, hadde fram til då halde seg strengt til det som i tysk finanspolitikk er kjent som «den svarte nullen». Det vil seie at nasjonalbudsjettet skal vere i balanse kvart år.

Når Dag og Tid spør Saskia Esken, leiar for SPD, om kva som vil skje med den svarte nullen om Scholz blir kanslar, svarar ho slik.

– Den svarte nullen er ikkje lovfesta. Gjeldsbremsa er derimot lovfesta. Landet vårt treng investeringar i infrastruktur, i grøn energi. Næringslivet treng dessutan hjelp til grøn omstilling, og kommunane våre treng store investeringar. Landet vil verkeleg merke det om vi får ein kanslar frå SPD, seier Esken.

Mange tyskarar har ein historisk tillært uvilje mot statsfinansar ute av kontroll, etter å ha lese om hyperinflasjon og økonomisk kollaps under Weimar-republikken på 1930-talet. Men den gjeldsbremsa Esken snakkar om, kom først inn i den tyske grunnlova i 2011. Bakteppet var euro- og finanskrisa. Gjeldsbremsa skal sikre langsiktig berekraft i budsjettpolitikken. Ho slår fast at maksgrensa for ny gjeld er 0,35 prosent av Tysklands BNP. Ho er streng, men altså likevel langt meir fleksibel enn den svarte nullen.

Suget etter sigarettar

Den tyske økonomien er i ferd med å ta seg opp etter nedstenginga. Ein fersk rapport frå IFO-instituttet i München slår fast at framgangen har vore raskare og kraftigare enn venta. Paraplyorganisasjonen for den tyske fagrørsla, Deutsche Gewerkschaftsbund (DGB), kallar politikken med den svarte nullen eit trugsmål mot velferd og arbeidsliv og mot klimaet.

Ytre venstrepartiet Die Linke seier han er basert på nyliberal tenking, og hevdar politikken fører til auka privatisering. Den tidlegare sosialdemokratiske politikaren Wolfgang Clement omtaler derimot den svarte nullen som ein test på ryggrada til politikarane.

Clement, som tidlegare var storrøykar, samanliknar det med å stå imot suget etter sigarettar. Åtvaringa frå Clement står å lese på nettsida til tenketanken Institut für Neue Soziale Marktwirtschaft, som er ein næringslivsfinansiert liberalistisk tenketank.

Instituttet har elles skapt oppstuss i denne valkampen med ein storstilt annonsekampanje om alle forboda dei hevdar partiet Dei Grøne vil pålegge det tyske samfunnet om dei får sjansen. Kampanjen opererte i det hårfine grenselandet mellom karikatur og fake news.

Europeisk disiplin

Achim Truger, som er professor i økonomi ved Universitetet i Duisburg Essen, seier til Dag og Tid at den svarte nullen ser ut til å vere på veg ut av politikken, uavhengig av kven som vinn valet. Og han seier det er godt nytt.

– Det er galskap å halde fast på den svarte nullen utan å ta omsyn til økonomiske konjunkturar. Koronakrisa gjer at denne politikken vil spele ei mindre rolle i tysk politikk i åra som kjem.

Han seier at alle parti, også det kristenkonservative CDU, ser både den svarte nullen og gjeldsbremsa som eit hinder, men at dei ikkje vil seie det direkte.

– Die Linke seier eksplisitt at dei vil avskaffe gjeldsbremsa. Dei grøne seier at dei vil endre regelverket, men dei seier ikkje korleis. Sosialdemokratane har det ikkje i programmet sitt, men dei snakkar om gjenreising og understrekar at den svarte nullen ikkje er grunnlovsfesta. Armin Laschet og CDU ser ut til å tenkje i liknande banar. Dei seier dei vil ha eit tysklandsfond. Andre på borgarleg side tek til orde for eit klimafond. Korleis dette skal bli finansiert, er uklart, men det ser ut til at dei opererer utanfor vanlege budsjett, seier Truger.

Tyskland har vore blant dei landa som har pressa mest på for å hindre statsgjeld i EU. Truger seier at ei endring i tysk praksis også vil få konsekvensar for EU.

– Eg trur EU vil måtte endre finanspolitikken sin. Det beste er om EU og Tyskland har likt regelverk.

I dag slår EUs stabilitets- og vekstpakt fast at medlemslanda ikkje kan ha underskot i statsbudsjettet på meir enn 3 prosent av BNP, og at den samla statsgjelda ikkje kan vere på meir enn 60 prosent av BNP.

– Det var vanskeleg å halde desse reglane før koronakrisa, og det vil bli langt vanskelegare etterpå, seier Truger og viser til at både Spania og Italia ligg an til å hamne i ein resesjon med uoverskodelege konsekvensar.

Diskusjonen om finanspakta er tilspissa i EU. Sist veke melde nettstaden Politico at finansministrane i seks nordeuropeiske land står bak eit felles initiativ for å få slutt på den koronarelaterte unntakstilstanden i statsbudsjetta til medlemslanda. Tyskland var ikkje del av dette initiativet.

– Om Tyskland endrar finanspolitikken sin, vil det vere godt nytt for heile Europa, seier Truger.

Ein snubleplan

På pressekonferansen i Willy Brandt-huset vil ein journalist vite om sosialdemokratane har ein kriseplan, i tilfelle Olaf Scholz skulle snuble i dagane før valet.

– Planen vår er å ikkje snuble, seier Esken og får på nytt latter frå journalistane.

Armin Laschet snubla i Erftstadt. Partiet Dei grøne var det største partiet på meiningsmålingar før sommaren. Men så snubla partisjefen Annalena Baerbock inn i eit samansurium av ein uanstendig oppsminka CV, rot med gamle reiserekningar og skuldingar om plagiat i den boka ho skulle bruke til å promotere seg med i valkampen.

Om sosialdemokratane ikkje snublar før valdagen, finst det rikeleg med snublesteinar for tida etterpå.

Sosialdemokratane har gått til val med eit program der dei lovar å innføre ei minsteløn på 12 euro, ta eit krafttak mot korttidskontraktar i arbeidslivet og fjerne Harz IV, ei trygdeordning som vart innført av den sosialdemokratiske kanslaren Gerhard Schröder tidleg på 2000-talet. No seier sosialdemokratane at ordninga har ført til auka fattigdom blant folk som står utanfor arbeidsmarknaden.

Scholz vil ha sterkt press på seg frå venstresida i eige parti for å gjennomføre den arbeidslivspolitikken partiet har gått til val på. Internt i SPD hevdar venstresida at den enorme framgangen for partiet kjem av at partiet endeleg gjekk til val med ein klar, raud arbeidslivs- og sosialpolitikk tilpassa ønska frå fagrørsla.

Krinsen rundt Scholz ser det ikkje slik. Dei meiner framgangen framfor alt kjem av personen Olaf Scholz.

Det er altså store sjansar for at Scholz vil støyte på mange snublesteinar i eige parti etter valet. I tillegg vil det sjølvsagt vere nye snubletrådar i eventuelle framtidige regjeringsforhandlingar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om sosialdemokratane ikkje snublar før val­dagen, finst det rikeleg med snublesteinar for tida etterpå.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis