JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Tysk paradigmeskifte

Krigen i Ukraina har gjort slutt på 77 år med tysk pasifisme og ein ukritisk energipolitikk. Tyskland vil ta ei leiande rolle i Europa framover.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den tyske kanslaren Olaf Scholz i eit møte med det nasjonale tryggingsrådet.

Foto: Pool / Reuters / NTB

7946
20220311

Zeitenwende

I ein historisk tale kunngjorde Olaf Scholz for to veker sidan grunnleggjande endringar i tysk utanrikspolitikk.

I talen tok han eit oppgjer med tysk pasifisme, ein handelsbasert utanrikspolitikk og den forsonlege lina overfor Russland.

Samstundes slit tyskarane med å frigjere seg frå russisk energiimport.

Kjelder: Die Zeit, Der Spiegel, German Marshall Fund

Tyskland

jesper@dagogtid.no

Torsdag 24. februar 2022. Russland har nett gått til åtak på Ukraina, og omverda leitar etter ein reaksjon. I Berlin kjem ein krins med kanslarens næraste støttespelarar saman for å planleggje den tyske reaksjonen på Putins krigshandlingar. Dei skal «tenkje det utenkjelege», som interne kjelder seinare skal seie. Resultatet vert det kanslaren seinare same helg kallar eit «tidsskifte» i den tyske utanrikspolitikken.

Nesten heilt åleine skal krinsen rundt kanslaren planleggje den største vendinga i tysk utanrikspolitikk sidan krigen. Militær opprusting, slutt på den forsonande lina overfor Russland, og våpenleveransar til eit område i krig. Dei grove trekka er diskuterte med opposisjonsleiar Friedrich Merz og leiarane av koalisjonspartia på førehand. Men ikkje eingong utanriksministeren eller visekanslaren vert varsla om dei 100 milliardane euroane ekstra til forsvaret, før dei sit i forbundsdagen og høyrer kanslaren tale. Det er eit overraskingstrekk.

Med ei så stor avgjerd er det overraskande at ingen debatt rundt temaet har kome riktig i gang. På grasrota i både SPD og Die Grünen er det misnøye å spore – men sett frå utsida er rekkjene slutta. «Det liberale demokratiet er ikkje eit stridsforbund», åtvarar Lenz Jacobsen, politikkredaktør i Zeit Online. Same kor riktig avgjerda om å ruste opp er, er det like viktig å ta vare på motstemmene. I eit demokrati er det viktigare med meiningsbryting enn å sverje truskap. Jacobsen åtvarar mot ein direkte overgang frå tysk fredsnaivitet til intellektuell mobilisering.

Tidsskifte

Tre dagar etter at krigen i Ukraina tok til, kallar den tyske forbundsdagen inn til hastemøte. Det høyrer med til konteksten at Putin nett har sett atomkapasiteten i alarmberedskap. Frå talarstolen skal kanslaren kunngjere den utanrikspolitiske vendinga.

Difor har han tatt med seg sterk retorisk skyts. Han opnar talen med å seie at Putins overfall på grannefolket markerer eit «tidsskifte» i europeisk historie. I løpet av den neste halvtimen skal han gjenta omgrepet fem gonger. Det er sjølve symbolet på det paradigmeskiftet han no skal innleie. Våpen til Ukraina, fridom frå russisk energi og 100 milliardar euro til det tyske forsvaret. På kort tid skal fleire heilage kyr i den tyske utanrikspolitikken slaktast etter tur.

Olaf Scholz skal tilby tysk leiarskap med «Europa som handlingsramme». På kennedyaktig vis seier han: Spør ikkje kva du kan gjere for landet ditt, men kva du kan gjere for heile den europeiske unionen. Kanslaren lovar alliansepartnarane at Tyskland skal ta sitt ansvar i åra som kjem. Ikkje minst militært.

Opprusting

Størst er plateforskyvingane nemleg i tryggleiks- og forsvarspolitikken. I 30 år har tyske forsvarsbudsjett lege på om lag 1,3 prosent av BNP – langt under forpliktingane i Nato-samarbeidet. I åra framover skal det tyske forsvarsbudsjettet gå «langt utover 2 prosent». Berre i år skal det kome ei utbetaling på 100 milliardar euro.

Til samanlikning: Det noverande forsvarsbudsjettet ligg på om lag 50 milliardar euro. Regjeringa forpliktar seg i tillegg til atomforsvaret og innkjøp av væpna dronar – omstridde tema hjå både dei grøne og sosialdemokratiske koalisjonspartnarane.

Om ein klikkar seg inn på videoen av talen, kan ein høyre fleire gisp i salen då kanslaren ramsar opp tiltaka. I etterkant kan ein sjå hektisk famling med mobiltelefonar og raske tomlar blant dei folkevalde. Ikkje berre av di 30 år med utanriks- og tryggingspolitisk historie er vekke i løpet av ein føremiddag. Ut vindauget går òg gamle partipolitiske sanningar. I den nye verda etter Putin er verken sosialdemokratane eller dei grøne pasifistar lenger.

Denne haldningsendringa har lenge vore i emning. Alt i 1999 var det nettopp dei raudgrøne partia som sprang over gamle skuggar då dei vedtok å sende soldatar til Kosovo. I fjor var visekanslar Robert Habeck på besøk i Ukraina. Då kravde han at Tyskland skulle sende «defensivvåpen» til landet – til stor misnøye internt i partiet.

I SPD har leiande utanrikspolitikarar den siste tida vist til at til og med fredsprisvinnaren Willy Brandts forsoningspolitikk var basert på eit sterkt militær. Under heile hans tid i kanslarstolen låg forsvarsbudsjettet på langt over 3 prosent av BNP. «Kvar tid krev eigne svar», sa Brandt ein gong. Hans tid kravde forsoning og nedrusting. Men sist Europa var i storkrig, måtte Brandt flykte til Noreg.

Energitryggleik

Sjølv om den nye utanrikspolitiske identiteten er det mest slåande ved Scholz’ tale, er den største utfordringa for Tyskland nett no den energipolitiske situasjonen i landet. I fleire år har tyskarane gjort seg avhengige av russisk energiimport. 55 prosent av gassen og 42 prosent av oljen kjem frå det austlege landet. I alt kjem ein fjerdedel av det tyske energiforbruket frå Russland, og meir skulle det bli. Overgangen til ei klimanøytral energiforsyning skulle plastrast med gass – billeg importert gjennom to røyrleidningar i Austersjøen.

Scholz lovar difor å byggje nye terminalar for flytande gass i Brünsbüttel og Wilhelmshaven. Desse skal i framtida også kunne ta imot grøn hydrogen. Men utbygginga kjem til å ta tid. Og det kjem langt ifrå til å vere nok.

Meir oppsiktsvekkjande var det difor at visekanslar og næringsminister Robert Habeck frå partiet Dei Grøne uttalte at han no legg «ideologiske føringar» i energipolitikken til side. Mange har tolka det som eit hint om at dei siste atomreaktorane får halde på litt til. Men det kan vise seg å verte vanskeleg. For berre tre reaktorar står igjen, og dei skal av nettet ved utgangen av året. Selskapa bak er ikkje førebudde på å drive vidare, og dei manglar både brennstoff og personale. I tillegg skal det vere høg risiko knytt til å drifte kraftverka vidare.

Difor har planen om å fase ut kolkrafta til og med år 2030 fått eit tjukt spørsmålsteikn bak seg. Vattenfall har alt kunngjort at dei inntil vidare stansar planane om utfasing av kolkraftverket i Moorburg. Næringsministeren er open for å la kolkrafta halde fram ein stund til. I det minste i reserve. Fordelen med kol- kontra atomkraftverk er at dei relativt lett kan verte skrudde av og på. Atomkraft krev lang tid med planlegging og kontinuerleg vedlikehald.

Paradoksalt nok kan krigen i Ukraina få dei tre koalisjonspartia til å rykkje nærare saman. Plutseleg set den grøne visekanslaren forsyningstryggleiken framfor klimamåla, og den liberale finansministeren kallar fornybare energikjelder «fridomsenergi». Tysdag vart dei samde om å bruke 200 milliardar euro på klimatiltak fram til 2026. Klima- og energipolitikken har vorte eit spørsmål om nasjonal tryggleik.

Krigskanslaren

For ein månad sidan trenda emneknaggen #WoistOlaf? på Twitter, i lag med bilete som likna bileta i barnebokserien Hvor er Willy?. I staden for den høgreiste mannen i raudstripa genser var det kanslaren sjølv som hadde forsvunne i menneskemengder rundt om. No har den «mumlande kanslaren» byrja å leie i staden. 56 prosent av tyskarane seier at dei er fornøgde med arbeidet han gjer. Og på éi veke har regjeringa gått opp 14 prosent på meiningsmålingane.

«Vi har vakna til ei ny verd», sa den tyske utanriksministeren, Annalena Baerbock, morgonen etter det russiske åtaket på Ukraina. Tysk politikk er på full fart inn i ein ny tidsepoke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nesten heilt åleine skal krinsen om kanslaren planleggje den største vendinga i tysk utanrikspolitikk sidan krigen.

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis