JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Tyrkisk kaos

Tyrkia-forskar Siri Neset trur at om Recep Erdogan taper det komande valet, vil han gje frå seg makta. No er han meir upopulær enn nokon gong før.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Om vel eit år er det val i Tyrkia. Meiningsmålingane kan tyda på at president Recep Erdogan og partiet hans, AKP, taper valet. Kva gjer Erdogan då?

Foto: Murat Cetinmuhurdar / Reuters / NTB

5095
20211029

Samtalen

Siri Neset

forskar ved Chr. Michelsens Insitutt i Bergen

Aktuelt

Recep Erdogan har utvist og ikkje utvist ti ambassadørar

jon@dagogtid.no

Ti ambassadørar i Tyrkia, inkludert den norske, har offentleg kravd at Tyrkia og president Recep Erdogan set fri den Paris-fødde aktivisten Osman Kavla, som har sete fengsla utan dom sidan 2017. I helga kom svaret frå Erdogan. Han kravde at alle desse ambassadørane, inkludert dei frå Skandinavia, Tyskland og USA, leverte inn papira sine og drog frå landet.

No har han snudd. Men det har han ikkje gjort i rentepolitikken. Inflasjonen går opp, og den tyrkiske lira ned. Då seier lærebøkene at renta må opp. Men Erdogan sparkar kvar sentralbanksjef som set opp renta. Siri Neset er forskar ved Chr. Michelsens Institutt i Bergen.

– Kvifor snudde Erdogan i ambassadørsaka?

– Realismen slo inn. Han såg at han ikkje kunne skapa fiendskap med både EU- og Nato-allierte. Eg vil seia at det er tre faktorar her: Den eine er realpolitikk. Det ville kosta for mykje økonomisk å utvisa heile ti ambassadørar frå land som trass alt står Tyrkia nær. Det siste han treng, er auka økonomiske problem. Økonomien er meir enn dårleg nok som han er. Det andre er at han møtte stor motstand frå byråkratiet, særleg utanriksdepartementet, men også dei næraste rådgjevarane hans var imot. Og for det tredje vart ikkje saka presentert som eit tap. På framsida av mange aviser og på plakatar over heile landet står fylgjande. «Takk, Erdogan! Med éi setning tvinga du ti land i kne.»

– Fantastisk propaganda.

– Ja, sånn vert det ramma inn. Saka må forståast som innanrikspolitikk. Han treng ein siger. Opposisjonen har kritisert han kraftig og kalla det heile ein avleiingsmanøver, noko som tek merksemda bort frå den dårlege økonomien. Så kan ein lura på kva intensjonen var bak denne offentlege protesten frå dei ti landa. Det var ikkje dette at ambassadørane kravde Kavla frigjeven, som var fornærminga, det kravet har Erdogan møtt ofte. Det var det at oppropet var offentleg, som var uheldig. Det går føre seg ein debatt om oppropet faktisk var eit brot på artikkel 41 i Wien-konvensjonen – den som seier at ambassadørar ikkje skal blanda seg inn i interne tilhøve.

– Oppropet hjelpte vel ikkje nett Kavla heller?

– Nei, det kan du definitivt seia. Men så lenge eg ikkje kjenner til bakgrunnen for oppropet, skal eg ikkje seia at det var eit mistak. Vi vantar ei grunngjeving frå Utanriksdepartementet.

– Men dette med rente, er det noko med islam her, som seier at renter er forbode?

– Nei, men det er ikkje heilt lett å forklara Erdogans syn på økonomi. Han har ei anna oppfatning enn det som står i lærebøkene. Den økonomiske modellen til AKP er at dei skal fremja økonomien til servicesektoren, bygg- og anleggsbransjen og varehandelen. Desse sektorane produserer ikkje varer sjølve; dei kjøper og sel. Dei kjøper varer på kassakreditt, og dimed vert ekstrakostnaden ved høgre rente reflektert i prisen på varene. Dimed trur Erdogan at det er denne mekanismen som driv inflasjonen, og difor ynskjer han ikkje å auka rentene.

– Men når han er vorten såpass upopulær, kan vi rekna med at presidentvalet vert fritt?

– Tyrkarane er særs opptekne av demokrati og frie val. Dei vil ha røysteretten, og dei vil at deira røyst skal verta høyrd. Vi såg det i lokalvalet sist. Det var ein hard kamp særleg i Istanbul. Då Erdogans parti, AKP, tapte valet i fyrste runde, sa Erdogan at valet ikkje hadde gått rett føre seg. Men så tapte han endå meir i andre runde. Han tapte både Istanbul, Ankara og ei rekkje andre storbyar. Tapa gjekk sterkt inn på Erdogan.

– Difor kan det komande presidentvalet verta ufritt eller avlyst?

– Eg trur det vert val, og eg trur at om opposisjonen på eit eller anna vis vinn, vert det ei maktoverføring. Men det vi lyt fylgja med på no, er om det kjem forbod mot visse parti, endringar i vallovene eller liknande. Slike endringar må koma seinast eitt år før valet, så tida for Erdogan er kort. Vi veit ikkje kva han kan finna på framover. Men eg trur ikkje det tyrkiske folket godtek juks. Tyrkia er ikkje Russland. Dessutan kjem det truleg til å verta samtalar med opposisjonen bak lukka dører. Mange er opptekne av at Erdogan skal stillast til ansvar for det han har gjort. Sannsynlegvis vil det gå føre seg ei forhandling rundt Erdogans posisjon, skulle han tape valet.

– Han har vore særs splittande?

– Ja. Det som er spanande no, er at både han og AKP tapar oppslutning. Men dei veljarane han taper, går ikkje til opposisjonen. Dei set seg på gjerdet. Dei veit ikkje kva dei vil. Tyrkisk politikk er ikkje lenger delt mellom ei liberal og ei konservativ side. Politikken er delt etter for eller mot Erdogan. Dei som har røysta på han før, er no i villreie. Det er røysteplikt i Tyrkia, men ein får ikkje bot om ein ikkje deltek. Det vert interessant å sjå kvar gjerdesitjarane hamnar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg trur ikkje det tyrkiske folket godtek juks. Tyrkia er ikkje Russland.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis