Utanriks
Trump i Arizona
Laurdag 15. januar samla Donald Trump tilhengjarane sine til det første massemøtet i år. Her følgjer eit utdrag av talen han heldt i Florens.
Tidlegare president Donald Trump lagar ei mine medan han heldt tale i Florens i Arizona 15. januar i år.
Foto: Carlos Barria / Reuters
Opninga nytta Trump til å peike på den store folkemengda som møtte opp, og at fake media ikkje vil interessere seg for det:
«Eg elskar Arizona, vi hadde eit fabelaktig val her som vart teke frå oss. Godt nytt år til alle! Vi får eit stort år i år.
I fjor hadde vi eit svindelval, og provet er overalt, vi har mange prov, og dei veit det er prov, dei snakkar om den store løgna. Der er den store løgna (peikar mot pressefolka). Fake news er i dei lamma mainstream-media, dei nektar, dei nektar, dei nektar å snakke om det. Og det er ikkje underbygt, stor løgn, stor løgn, bullshit, det er det det er! (Jubel) For dei er i lomma på dei radikale venstredemokratane, dei same personane som vil øydeleggje landet vårt, øydeleggje landet. Og vi har hatt meir øydelegging det siste året enn under dei siste fem presidentane.
På toppen av alt blir folk forfølgde for å ha brukt talefridomen. Dei snakkar om det uheiderlege valet. Meir og meir informasjon kjem ut, mykje verre enn nokon nokon gong hadde tenkt seg at det kunne vere. Og det er mykje lettare for meg å gå ut og nyte livet og seie: Veit du kva? Eg stilte som presidentkandidat to gonger, og vi vann to gonger, med enda større siger andre gongen.
Vi gjorde det mykje betre andre gongen, med 12 millionar fleire røyster. Eg seier vi vann to gonger, og vi gjorde det mykje betre andre gongen. Denne folkemengda er eit massivt symbol på kva som skjedde, for folk hungrar etter sanninga. Dei vil ha landet sitt attende, eit vakkert land som pla ha rettferdige val. No er vi til latter for heile verda av mange grunnar. 2022, trass i at det så langt har vore ein total katastrofe for dette landet, skal bli eit år for denne store staten, eg elskar denne staten, elskar denne staten, den store staten Arizona.»
Trump introduserer guvernørkandidaten Kari Lake, som seier nokre ord:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.