JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Toreskyer og regnbogar

Det er turbulente tilhøve mellom USA og Kina. Å unngå at ting vert verre, har blitt definisjonen på suksess. Det er urovekkande. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein regnboge er synleg over flyet som tek den amerikanske finansministeren Janet Yellen til det kinesiske vertskapet. Beijing internasjonale lufthamn, torsdag 6. juli 2023.

Foto: Mark Schiefelbein / Reuters / NTB

12659
20230714

Statsbesøk

6. juli landa finansminister Janet Yellen i Beijing for å diskutere USA og Kinas økonomiske forhold. 

I juni var USAs utanriksminister Antony Blinken på besøk og møtte mellom andre president Xi Jinping. 

Besøka kjem nesten eitt år etter Nancy Pelosi vitja Taiwan, noko som førte til sterke reaksjonar frå Kina si side.

Geopolitikk

magnus@dagogtid.no

Då USAs finansminister Janet Yellen landa i Beijing førre fredag, vart ho møtt av ein smilande representant frå finansdepartementet i Kina som peikte på ein regnboge. Yellen var i Beijing for å ha samtalar med Kinas økonomiske leiarar om handel, økonomi og teknologisk konkurranse.

På eit av møta uttalte Kinas statsminister Li Qiang at regnbogen kan gjelde for Kina–USA-forholdet òg: «Etter ein periode med vind og regn er det sikkert at me vil sjå ein regnboge.» Men det blir feil å tolke besøket til Yellen som eit teikn på ei monaleg betring i forholdet mellom landa.

Forholdet har blitt så dårleg dei siste åra og forventingane var så låge at berre det å få på plass eit møte med lange og konstruktive samtalar vart ein suksess. The Global Times, ei partistyrt avis i Kina, bruker nok ein metafor for å skildre stoda: Fleire moment ved møtet «har gjeve omverda nokre positive forventingar. Men desse forventingane er som eit stearinlys i vinden, svakt og usikkert».

Kva er drivkrafta bak dei økonomiske og militære spenningane mellom landa i dag? Me har diskutert dette med ekspertar frå Australia, Singapore og Noreg.

Handelsstrid

I 2018 starta dåverande president Donald Trump det dei har kalla ein trade war, ein handelskrig, med Kina. Handelsstriden kom i kjølvatnet av fleire år med frustrasjon i USA over det dei meiner er urettvis kinesisk handelspraksis og valutapolitikk. Trump innførte tollavgifter på ei rekke kinesiske produkt. Kina svarte med same mynt. President Biden har halde fram med Trumps politikk overfor Kina. Korleis har denne handelskrigen gått fram til no?

– Effekten av tollavgiftene har vore annleis enn det amerikanarane håpte på. Dei ville bruke tollar til å redusere handelsunderskotet sitt. Det har ikkje skjedd. Underskotet har faktisk vakse, seier Warwick Powell, professor ved Queensland University of Technology i Australia og styreleiar i to handels- og teknologiselskap. 

Medan USAs handelsunderskot med omverda har auka monaleg sidan 2019, gjekk underskotet mot Kina ned mellom 2018 og 2020, før det i 2021 og 2022 byrja å vekse tilbake mot 2018-nivået. I 2018 var USAs varehandelsunderskot mot Kina på omtrent 417 milliardar amerikanske dollar, nesten like stort som heile Noregs bruttonasjonalprodukt same året.

Sjølv om handelskrigen har ført til endringar i samansetninga av handelen mellom USA og Kina, er dei framleis kvarandre sine største handelspartnarar (om ein ser på enkeltland og ikkje handelsblokker som EU). I fjor var den totale varehandelen mellom landa verd om lag 690 milliardar dollar, meir enn nokon gong tidlegare.

Konkurranse

Amerikansk politikk er prega av skarp polarisering på mange område, Kina er ikkje eit av desse. Sidan Joe Biden vart president, har den amerikanske kongressen klart å bli samde om fleire lover og tiltak for å konkurrere med Kina. Eit godt døme på dette er «CHIPS and Science»-lova, som tredde i kraft i august i fjor. Lova gav fleire hundre milliardar dollar til å styrke USAs evne til å konkurrere med Kina på halvleiarar, dei viktige mikrochipane som nesten all datateknologi er avhengig av.

I oktober i fjor innførte USA eksportkontroll på avansert data- og halvleiarteknologi. Det innebar at selskap må søke om løyve til å eksportere denne typen teknologi til Kina. Dette er for å hindre at Kina får tilgang til leiande teknologi dei kan bruke til militære formål.

USA har også lagt press på allierte for å få dei til å ta tilsvarande grep. Det stod truleg bak den nylege avgjerda til Nederland om å innføre eksportrestriksjonar på visse typar halvleiarutstyr. Berre nokre dagar etter at Nederland kunngjorde tiltaket, innførte Kina tilsvarande eksportrestriksjonar på sjeldne metall som vert brukte til å lage halvleiarar.

– Kina har svart på fleire måtar. Ein av dei er å styrke utviklinga av eigen produksjonskapasitet, slik at dei er mindre utsette dersom nokon vil avgrense tilgangen deira. Kina har også innleidd ei klagesak om eksportrestriksjonane i Verdshandelsorganisasjonen (WTO), ettersom dei meiner tiltaka strir mot ei rekke WTO-reglar, seier Powell.

«Ikkje på mi vakt»

Den økonomiske rivaliseringa og eksportrestriksjonane var diskusjonstema under Yellens møte med dei kinesiske motpartane sine. Yellen peikte på den nye handelsrekorden mellom landa i 2022 og uttala at det tydde på at «det er rikeleg med handlingsrom for våre firma til å drive med handel og investering». Er dette eit lovande teikn? Warwick Powell er skeptisk:

– Mange av dei som følgjer med på slike møte, fokuserer på detaljar, slik som forventingar, kvar folk sit ved bordet, kvar Yellen åt lunsj, om ho brukte kinesiske etepinnar, og så vidare. Eg trur ein må sette alt dette i ein større kontekst. Det er Joe Biden som har lagt rammene for den amerikanske politikken overfor Kina, og Bidens regjering har på mange måtar ført vidare politikken til den førre regjeringa, som igjen går tilbake til Obamas «vending mot Asia». USAs ståstad overfor Kina er med andre ord resultatet av ei lang utvikling. I mars 2021, ikkje lenge etter han vart innsett som president, var Biden tydeleg på at han ikkje ville la Kina bli verdas fremste land medan han var på vakt, seier Powell.

I ytringa Powell viser til, seier Biden følgande:

– Kina har eit overordna mål – eg kritiserer dei ikkje for målet – om å bli det leiande landet i verda, det rikaste landet i verda og det mektigaste landet i verda. Det kjem ikkje til å skje på mi vakt.

– I styringsperioden hans har dette vore det overordna målet, så alle besøka har gått føre seg i ein kontekst der dette målet har vore gjeldande. Derfor er sjansen svært liten for at desse diplomatiske møta vil føre til store endringar i politikken. Med mindre den overordna politikken vert endra, kjem veldig lite til å endre seg, forklarer Powell.

Han legg til at Biden opererer i eit innanriksmiljø der han har avgrensa handlingsrom.

– Kvart einaste retoriske mistak vil gjere at han vert kritisert for veikskap, noko som til og med har skjedd med desse besøka frå utanriksminister Blinken og no Yellen.

– Mange legg likevel vekt på at kommunikasjon er naudsynt for å kunne handtere moglege kriser og misforståingar, er ikkje det viktig?

– Jo, ifølge Winston Churchill er «jaw, jaw» betre enn «war, war» (ordstrid er betre enn storkrig). Men det faktum at me i dag har eit forhold som er alt anna enn koseleg, trass i mange år med snakking, er sannsynlegvis eit teikn på at kommunikasjon aleine er eit utilstrekkeleg grunnlag for å unngå konflikt.

Styrkebalanse

Handelskrigen mellom USA og Kina har skapt oppstyr, men han vert overskygga av dei militære spenningane mellom landa. Når USA innfører eksportrestriksjonar på høgteknologi, er det med Folkets frigjeringshær i tankane, ikkje Huawei.

Ifølge Henrik Stålhane Hiim, førsteamanuensis ved Institutt for forsvarsstudium og leiar av Senter for internasjonal tryggleik, er det maktforskyvinga i favør av Kina dei siste ti åra som er den grunnleggande drivkrafta bak spenningane ein ser i dag.

– Styrkebalansen har sakte men sikkert flytta seg i Kinas favør. Om ein går tilbake til krisa i Taiwansundet i 1995 og 1996, då var styrkeforholdet slik at amerikanarane kunne segle to hangarskip i området rundt Taiwan, og det var ingen verdsens ting kinesarane kunne gjere med det. No er det heilt annleis. Å operere rundt Taiwan har ein mykje større risiko, særleg for den amerikanske marinen. Maktbalansen er svært endra. Det er framleis eit ope spørsmål korleis ein konflikt ville utspelt seg. Det er ingen som kan seie med nokon tryggleik kven som vil vunne, i den grad nokon hadde vunne i ein slik konflikt, seier Hiim.

Kina ser på amerikanarane som den store trusselen og føler seg pressa av USAs nærvær langs sør- og austkysten. USA har mange militærbasar og allierte i området, frå Filippinane og Singapore i sør til Sør-Korea og Japan lenger nord. Hiim forklarer at fokuset på kystområda har gjort at Kina har prioritert sjøforsvaret, luftforsvaret og dei strategiske rakettstyrkane på kostnad av hæren. Den militære oppbygginga har overraska fleire.

– Om me går 10 eller 20 år tilbake i tid, trur eg ikkje det er mange som hadde sett føre seg at ein skulle fått den formidable oppbygginga me har vore vitne til. At Kina no har verdas største marine målt i talet på fartøy, at dei har klart å bygge eit avansert luftforsvar, det var ikkje gjeve for 10 eller 20 år sidan, seier Hiim.

USA og Kina er no inne i ein vond tryggingssirkel, eit kjent mønster i internasjonal politikk. Ein part gjer noko og hevdar det er ein reaksjon på noko den andre har gjort, motparten svarer med same mynt, og slik held dei fram medan begge vert mindre trygge.   

Det er ikkje til å kome vekk frå at det er USA som styrker det militæret nærværet sitt i Kinas nærområde, og ikkje omvendt. Det er heller ikkje til å kome vekk frå at Kina definerer og forsvarer sine interesser på måtar som går utover nabolanda.

Syn på kvarandre

I samsvar med forverringa av forholdet har innbyggjarane i landa også fått eit meir negativt syn på kvarandre. Adam Y. Liu, professor ved Det nasjonale universitetet i Singapore, har forska mykje på folkeopinionen i Kina. Han seier til Dag og Tid at kinesarar sitt syn på USA har blitt mykje verre sidan 2020. Han og kollegaer tenker seg at dette kjem av Trumps politikk og retorikk, ikkje rivaliseringa i seg sjølv. Har folkeopinionen nokon innverknad på kinesisk utanrikspolitikk?

– I kva grad folkeopinionen i Kina påverkar utanrikspolitikken, er vanskeleg å kvantifisere, det same gjeld USA. Men me veit at staten i Kina følger nøye med på folkeopinionen på internett, og andre forskarar har vist at «mektige patriotar» speler ei viktig rolle og kan påverke kinesisk utanrikspolitikk. Innverknaden går begge vegar, styresmaktene ønsker å påverke folks meiningar og vert til tider sjølv påverka, seier Liu.

Amerikanarane sitt syn på Kina har også blitt verre dei siste åra. I 2017 synte ei meiningsmåling frå Pew Research Center at 44 prosent av amerikanarane hadde eit positivt syn på Kina. I 2020 hadde meir enn to tredelar eit negativt syn, og i dei følgande åra har talet auka. Amerikanarane sitt kritiske syn på Kina gjer at politikarar konkurrerer om å framstå som harde mot Kina. Det gjer det vanskelegare for amerikanske politikarar og diplomatar å forhandle med Kina.

– Vil folkeopinion spele ei viktig rolle i forholdet mellom Kina og USA framover?

– Ja, som alltid. Men igjen, begge sider må handtere Taiwan godt dei neste åra. 2024 er valår i både USA og Taiwan. 2027 er hundreårsjubileum for grunnlegginga av Folkets frigjeringshær og same året vil den 21. partikongressen i Kina samlast. Big moments, seier Liu.

Uro og von

Warwick Powell, Henrik S. Hiim og Adam Y. Liu får alle same spørsmål: Kva uroar deg og kva gjev deg von for forholdet mellom Kina og USA? Powell er mest bekymra for at USA vil presse for hardt mot Kina og provosere fram ein konflikt. Han håpar at USA tek meir oppgjer med eigne problem innanriks og vert ei meir ansvarleg stormakt. Powell meiner det også vil vere ei utfordring å kontrollere dei delane av Kinas samfunn som har ein tendens til å reagere emosjonelt i utanrikssaker.

Det som uroar Hiim, er at det kan oppstå ei utilsikta hending.

– Eg er uroa for at det til dømes skjer ein kollisjon mellom to fly eller sjøfartøy i område nær Kina. Den typen hending har skjedd før. I 2001 var det eit amerikansk og eit kinesisk fly som kolliderte. Den gongen klarte ein å handtere det, men eg er ikkje overtydd om at det hadde vore like enkelt i dag, no som det er meir anstrengt og spenningane er høgare.

Når det gjeld håp, er han meir nølande.

– Eg har ikkje nokon sterke forhåpningar om at spenningane kjem til å roe seg framover. Likevel synest eg det har vore nokre teikn til at begge sider er medvitne om at ein er nøydd til å handtere konkurransen på ein måte som ikkje eskalerer ut av kontroll, og at ein er nøydd til å etablere kommunikasjonskanalar slik at ein kan handtere hendingar dersom, eller nesten når, dei oppstår, seier Hiim.

Liu er kortfatta:

– Von: mellommenneskeleg kontakt har sakte byrja igjen, og det er viktig, som forsking på sosial kontakt viser. Uro: Taiwan.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Cecilie Hellestveit

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis